torsdag 25. juli 2013

Havnomaden og Husvær

- No legg vi oss inn! Nina og eg var einige om vi trong ein pause frå teltlivet. Det passa veldig bra at det var ledige rom på Havnomaden (14.-17.juli) då det var varsla rekordnedbør kommande døgn.
"Alle" som padlar har høyrt om Havnomaden, kajakksenteret til Inge og Bent på Husvær. Eg gledde meg til å komme ut å sjå.

Huset er eit ombygd fiskeanlegg av noko slag, 100% gjennomført, stilig, og praktisk med tanke på kajakk. Det var koseleg med triveleg vertskap og kjekke medgjestar då regnet hølja ned. Planen vår om ei veke med telting og øyhopping på Helgeland vart endra til nokre dagar med dagsturar frå Husvær. Utpå mandagen gjekk det over til byger og skiftande ver, og vinden løya frå kuling til frisk bris. TUR!

Nina med eit gløtt av dei "Syv søstre"

Dønna med skoddehatt sett frå Brønnøydraget

Feriehumøret er framleis bra! Artig med nye plassar.

Snirkelpadling nord om Husvær. Stas!

Kulturlandskapsarbeidarane var heldigvis ute og jobba

Utruleg frodig og grønt her ute. Ein grønn variant av Bulandet på ein måte.

Styrtebyge og SKIKKELEG utriveleg. Kortvarig pine, det meste var over på 10 minutt.

Det fine med Nordland er at det skin opp fort, og då er det alltid ei strand i sikte!

Strandhogg på Vågøya med påfølgjande topptur (41 moh)

Padleturistane på topptur!

Mot Vega i sør

Vestover mot Sandværet, og jepp det ser ut til at vi må tåle ei byge til før vi er heime att ja..

Nordover mot Lovund

Innover Husvær (austover). Her snirkla vi oss innimellom på tilbaketuren.

Skikkeleg "kaiing".
"Kaiing" gjev bra øving på kanting, styretak og bevistgjering av kvar BEGGE tuppane på kajakken er til ei kvar tid. Men vi gjer det vel mest fordi det er kjekt.

Nordlandslandskap.

Kor mange slike raude bygg i strandlinja såg vi vel? Eg tykte dei var like fine - kvar gong.

"Kun for kajakk". Eg likar det.

I land venta ein god diskusjon og samanlikning av grønnlandsårer. Nina har karbon, eg har tre frå Thygesen, Bent har laga veldig mange fine, og vi fekk og sjå ei avannaq-åre (kryssing mellom grønnlandsåre og wingåre i karbon). Svært interessant.  

Fin og variert tur Husvær rundt - 11 km.
Grønnlandsåre heile vegen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar