mandag 27. juli 2015

Sommar på Sandsøya

25.07. Dette innlegget kunne og ha heitt "Drit i Dollsteinhola", som du snart skal få høyre meir om.
Vi landa på havet. Hårfint. Det var like før det vart fjellet. Det er herleg å bu på Sunnmøre og ha slike luksusval!

Therese på bølgjan blå

Vi la ut frå Hallebygda og hadde motvind utover. Nok til å jobbe litt. Då vi kom til Voksa fekk vi motstraum med. På Skare var vi holsvoltne av all jobbinga og måtte ta lunsjpause i lag med fisketuristane der. Flott hytte/båt/fiskeanlegg! Trivelege NORSKE fisketuristar var der og. 

Sande

Vi braut oss laus frå solveggen og starta på motvinden att. Vi trudde vi skulle heilt ut til Dollsteinen, men då vi runda neset såg vi ei stor grotte i fjellet. Det MÅ no vere den der? Vi var berre glade for å padle kortare enn vi hadde trudd  i motvinden og dura på. 

På stø kurs mot "Dollsteinhola"

Uklar skilting? 

Eg tykte det var merkeleg at dei hadde skilta med andre namn enn Dollsteinhola. Det er no det namnet folk kjenner. Vi hadde buksert kajakkane i land og kledd på oss fjellsko og regnklede (ironisk, på den finaste dagen som har vore i juli..). Dollsteinhola er kjent for å vere mørk og sleip og vi var budd på det. 

Purpurlyng (Erika Cinerea)

Storegjøtten var flott - litt katedralaktig og slett ikkje så våt. Det var berre det at det stemte ikkje med skildringa av Dollsteinhola i det heile..

Husverten i Storegjøtten (Buttsnutefrosk, Rana temporaria)


Lisjegjøtten hadde både fin utsikt og innsikt. 

Vi la hovuda i hop og googla litt. Dollsteinhola må vere ein anna plass. Det var merka sti vidare utover mot Dollsteinen, og vi såg på kvarandre. -Går vi? Jepp.  

Merka sti i ulendt terreng utover mot Dollsteinen (227 moh)

Vi passerte eit utal skilt med stadnamn. Fantasifulle og skildrane. Grytevika og Flatmagevika. Heitt i bakkane. Sveitten rann i regnbuksa. Langt om lenge kom vi til eit skilt med Dollsteinhola!

På rett veg! Utanfor hola kjendes det ut som Afrika. Det var minst 30 grader i solveggen, tørr sand, lukt av dyr og vi kasta skarpe skuggar. 

Velkomstkomiteen. Litt spooky å gå frå steikande sol og inn i eit svart hol. 

Det var bratt nedoverbakke. Sanda var tørr i starten, men etter nokre meter vart det meir fuktig. Nokon hadde lagt ut eit tau med knutar, som var skikkeleg gjørmete og ekkelt, men det var naudsynt å halde seg i for å ikkje rause ned bakken. Auga brukte ei stund på venne seg på mørkret, og vi vart litt blenda av kvarandre sine lykter.

Likfunn

Det første vi gjekk oss på var eit dyrelik. Vi kjenner både folk som har vore uheldige, falt og måtte reddast ut av hola og redningsmannskapet, og det var ikkje vanskeleg å førestille seg hendinga. 

Det vart meir og meir grisete nedover. Sleipare, gjørma vart djupare og det lukta surt og muggent. Det var vanskeleg å fote seg, alt var glatt og ekkelt å ta på. 

Delvis trangt innover

Fjellhall med skribleri på holeveggane

Vi kom til eit punkt der vi måtte klyve opp ein stor loddrett stein og henge i eit tau. Eg trur vi hadde komme oss opp, men eg hadde ikkje lyst ned der på returen. Glapp ein taket var det rett ned eit par meter i ura. Vi droppa difor dei siste metrane. Eventyrlysten? Ja. Heilt utan HMS? Nei. 
  
UTE! 

Fridom! Det var heilt fantastisk å komme ut i lyset att. Eg kan ikkje hugse sist eg kjende meg så ekkel.. Gjørme over alt! Vi måtte riste av oss "dritkjensla" og gjekk heilt ut på Steinstangen. 

Steinstangen - verbitte berg og flott utsikt nordover til Skorpa og Runde

Sørover - Kvamsøya og Stadlandet bak

I vest - Svinøy. Det ligg der som eit Soria Moria og lokkar og tergar. - Men ikkje i dag! Det var vi skjønt einige om med frisk bris og kulingkast. 

Badesesongen -15 offisielt opna!

Sjølv om det var kveld var det deileg å soltørke på berga. I livd for vinden var det framleis varme i sola. Kvifor har vi ikkje med grill? Telt? Neste år - då skal vi drive meir dank! Det siste valet for dagen var stilongs eller tørrbukse innatt. Det vart stilongs, og eg la inn aksjar om mogleg påkledningsstopp før siste kryssinga. Då kjem det tørt frå Therese: Om forholda er slik at at du vil ha på deg tørrdrakt så vil eg sannsynligvis ta ferga...

Fin padling i solnedgang og med vindrosser frå alle kantar heim att. Inga ferge og ikkje drakt. 

Sandsøya har mykje å by på, og her går det an å vere turist lenge! Neste gong skal vi på topptur, eller Sandsøya på langs og helst telte enten her eller i Hellandshamna. Eit godt råd om du vil ha det: Dra til Sandsøya - drit i Dollsteinhola. 

Takk for ein flott dag i havet Therese! Slike gjev overskot!

Kart over PADLEstrekket på turen.
 I tillegg 2 km gåing t/r Dollsteinhola

Padletid: 3 timar 30 minutt - snittfart 5,6 km/t. Totalt 19,6 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar