onsdag 29. februar 2012

Medsjøpadling i mørket

Sygni var gira. Eg let meg overtale. Det høyrdes ut som ein god ide å legge ut frå sentrum med vinden i ryggen og suse innover Ellingsøyfjorden.
Jugendstil og glassfiber kler kvarandre godt

Oppvarming i Brosundet

Ut i Moljegapet skvalpa det litt. Vi runda kaia og kom oss på rett spor, med vind (meldt 10 m/s) og bølgjer i ryggen. Det var skvalpete og utfordrande. Når vindrossene kom så fauk vi avgarde innover. JUHUUU! Eg sleit litt med balansen, og turde ikkje heilt å padle på. Eg kunne nok fått meg mange fleire surfar innover. Sidan planen med å suse innover Ellingsøyfjorden i stor grad vart realisert så vart det ikkje bilde frå denne delen av turen. Sygni var strålande nøgd med Romanyen, livet og verda generelt. 

Ingen av oss velta, og etterkvart vart det rolegare. No kunne vi prate og padle litt folkeleg. Akkurat her er det ikkje så mykje spenannde å sjå, så det vart ikkje bilde frå denne delen av turen. 

Frå Nørvesundet og austover fekk vi att sørvesten, men no frå sida. Skumringa kom fort og vi tok fram hovudlykter og lys. Fjorden var framleis skvalpete, men bølgjene var mindre. Vi tok den trygge varianten, og padla langs land til Olsvika der vi landa i ein passeleg hage. Sidan det var mørkt, skvalpete og på grensa til skummelt så vart det ikkje bilde frå denne delen av turen heller. Folka i hagen vart så imponerte at dei køyrde oss heim att. 

Dette var ein kanonbra kveldstur, der vi verkeleg fekk prøve oss. 
Det er noko heilt anna å padle i mørket. Balansen får verkeleg teste seg. Med ujamn vind og skiftande bølgjemønster vert det utfordrande. Det er godt å ha prøvd litt i kontrollerte forhold, tilfelle vi bommar oss på planlegging og gjennomføring av tur i ein reell situasjon. 
Konsekvensen ved velt hadde vore maks 5 minutt i sjøen før vi rekte i land.   

Turen vart 13 km 

lørdag 25. februar 2012

Veirahaldet (1206 moh)

Den som ventar på noko godt...... Etter lang lunsj og gjennomlesing av 2008 og 2009 -årgangane av "Fri Flyt" og "UTE" i varmestova på Ørsta Skisenter letta skodda bittelitt! Vi var snare i snuen og sette avgarde. No blir det tur!!

Første bakken gjekk med skitrekk (lettvint ja!), men resten måtte vi labbe sjølv. Her går vi opp "Nottane" - neste skitrekk som var stengt. Greit å halde seg til landemerke til vi var heilt sikre på at skodda letta skikkeleg.

Det dukka opp magiske toppar på alle kantar - her er det Skårasalen som viser seg fram.

Trekket "Nottane" og Snøhornet

I fint driv i bakkane...
Foto: Trude

Eg var full av respekt etter rasinspeksjonen tidlegare på dag. Her oppe var det eit anna føre; hard skare under ca 15 cm pudder. Eit par minusgrader i snøen og nesten vindstille. På sjølve fjellet hang det skavlar på kantane. Eg kjente det kribla litt i magen sjølv om vi held god avstand. Vi gjekk i spora til ein lokal fyr som etterkvart kom susande nedover. Han var lokalkjent og det var no litt betryggande. Dagens motto: Følg rygg, vær trygg!   

Trude på toppen! Vi fann ikkje noko toppvarde, men kva gjer vel det når det er sol? Vi lista oss litt nedover att til trygg grunn før vi tok av fellene.

Eg hadde gledd meg til å vise Trude kor knakande god eg hadde blitt i nedoverbakkane etter skihelga i Sunnfjord. Rart med det, det er ikkje heilt det same på fjellet som i bakken. Det tok vel ikkje HEILT av , og eg vert litt feigare når det er "alvor". Svingar vart det - og forholda var supre. 
4 stk erobra Veirahaldet denne dagen - og eit sett av svingar er MINE!

På veg ned - Trude ligg litt framom. Her ser du litt av skavlane langs kanten.

