onsdag 23. oktober 2013

Cirkumnavigasjon Kvamsøya

Etter besøket på Haugsholmen fyr gjekk tida litt frå oss, og jakta på teltplass starta. Plan A - Sandsøya var utanfor rekkevidde, og Plan B - Kvamsøya var ikkje så freistande heller. I Eldevika var det for bratt og steinete og på stranda innafor hamna vi enten rett på dyrkamark eller i eit område der det lukta gylle/roten tare.
Riste og Sandsøya bak

Over sundet låg det eit fråflytta småbruk. Det lokka og drog. Vi har tid til å padle over? Det ser dårleg ut med livd der borte? Kan det vere rekved i fjæra der? Vi er generelt skeptiske til å overnatte på den ytste aude ø når meldingane for neste dag inneheld litt vind. Men...

Kor koseleg er det her då! 

Eg hadde lese noko om at dei livnærte seg med losing, fiske og tarebrenning her, og døypte huset for losmeisterbustaden. Ein kollega av meg hadde mumla noko om ei villsauøy - og vips:

Villsauane dukka opp over kammen, lest som dei et, og sjekka oss ut. Dei var nett som spøkelseskladden. Ingen. Mange. Ingen. Mange. Lydlaust. 

Riste var som ein grøn og frodig bit av Færøyane som tilfeldigvis var plassert her mellom dei trauste norske steinete øyene. 

DESSERT!

Nina hadde hamstra på Askvoll Sjømat og Delikatesser. Livet på Riste starta med ein kongedessert. Tre lag, kvit sjokolade i botnen, vanleg sjokolademousse i midten og ein solbærsak på toppen. Det var vannvittig godt. Påfyll av ca 2000 kaloriar gjorde seg før vi skulle starte på "dei daglege" gjeremåla i halvmørkret. Det var kjempelurt å dure på med desserten først. Det var noko hustrig med 2 plussgrader og frisk bris (minst). 
-Det vert ikkje bading denne helga, seier eg. -Brrrr, nei, seier Nina.    

Blåtimen på Riste

Soria Moria. Nei, det er ikkje kunst, berre ein kombinasjon av mykje zoom og lite lys. 

På vedsankinga fekk vi godt utsyn til Svinøy fyr. Dette er det mest utilgjengelege fyret i Møre og Romsdal. Det er skikkeleg "Soria Moria". Korleis i svarte skal vi komme oss dit?

Sjå! Vi lagar mat. 

Arinbjørn si scampigryte har blitt ein favoritt, så i dag vart det ein ny variant av den. (Karianne: Nina krevde at eg måtte vise deg matbilda som bevis på at vi kan meir enn å åpne boksar). Det smakte fortreffeleg, og frisk basilikum var prikken over i-en. Kanskje ikkje heilt autentisk losmeistermat, men pytt. 

Fakta om Riste frå diverse nettsider:
- Ureint farvatn, inga kai, fiskerikt.
- Lang tradisjon for busetnad på øya, fråflytta i 1964
- Huset restaurert i 1994 av Ristes venner (kan leigast)
- Naturreservat for hekkande sjøfugl (ilandstigningsforbud 1. mai - 31. juli m/ unntak for sti til toppen)
- 2. verdskrig: Karane frå Kvamsøya for ut om natta og høyrde radio her. Øya låg så verhardt til at ingen tyskerar sette sin fot der under krigen. 

Nyare, oppdatert fakta frå Riste: 
- Det finst nesten ikkje søppel (rek) på øya, men heller ikkje eit fnugg drivved. 

Her skulle det ha vore eit koseleg bålbilde. Men dette er det dårlegaste bålet vi har hatt. Nokre få store pinnar, gjennomtrekte av sjøvatn og pill rotne. Det vart no fyr, men lukta død og gav ingen varme. Det som derimot var kjempekult var fullmånen! Vi traff på SJØLVASTE fullmånenatta, og det vart berre lysare og lysare utover. Skuggane var skarpe og lyset var kvitt. Sjøen blenka og det var rett vakkert. Vi kraup inn i kvar vår fjellduk og vart sitjande så lenge vi orka. Utpå kvelden hakka eg tenner og hadde berre lyst til å legge meg i den tjukke deilege varme vintersoveposen min. Ahhh.....! ZZZZZZZZ

#Månelyst

"I Østen stiger solen opp", sang farmor då eg var lita 

Perfekt plassert, i le av ein gammal fjøsmur, 1 grad helling rett veg (mot fotenden) og med utsikt til morgonsola på Stadlandet. Nok ein terningkast 6 teltplass. 

Over til Dollsteinen. Der borte er det ei kjempestor grotte. Vi hadde tenkt oss dit i grunn.

Slåmaskina.

 Eg lurer på kva han tenkte, han eller ho, som sette frå seg slåmaskina for siste gong. Skulle dei ta att resten i morgon? Skulle dei vente til over helga med å sette den på låven? Hadde dei eit håp om at nokon andre skulle komme og slå, no når dei sjølve ikkje orka meir? Fabulerte dei om at tilfeldige padleturistar skulle komme att og sjå på slåmaskina 60 år seinare?

