lørdag 15. april 2017

Værøy - turisme og taxitelting

15.04. Ny dag - ny øy! Vi sette kursen mot Værøy, der ingen av oss hadde vore før. Det var friskt på fergeturen over, og vi bleikna litt då fergemannskapet sa det var sterk kuling på Vestfjorden. Sopass ja! Ambisjonsnivået for padling vart justert, og vi skjønte at det vart kreativ turisme på oss. Strålande sol, knallblått hav og godt selskap kompenserer i stor grad for padling, så vi såg ikkje heilt svart på det.

Værøy! 

Innseglinga til kaia- litt ruskete forhold på sjøen

Værøy fyr, Lofotveggen bak, bra dønning inne i hamna og.

Aha! Det er Værøy som har Lunde i kommunevåpenet sitt. Etterkvart lærte vi at alle Lundehundar stammar frå øya, og at grenda Måstad gjorde det godt med fugl som del av næringsgrunnlaget.


Tørrfisk i alle fasongar - overalt! Noko av dette vert til lutefisk, og omlag 40% av all lutefisk i Norge kjem frå Værøy!



Tørrfiskhav på Værøy med Lofotveggen bak

Vi heldt fram med å støtte det lokale næringslivet. Kafeen på butikken var åpen, og dei hadde både junkfood og heimelaga blautkake. Vi hadde ikkje ein krystallklar plan, men starta med å gå rundt hamna og ut til fyret. 

På Røst var det meste på stell. På Værøy var det meir blanda drops, og både Kristin og eg fekk Svalbard-vibbar. 

Kyrkja midt i bygda

Hamna, og særleg den gamle delen i Røssnesvågen var fin. Førsteklasses kystkultur, og god miks av gammalt og nytt.

Fyret ytst på moloen


Innimellom alle fiskehovuda var det jammen eit fyr gitt!

Værøy fyr - det neste på oppussingslista til Kystverket Nordland. 

Fyrpause! I le-sida var det rett trivelig i sola og dunjakka. Vi dyrka påskefregnene og klekte ut ein plan.. (Foto: Kristin)

TAXI-telting!!! 

Vi transporterar normalt alt pikkpakket i kajakkar og IKEA-bagar. I mangel på padleføre fungerar taxi like godt. Vips var vi på Nordland. Nordland har fantastisk utsikt, og er mest kjent for det som HAR vore her; Steinalderbusetnad, flyplass, sjokoladefabrikk og elektronikafestival. 

Lekkert på stranda - steinen heiter Heimretussen

Både folk på kaia og taxi-sjåføren hadde informert oss om festivalen og det vart nemnt narkotika, razzia, mykje folk og veldig god stemning og ikkje noko bråk. Festivalstemninga hang framleis i bakkane. Det var diverse installasjonar og alt trevirke hadde skruar i seg. Det kjendes ut som vi var på mini-festival, sjølv om vi berre var høge på frisk luft og påskeferie. 

Knall utsikt mot Mosken og Lofotodden - Kristin poserar.

Festivalinstallasjon? Kompassrose? Hasjblomst? Fleire framlegg? 

Telting!

MINI-festival!!!  



Kveldsunderhaldninga var det ikkje noko å seie på. 

..og der vart vi henta! Eksepsjonelt mykje kjappare å pakke taxi enn å pakke kajakk. Vi legg oss til uvanar her ute: taxi-telting som konsept er testa og bestått! (Taxien er og ein del av det lokale næringslivet, så vi støttar villeg!)

Tilbake på Sørland var det framleis litt vind, og mindre dønning. Vi gjekk ut på Kvalneset og sjekka forholda. 8-10 m/s på vindmålar. Effektiv temperatur ned mot -10. Padling vart nedstemt, under ein liten porsjon tvil. Er ein i tvil så er det eigentleg ikkje noko å lure på. Dropp det. 


Endomondoinfo frå Kristin: Samla Kvalneset og 2 x rusletusle gjennom hamna: 5 + 6 + 9 km (20 km)


Note to self: 
Det er tele på Værøy i april, ta med spikarpluggar
Skrujarn og bits, inkludert umbracobits, må alltid vere med

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar