torsdag 2. august 2012

Rongevær - Austrheim

Tirsdag var eg med på fiskebåtcruise frå Bergen til Askvoll. Det opna auga mine for ein del nye stader. Austheim til dømes. Særleg Rongevær

Gjennom Rongevær med Sjøglans (Foto: Connie)

Laurdag 28. juli var Nina og eg klare for å PADLE i Rongevær. Sidan dette vart litt på impuls så hadde vi ikkje kart. Damene på Joker-Austrheim var tvilande til kart, turistinformasjon, kafe, og generelt alt vi spurte om. Så vi la i veg utan kart (men det er eit senter i Mastrevik som har det meste altså, det fann vi på veg heim).

Baløy

Vi køyrde så langt vegen gjekk - til Baløy - etter tips frå Kjartan. Vi oia og akka oss i bilen på veg utover. Her var det fint! Eit mylder av øyar, holmar, skjer, sund og ope hav på utsida. Herleg!

Rongevær - idyll og padleparadis!

Dei einaste vi måtte dele paradiset med var ein dykkarbåt med ein haug unge veltrente menn i bar overkropp som tok bilde av oss. Greit nok. Det var utruleg klårt og fint i vatnet, og masse variasjon i form og farge å sjå på botnen, så vi skjønte i grunn kvifor dei var der.

Rongevær-her-kan-du-sikkert-leige deg-inn? Flott anlegg, midt i smørauget.

På vestsida av Rongevær var det masse steinar og skjer. Her er det sikkert kanonfine surfeforhold til vanleg. Eg fekk litt gresk-øy-stemning. Blått hav og rurkvite steinar.

Sandstranda!

Det var sandbotn i vågane fleire stader, men det skulle vere ei fin strand ein plass. Vi måtte spørje hyttefolket for å finne den (i mangel på kart) og den var faktisk skikkeleg fin. Sidan det låg eit par å turtla her allereie og stranda faktisk var ganske lita, så måtte vi finne ein anna stad å lunsje.

Verdas flottaste pauseberg!

Vi fann nokre lekre svaberg heilt ytst med utsikt til Holmengrå (i horisont til høgre på bildet ovanfor). Holmengrå er det beste namnet på ein holme med fyr på ute i horisonten som eg har høyrt om. Det er deileg å ha middagslur og soling innlagt i padleturen.

Dei tøffaste av oss badar, men nokon må ofre seg og ta bilde. Slik er det berre. Badepoeng til Nina.

På kjente trakter (jf. første bildet) - her går leia gjennom været.

Snipp snapp snute - vi vender nasen austover og heimover

Rongevær var eit fantastisk eventyr. Bilda er ikkje rettferdige - området må opplevast! Litt som Bulandet, men meir øde. Hit skal vi fleire gonger! Austrheim gjekk frå å vere eit blankt ark til favoritt. Hordaland har mykje å by på!

Kart - turen vart ca 16 km

Vi fann LETT tilbake til utgangspunktet, sjølv utan kart. Det hjalp nok at vi hadde studert brosjyrene heime kvelden før.

På veg heim fann vi også Mastrevik senter, og runda av ein perfekt dag med middag på Kjelstraumen vertshus. Triveleg plass og god mat!

Kortreist ferie er fantastisk!

1 kommentar:

  1. Måtte innom å kjenne litt norsk sjøluft!! Varmt på Kreta selv om vinden er litt som hjemme:))

    Flott tur som alltid:)))

    SvarSlett