mandag 20. juli 2015

Keipen og "Kongens ring"

5. juli Mildrid og eg ville trene litt til TTT. Vi la turen til Herøy med mål om topptur på Skorpa og kulturelt høgdepunkt på Herøy gard om ettermiddagen. Stramt program, som ikkje vart betre av at eg la att pengeboka og mista ferga om morgonen.

Putting a lot into a July Sunday: Exercising, paddling, hiking, and going to an outdoor play: 
The Viking pageant, «The King’s Ring» is about love – and conflicts between generations and religions – actual themes even today. About 200 actors take part at the Herøy Amphi theatre. In addition, a semiprofessional orchestra and a choir participate on stage – that`s why the pageant is also often presented as a “Viking musical». Though historically not quite correct, the script is based on a visit that King Olav Haraldsson (Saint Olaf) made to the island of Herøy in 1027. This is described in the writings of the Icelandic historian Snorre Sturlason (1179–1241). The play is performed at the beginning of July every year (Shortcut from the website: http://www.heroyspelet.no/).

Vi la ut frå Jensholmen og padla ut via Herøy gard. Idyll. 

Lummert og varmt, så det vart T-skjorte i staden for tørrdrakt. 

Arkivfoto: Skorpa og Keipen sett frå Moltustranda. Padle ut - gå opp. 

Vi hadde svak trekk i ryggen og medsjø utover, så det gjekk som ei kule. Snart var vi framme ved moloen på Skorpa 

Fin bygd i havgapet. Meir som ein oase. Utsikt frå første høgdemeter. 

Stadlandet i sør. Kvamøya og Sandsøya til venstre. Norskehavet møter Nordsjøen til høgre. 

Svinøy langt der ute i vest. Draumen lever. 

Det var greit å finne vegen, og vi fekk opp både pust og puls i bakkane. 

Første kneika unnagjort. Bratt ned til hus og hamn.

Toppen! 431 moh og kanonutsikt i alle retningar! 

Her var det MYKJE utsikt for innsatsen - og eg tek gjerne turan oppatt. 

Nerlandsøya og Runde bakerst. Lag på lag. 

Dramatisk innover. Diggar den funksjonen... Herøy, Ulsteinvik og Sunnmørsalpane bakerst. 

Mildrid på toppen! 

Vi kjappa oss nedover og jammen vart det puls og pust på returen og. Effektiv eting og så la vi på veg innover. Heilt i rute til å rekke både spel og rømmegraut på Herøy gard. 

Teambilde! Vi har trua etter 1. etappe.

Herøy gard var full av folk og god stemning. Vi landa kajakkane, fekk oss mat og strålande gode plassar i amfiet. Sygni hadde teke med familien landevegen og rekognosert på Nerlandsøya denne ettermiddagen og vi rotta oss i hop etterkvart. 

Spelplassen - før start. Flott scene. 

Kongen er på besøk

Spelet "Kongens ring" er ei god historie med mykje dramatikk. Heile bygda måtte vere i sving, for det aula med folk på scena i alle aldrar. Kjekt å sjå, og det vart gode effektar av det. Blanding av amatørar og proffar, super lyd og flotte kostymer. Stor oppleving og verdt å sjå! Rolf Losngård frå Vårdal i Askvoll har hatt hand om manuset, og det var artig å få helse på etter gammalt. 


Litt matt etter ein lang dag sette vi kursen innatt mot Jensholmen, Ein kilometer padling på tampen  går greit. Eg trur vi var dei einaste som padle til spelet denne dagen, men det kan anbefalast. Sygni var ute med den nye zoomlinsa si, så vi fekk eit skikkeleg fint avskjedsbilde med ho. 

Super og innhaldsrik feriedag - Takk for turen!

Teambilde!  Foto: Sygni


Kart

Litt nerdeinformasjon til eige bruk: Padling totalt 21,8 km. Gåing totalt 5 km og 436 høgdemeter.

Tid utan pauser:
Padling ut: 1 time 32 minutt, snittfart 7,1 km/t. maks 9 km/t (medvind, medstrøm)
Skorpa opp: 52 minutt, snittfart 2,89 km/t maks 6 km/t
Skorpa ned: 31 minutt, Snittfart 4,5 km/t maks 11 km/t
Padling inn (NB kun til Herøy gard): 1 time og 34 minutt, snittfart 6,1 km/t, maks 7 km/t. (motvind, sidesjø)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar