fredag 20. november 2015

Kvalpadling med stor K - 2015

15.11 Rebbenesøya. Siste sjanse på kvalpadling 2015. Tidleg opp, glatte vegar. Sludd. Regn. grått. Kaffi i pappbeger på ferga. Allereie på ferga ser vi knøl, og får med oss eit par fantastiske halefinne-i-veret-augeblink. -Åååååååååhhhhh, kjem det frå heile rekka, der vi trykker nasen mot fergeglaset.

Sunday was our last day kayaking together. Oh, what a day! Whales everywhere! Rain and wind didn’t bother us – we were surrounded by killer whales, humpback whales and probably two fin whales. A lot of spectacular scenes – whales feeding, splashing and searching the fjord. A curious couple went right below our kayaks giving me quite an adrenaline kick!
Langt på dag. Silregn. 

Magisk lys. Fantastisk pastell og havblikk.


Ikkje noko å sjå med det første. Stø kurs mot vest. 

Fiskebåtar og oss. Då vi ser den første blåsten i nord er vi avventande. Vi gidd ikkje padle livet av oss for spekkhoggarar. Mysing. Det ER KNØL! Då gidd vi. Kursen går rett mot nord - og på veg oppover ser vi ein knølkval hoppe heilt ut av havet. Det er eit rått syn - og spenninga stig!

Havblikk vart til dønning, byger og vind - men det gjorde ingen ting! Vi hadde kval på alle kantar, og det var ei stor oppleving å ligge i sundet. Kvalane omringa oss, vi padla parallelt med dei, vi hadde vinden med og i mot, og kvalsnørr i heile trynet kvar gong vi feilberekna vindretninga litt.  

Knøl rundt kajakkane. 

Knøl som viser oss halen. 
 
Spekkhoggarbonanza i regnbygene

Vi var i posisjon. Kvalane hadde jobba i området ei stund og vi låg i utkanten. Eg såg bevegelsen i augekroken, men plasket kom før eg rakk å reagere. Ein diger kval hoppa, og landa i hovudet på kameraten sin. Kompisen vart kjempeirritert og løfta bakkroppen ut av vatnet og slo med bakparten 2-3 gonger. Vi bakka kajakkane i tilfelle det var oss den var sur på - men det verka som intern oppdragelse. 


Landing

Det var knølshow på alle kantar. Lenge. To av dyra var rare. Spissare ryggfinne, veldig store, raskare, aldri oppe med halen. Kunne det vere finnkval? Desse to jaga opp og ned sundet, og det såg ut som dei lot spekkhoggarane gjere grovarbeidet for seg. Alle stader der spekkhoggarane hadde jobba på og ringa inn ei stund, kom dei sigande og forsvann i djupet. 

Ups - kjem han hit?

Vi fekk ein kval rett under kajakkane våre denne gongen og. Eg måtte bende laus mine eigne fingrar frå armen til Jarle etterpå. Det er i overkant spennande når du ser rett ned på fleire titals tonn med musklar rett oppunder senkekjølen...

OOOÆÆÆÆÆÆ - er det mest fornuftige ein kan seie når dette sig oppunder kajakken 
(NB: Arkivfoto frå Bjørn Tore Sørensen)

Kva er dette? Kan det vere ein finnkval? 

Dette då? Er det same karen?

Eit par timar med intense opplevingar krevde sitt, og vi for til Sandøya for lunsj. Båling fungerar i regnver - og kaffien smakar like godt med sydvesten på. Kristin brukar å vere på Sandøya for å stemme piano med jamne mellomrom. Pianoeigaren kom forbi med dei danske gjestane sine for å helse på oss. Ein sel heldt oss med selskap ved stranda og kvalane for forbi like utanfor. Det er heilt greit å sjå på knølkvalhalar og spekkhoggarfinner medan ein et opp realen sin.  


Etter lunsj bytta vi kajakkar og årer, og brukte blåtimen på heimeveg til å teste og vurdere diverse utstyr. Det kan høyres lurt ut. Det er ikkje så lurt når ein skal rett på Alfa fritid om kvelden. Skal berre sjå innom, liksom....Godtebutikk nr 1 for padlarar i Norge. Har du ikkje vore innom så kan eg anbefale det. Kaffimaskin og padlestæsj for ein kvar smak.  

Kart frå Kristin - lettare modifisert. 
12,5 km padling og enorme mengder kval per kilometer!

Endeleg fekk vi ein kvalpadledag med stor K! Nøgde og slitne.
Etter fire fantastiske turdagar var det også heilt fantastisk å krype til køys UTAN å sette på vekkeklokka på eit eller anna ugudeleg 05.xx klokkeslett!!!
Mykje vil ha meir - så det vert nok Tromsøtur neste november og!! Eg er klar! 


2 kommentarer:

  1. Herlighet! Dere er jammen tøffe. Dere er tett på naturen ute på havet i små kajakker.. og så svømmer disse fantastiske hvalene rundt dere. Tror jeg hadde vært livredd, men minst like nyskjerrig og fascinert. Fantastiske bilder, kan bare tenke meg hvordan dere opplevde det.

    Nyt uken! :D

    SvarSlett