Snipp snapp snute - men slik ser det altså ut - Veirahaldet (1206 m.o.h)

Vi runda av dagen med kaffibesøk på Standalhytta. Utruleg fin hytte med flotte og rasfarlege fjell på alle kantar. Finger'n rett bak hytta. Det vert nok fleire turar hit etterkvart. 

Andre har vore på Veirahaldet før oss, til og med nokon med  hjelmkamera.
Her er link til ein utruleg bra skivideo som viser akkurat korleis det var å renne nedover. I alle fall nesten. Det er mogleg at eg brukte bittelitt meir enn 8 minutt, men det er detaljer i den store samanhengen.

Skredsightseeing på Sæbø

Laurdagsskituren var bestemt, og eg trudde vi hadde full kontroll. Det viste seg at vi hadde gløymt å ta høgde for skodda. Så stod vi der i Ørsta då. Med sikt på 50 meter og grautskodde ned på skuldrande. -Vi kan no fare til Sæbø og kjøpe sjokolade, seier Trude. - Kanskje det lettar litt.

Undervegs såg vi fleire ras som var gått i løpet av siste døgnet. Det toppa seg då vi kom fram til Sæbø og snøraset berre velta ned imot bygda. Imponerande og skremmande, og utruleg kult å kunne saumfare raset i ettertid. 

Kanten på 6-7 meter stod tverr midt på jordet. Litt som ein fersk isbre. Flotte blåtonar, noko knallhard is  og andre delar berre kram snø.
Eg vart lita i denne målestokken (Foto: Trude)

Det var vi og dei lokale heltane som var på skredsafari denne dagen. Vi var litt usikre på kor mykje utforsking vi kunne gjere, men når dei lokale heltane klatra i raset så følgde vi på! 

Voldsomme krefter i sving

Mykje god lokal informasjon. Skonndalsfonna brukar å gå kvart år, men raset har vist ikkje vore så stort sidan 1978. I 1968 var det eit skikkeleg ulykkesskred, som utsletta 4 av 5 bruk på Riise. Det er stor skilnad på "mjølskre" og "kramskre". Den krame varianten som her kjem seint. Dei hadde ikkje merka noko spesielt i bygda då raset gjekk, ettersom kuling og regn allereie piska på stoveglasa.

Frå raset mot bygda

Folk på Sæbø var trivelege og pratsomme. Turtips og rasprat. Det er ikkje mindre enn to daglegvarebutikkar i bygda, så sjokolade vart det og. Vi gjekk på kaia og vart invitert inn i nye utleige-leilegheiter med fjordpanorama. Her går det an å komme att. Om sommaren til dømes.

Meir om raset på Hjørundfjordportalen. MEN vi var no framleis gira på skitur, og skodda hadde letta litt....

tirsdag 21. februar 2012

Skjonghellaren og Signalen

Nesten alle er på vinterferie. Ikkje eg. Ikkje Trude. Så vi gjer det beste ut av det. Ekspedisjon Valderøya iverksett.

Første stopp Skjonghellaren. Ei kjempestor og berømt grotte på vestsida av Valderøya, som eg har sett kvar gong eg køyrer heim frå flyplassen. Sunnmøringane sjølv påstår at det er den mest berømte grotta i Noreg. Utgravinga i 1983 resulterte i funn som var 30 000 år gamle. Altså FØR siste istida. Det er ganske kult. Grotta var ganske kul og.

Då vi nærma oss høyrde vi stemmer og lukta røyk. Eg trudde nesten fantasien spela meg eit puss. Det viste seg å vere høgst levande sunnmøringar anno 2012, med bål og matvett. Grotta var litt katedralaktig, med flott utsikt vestover. Her går det an å bu!
Deretter gjekk vi nord på øya for å finne stien sørover att og opp på toppen. Den fann vi og gjekk opp i skumringa. Godt fornøgde. Utan bruk av lys. Det var greit å sjå dei store linjene i landskapet likevel.

Eg burde ha skjønt kvifor toppen vert kalla Signalen - det står jo ei stor mast med lys der (A-ha!). Dessutan eit par flotte vardar. Toddydrikking, fotografering, kveldsmat. Rett triveleg på Valderøya. Lys på alle kantar, frå byen, bygdene, flyplassen og frå fyra. I horisonten såg vi masse små lys som måtte vere fiskebåtar på Mørebankane. Sildesesong?
I dagslys er det ikkje måte på kva ein kan sjå herifrå..

