søndag 10. november 2013

Gjøssøya rundt

08.11. Med seminar i Tromsø i veka, kunne eg ikkje la høvet gå frå meg til å vere att helga etterpå. Kristin hadde fri, og ordna opp for at det kunne verte padling på oss! Sesongens første kvalobservasjonar sirkulerte på nettet på torsdagen, så vi sov begge dårleg om natta. Spente, forventningsfulle og med 2 x dobbel latte til kvelds så var det kanskje ikkje så rart. Ny dag - nydeleg dag - vi sjaua utstyr og for utover. Sightseeing Kaldfjorden, Grøtfjord, Tromvik og Rekvik. 

Du veit du er i Nord-Norge når du må stogge for slike i vegen... (mobilfoto)

Nydeleg dag, nokre få minus, klårt og reint. 

Vi la ut frå Tromvika, rett bak roret.

Flott utsikt mot Kristin,  Håja (t.h) og Sessøya (midten). 
Fantastisk lys. Heilt vindstille, og eg måtte av med hua etterkvart.

I Sundet mellom Gjøssøya og Vengsøya fekk eg første glimt av Sørfugløya. Den er rå. Sandøya med snø på.

Gjøssøya sentrum. Det såg liksom litt for skikkleg ut til å vere heilt fråflytta?


Flott sandstrand i Trollvika, og vi plukka inn ein av "Ti på Skjæret" postane for sesongen. 

Novemberlunsj i Trollvika. Ståande buffet. (Foto: Kristin B Friis)

På tuppen; skal, skal ikkje? (Foto: Kristin B Friis)

Vi padla rundt på yttersida, og fekk med oss litt stor dønning, retursjø og brott. Det er mykje lyd i brotta, sjølv på ein roleg dag, så litt ekstra spennande vart det. 

Kursen rett til fjells på Kvaløya

Heimveg. Håja og Sessøya i solnedgang. 

Blåtimen. Vengsøya

Det vart fort skumt. Lyset var HEILT fantastisk. Fjella skifta karakter etter lyssettinga og sjøen spegla fargar i alle variantar. Ingen av bilda fangar opp kor flott det EIGENTLEG var denne dagen. Det vart fort mørkt, og vi fann fram lys på kajakkene og på oss sjølve. Vi rakk akkurat over fjorden før det var mørkt, men det var god trening i å plukke fram "juletrelysa" og få dei på. 

Novembertur i slikt fargespel gjev energi og krefter. Ingen kval, men rein, ørn og rype er brukbart på ein dag. Vi hadde fått stadfesta at det var berre å stille klokka på 05.00 neste morgon for å komme seg lenger nord for håp om kvalpadling. 

Spennande og variert landskap på Kvaløya. Det var kjekt å få sjå seg rundt i dagslys på landsida og. Padleturen vart ca 18 km.

Takk for turen Kristin! 

6 kommentarer:

  1. For en flott tur det ser ut som om dere har hatt. Ikke noe dårlig oppløsning på det mobilbildet, rett og slett bra.

    SvarSlett
  2. Ikke dårlig til å komme fra ei slekt av svorne landkrabber.

    SvarSlett
  3. Helt fantastisk:) å padle i nord på denne tiden må være magisk:)) herlig fine bilder:)

    SvarSlett
  4. Kjempeflotte bilda og flott storry. Var selv å padlet på den andre siden av Vengsøya og kan bekrefte at det var en nydelig dag på havet. Faktisk brukbart med lys bare fra stjernene og månen. Bjørn Tore

    SvarSlett
  5. Må ha vert ein fantastisk dag i kajakken. Elska det magiske lyset og landet i nord. E jo halvt nordlenning ,og har tenkt at eg heller skulle besøkt slekta på vinteren enn om sommaren....kallen som e mykje der nord på fiske e då ikkje like intresert hihi

    SvarSlett
  6. Sjølv takk! :-D Ei flott cirkumnavigering, med mykje ny lærdom.
    kom snart igjen :)
    Kristin

    SvarSlett