Sola varma, egg og bacon til frukost, klar for padling! 
Oktobercamping er undervurdert. Eg er happy. 

Farvel Riste! 
(eller Færøyane, etter som ein ser det)

Riste var ei vakker øy. Eg er berre så glad for at vi landa der. Stor stas. Vi kryssa over til Sandsøya, men droppa Dollsteinen. Realistisk sett kom vi ikkje til å rekke det før det vart mørkt. 

Maks zoom på Svinøy fyr. 

Herifrå er det 13 km med INGENTING ut til Svinøy. Ingenting, med mogleg unntak for stor dønning, skumle brott og vindfang så det held. Eg fabulerte på prosjekt Svinøy, følgebåtar og andre ulumskheiter på kryssinga over til Sandsøya. Herleg rørsle på sjøen, litt dønning, litt bølgjer. 

Søndag, og vi sette kurset rett mot Sande kyrkje. 

Eg likar å padle i vikinghistoria. Soga fortel at då kong Olav Trygvason kom frå tinget på Dragseidet i 997 på veg til Trondheim, la han til lands på Sande for å avvente betre veir. Det var ein overhendig motvind frå nord i Haugsfjorden og rorskarane trong kvile. Dei drog skipa opp på sanden, og kongen og hirdbispen gjekk i land. Medan dei gjekk der og såg seg rundt, stogga kongen litt ned for der kyrkja står idag, sette eit kors i bakken, og baud at her skal det byggast ei kyrkje (effektiv plan- og bygningslov i dei dagar).

Sola varma og det vart hildring ute i havet. Stad t.v og Riste t.h. i lause lufta

Innover var det "melis" på fjella. 

Rundt Voksa var det utruleg fint. Masse små stein og holmar, grunt og idyllisk. Stor kontrast til dønningen lenger ute. 

Voksa. Lunsj. Utsikt til neste etappe nedover Hakallestranda på fastlandet.

Skarvebilde, forsøk nr 1023.

Det var eit godt vegval å padle over til fastlandet. I livd for nordausten vart det speglblankt. Medstraum gjorde at vi for avgarde utan å bruke ein kalori. Sola varma skikkeleg (ja, og det er litt rart så seint på året!).

Nina speglar seg med Storholmen framom og Kvamsøya bak.

Vi dampa i tørrdraktene, og kom inn på temaet bading. Svett og tøff i trynet. Bading ja, det her vert greier. Litt mindre tøff då stranda låg i skuggen, og i tillegg var frosa. Brrrrrr. Eg kler av meg. - Skal du ta av deg sokkane? Nina er forundra. Sjølvsagt skal eg ikkje det.. Bading med sokkar vart det. Grueleg kaldt. 

Sandviksanden

Fantastisk oktoberdag - Kvamsøya er cirkumnavigert - 20 km padling


Note to self
 - begynn å ta med eit par tørre vedkubbar
- ting tek lenger tid når ein ikkje er kjend 

Kvitkinngås - etterslengarar på veg mot sør. 
(Bildet er fargeredigert)

9 kommentarer:

  1. Morosamt og interessant, Lene! Dette såg ut som ein skikkeleg ekspedisjonstur. Du og Nina er flinke! Eg vert litt svartsjuk, men på ein "positiv" måte. Når eg berre får litt betre tid. (Dvs i 2028, sånn ca) Då skal eg også på mange overnattingsturar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har no ikkje gjeve opp håpet om ein fellestur allereie i 2014 eg då ;) Artig med nye plassar, men det vert litt meir styr og.

      Slett
  2. Kjempeflott tur dokke har hatt! Og fine bilder!

    SvarSlett
  3. Inspirerende lesning, Lene! Det er vakkert det landet vi bor i 😊

    SvarSlett
  4. Dette var enda bedre innlegg enn det forrige! Knalltur dere har hatt!

    SvarSlett
  5. Vi har vore så heldige med desse langtidsplanlagte padlehelgene våre - flott på tur og fint ver. Det er artig å google litt for å blogge etterpå. Eg vert stadig forundra over kor flott kysten er og kor mykje spennande historie det er i kvar ein krik og krok. Kjekt at de legg att kommentarar :)

    SvarSlett
  6. Her leste jeg til auet ble stort og vått, du skriver så flott at en sommerferie med kajakken her ikke kan unngåes tror jeg. Fabelaktige flotte bilder også.

    SvarSlett
  7. Fantastisk tur, herlege bilder, billedleg forteljarstil, eg humra høgt minst 3 gonger! Eg er jammen glad du bloggar! For ein utflytta sunnmøring som er ukjend med sunnmørsk friluftsliv er bloggen din lik gull og grøne skogar :)

    SvarSlett
  8. Digga bloggen din. Her er det mykje inspirasjon til turar. Helsing utflytta sunnmøring som skal heim på ferie med kajakk.

    SvarSlett