Lyktene på og vi dura nedover. - VAR det her vi kom? Begge var etter ei stund einige om at det var det IKKJE. Vi justerte kursen. No såg vi alle detaljar langs "stien", men ikkje dei store linjene i landskapet. Ops. Vi gjekk oss ut på ein haug som vi begge var einige om at det var lurt å gå på. Der snubla vi i ein varde som vi hadde sett på veg opp - på lang avstand.

Ein ny sti var det og. Det viste seg etterkvart at dette var hovudstien på Valderøya. Den gjekk finare og tørrare i terrenget og med mykje meir utsikt enn vi hadde på veg opp. Aldri så gale... Vi kom oss ned og var strålande fornøgd etter ein knallfin vinterferie-substitutt-kveldstur.

Inspirasjon til turen fekk vi på Jills blogg - og her kan de og sjå korleis det ser ut i dagslys...

søndag 19. februar 2012

Hodlekve i Sogndal

I lag med resten av indre Sogn og Sunnfjord testa vi søndagsformen i Hodlekve. Fint ver, -2 grader og sol. Masse nysnø og blide folk. Heiskø i lange banar. Heldigvis skulle mange av dei i heisen vidare på fjelltur, medan vi held oss i bakken.

Beviset: Been there - done that! (Finn ein feil...)

Testing av stille hopp. Dersom eg vert litt tøffare på sikt vert det kanskje hopp med tilløp i framtida?

Det er fint i Sogndal og. Sjølv om dette skal vere Norges beste UTEstad, så vert det liksom ikkje det same når ein ikkje ser fjord eller hav. Skitrekka på Sunnmøre har eit fortrinn der.

Bakkane i Hodlekve var litt brattare enn i Bjørkelia. Det gav passeleg utfordring, og det var greit med eit tretimarskort. Trur eg hadde blitt litt lei dersom vi skulle ha vore mykje lenger. Det som er fint i Hodlekve er dei mange moglegheitene til å gå vidare innover fjellet på topptur. Det vert ein anna dag, når eg ikkje skal køyre til Ålebyen etterpå... Minnast ein flott tur til Blåfjell (1400 moh) med Kristin i "gamle dagar", så veit at det er flott vidare innover.  

PS: Testa Tierra klede denne dagen - og resultatet finn du på skiinfo.no 

lørdag 18. februar 2012

Bjørkelia i Jølster

Askvollhelg = tur. Sjølv om det regnar. Nina og eg pakka bilane fulle og sette kursen mot indre strøk. Padling utgjekk på grunn av kulingvarsel, så eg held no fram med å teste skitrekk.
Det var god plass i Bjørkelia denne laurdagen. Mjukt og vått og trått føre. Flatt lys og snøbyger. Men vi hadde det no kjekt likevel og prøvde oss med eit skibytte. Det var ganske annleis å stå på Nina sine carvingski i forhold til mine eigne randonee-ski.

Artige bakkar i Jølster, varierte og ikkje for bratte. Vi fekk oss til og med ein tur med utsikt ned på Jølstravatnet i løpet av dagen.  

Stemninga i boks for resten av helga!

PS. Test av Tierra jakka og bukse - resultatet kan du lese på skiinfo.no 

lørdag 4. februar 2012

Strandafjellet

Det er sesongen for test av skitrekk. No var det Strandafjellet sin tur. Skitrekka på Sunnmøre ligg vannvittig fint til, og det kjennest nesten som å vere på fjellet. 

Strandafjellet - frå Fursetsida

Eg likar at dei "Sunnmøringane" som eg har blitt kjent med kan gjenbrukast... Det viser seg at dei som padlar også har ski. Masse moglegheiter!

Strandafjellet var veldig bra. Kaldt (ca -6 og vind på toppen), pudder og fine løyper. Utfordringa er at det er stolheisar her. Det næraste eg kjem angst er i stolheis. Høgdeskrekken tek tak i meg og eg vert kvalm og svimmel og vil berre døy. Løysinga var å knipe att auga og fokusere på pusten. Det fungerte så lenge Sygni sat ved sidan og og fortalte med innestemme og kvilepuls at: - No skal vi snart gå av så du må løyse krampegrepet på bøylen her snart, og kanskje ha opp auga bittelitt... 


Verdt angsten å komme seg høgt til fjells på eit blunk - og det vert kjekkare dess meir kontroll eg får på skia. Det går betre for kvar tur! Strandafjellet for første, men slett ikkje siste gong!