mandag 8. juni 2015

Padlesøndag med HKK

7.06 Herøy kajakk klubb (HKK) jobbar med å få i stand nokre fellesturar. Denne søndagen var det min tur som "turleiar". Vermeldingane var elendige, og eg var spent på om folk ville ut på tur. Det viste seg nok ein gong at padlefolk toler vatn, og er like blide i sol og regn.

Sunday kayaking with members of Herøy kayak club. Heavy rain, but no complaining. 10 km trip outside Ulsteinvik in between islands and islets. 

Klar for tur - gråver inga hindring!

Trygve har konvertert frå kajakk til gummibåt. 

I dag hadde vi eigen speidar/følgebåt, og det fungerte kjempefint! Det kan fort verte ein vane.

Eg antyda litt snirkling og svusj så var gjengen på "raid" langsetter berga. Ikkje tunge å be akkurat. 

Kjekt med nye folk på tur. Fleire hadde teke grunnkurs i fjor, men var både teknisk veldig flinke og gode på å tenke gruppe på tur. Ikkje noko stress å vere med denne gjengen!

Tøy og bøy på kvar ei brygge høyrer med. 

Inn i bygene

Eg starta med solbriller, som vart bytta ut 
med sydvest etter ca 10 minutt. Rett før lunsj fekk vi ein smakebit på syndefloda. Lunsjen vart difor under tak på Borgarøya. Det var ikkje måte på kor mykje vatn som skulle ned. 
Teambilde! 

Det vart ein hyggeleg og fin tur med snirkling og utforsking av holmane i Ulsteinbassenget. Tilbake på Osnessanden viste GPS'en at vi hadde padla ca 10 km. Eg håpar det byr seg fleire høve til padleturar med desse folka. 

Dei unge er ikkje berre yngst, men og sprekast. Tommy runda av økta med nokre gode eigenredningar inkludert fullstendig tømming av kajakk (og det er lettare sagt enn gjort! #Imponert). 

Tommy demonsterar stilrein eigenredning. Sjå og lær..

GPS-kart kjem

Eg lånte kajakk på denne turen: Tahe Marin Greenland (touring med keyhole cocpit). Kjekk kajakk. Ganske stor eigentleg, så eg må nok satse på ein reindyrka grønlandskajakk som kajakk nr 2.   

Mildrid og eg runda av dagen med tur på Melshornet. Lite utsikt, men bra trim. 
Juni på Sunnmøre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar