mandag 11. juli 2022

Sommartur i skogen på stølsjakt

 11. juli Sommartur til seters! Gudmundssetsætra, Merafta og Demmingsvatna.  

Stien til Gudmundsetsætra var rimeleg attgrodd, så det vart litt knoting i skogen. Vi har blitt gode til å lese vegetasjonen, så vi fulgte einstapen mot einekrattet og vidare mot dei høge granene. Klassisk og trist historie om attgroing av det som ein gong var setervoll og beite- eller slåttemark.

Rest av setervollen godt omkransa av høg granskog. 

Den som leitar finn! Huset i skogen. 

Rest av mur



Nøgd med å ha fått ei ny seter på besøkslista, fann vi stien vidare til Merafta. Flott sti og lett å gå til topps. Det seier litt om fritid og prioriteringar i våre dagar.   


Kul open skog vidare oppover.

Til topps! Meraftafjellet 576 moh. 

Sykkylvsfjorden

Langevatnet og utsikt mot Ålesund og øyane i Giske

Heimvegen gjekk om Demmingsvatna - med ei meir moderne hytte i skogen og skikkeleg skogstjernidyll. 





onsdag 29. juni 2022

Stølssanking Snaufjellet over

 29.06.22 Vi la opp til eit skikkeleg kinderegg denne dagen, med både nye stølar, ny topp og overgangtur. Sommardagen var flott og turen vart lang, men verd kvar ein meter! 

Stemninga sette seg tvert vi steig ut av bilen! 

Effektive høgdemeter på skogsbilveg gjennom dyster granplanting

Lisetsetra



Sommarutsikta fra Lisetsætra

Vidare var det utforsking av nytt landskap. Grei sti til gamle Lisetsætra. 


Turist i kulturlandskapet. Foto: Synnøve

Den gamle sætra ligg i eit flott omland.




Greplyng. Sommarstemning i fjellet!

Pust i bakken. Det var ein stor dose å ta inn denne dagen. (Foto: Synnøve)

Tovardane (827 moh) var verd avstikkaren! 

Toppane på Ørskogfjellet vil og vere med! 

Sjølvaste Snaufjellet (893 moh)

Sjekk i stølsboka - og ruteplanlegging vidare


Vi gjekk over Koldafjellet og ned Skarbøbotnen. 
Eg ville ha kalt dalen "Vestredalen" etter elva, men dalen er namnlaus på kartet. 

Tvers over dalen såg vi tydeleg omriss av slåttemarka på Skardbøsætra. 
Her var det på det meste seks sel, og seterdrift fram til 1947. 

Tuftene kan framleis skimtast på Skardbøsætra.

Stien på søraustsida av dalen var ikkje tydeleg, men med intuisjonen til Synnøve gjekk vi oss rett på dei stubbane av sti som fantes. Etter ein lang dag i fjellet var det godt å snuble seg inn på Vestresætra. Her er det velstelte hytter og tydelege teikn på at sætra vert brukt til jakt og kvalitetsfritid.  

Vestresætra

På det meste var det tolv sel og ca 70 mjølkekyr på Vestresætra. Det kom veg heilt fram til sætra før krigen (1938) med seterdrift fram til 1960-talet. Da gav dei fleste seg, men ein gard held fram heilt til 1985.  



For ein dag og for ein tur! 
Eit velfortjent bad i fjorden runda av det heile. Det gjorde godt - sjølv om vatnet var sjokkerande ferskt!  

mandag 2. mai 2022

Fjørå - vårskitur til stølane

 1.mai  Vårtur innover i fjordane vert fort ei reise i nasjonalromantikken, med blomstrande frukttre, leikne fossar og buldrande småskred. Sjølv om vi hadde fokus på stølar i området, var det umogleg å ikkje verte imponert av landskapet som spegla seg i den blikkstille fjorden: Frå irrgrøne spirer og blad nede langs fjorden til dei snødekte toppane meir enn tusen meter høgare oppe.  

Garden Hauge ved Fjørå ligg på ca 400 meter over havet. Her er det tilrettelagt parkering og eit godt utgangspunkt for turar.

Austover og innover mot Tafjorden

Vestover og utover Norddalsfjorden

Første stølen var Nedstestølen, som vi ikkje skulle heilt bortom i dag. 

Nedstestølen frå to ulike vinklar

Deretter passerte vi Høgsætra


Synnøve har tilgang til eit av sela på Nysætra - som var hovudmålet for dagen. 

Selet! Båsplassar i kjellaren og enkel innkvartering i hovudetasjen. 

Flagget måtte sjølvsagt ut på 1. mai.  

Båsane står framleis og vitnar om anna bruk enn fritid og friluftsliv. 

Vi gjekk eit stykke vidare innover. Vårskitur er fantastisk og det er fine slake bakkar bak stølane opp mot Insteheia.  



Nysætra

Og fleire stølar freista til nye turar på andre sida av fjorden...

Valldal Bygdekvinnelag har gjeve ut boka: "Til seters. Setrar i Norddal". 
Flott og informativ bok. 

Om Nysætra/Høgsætra: 
Stølane vart etablert ca midt på 1800-talet. Fram til 1937 var det mykje geit. Deretter hest, kyr og sau. I dag er det kun litt sau som beiter fjellet. Dei fleste bygga som står i dag er sett opp etter 1947. Stølane og beiteområda har utfordringar med tørke. Tidlegare måtte dei frakte ved langsvegsfrå. I dag er det attgroing og skoggrensa kryp opp mot stølane. Vegen vart bygd i 1938-1940, berekna på hest og kjerre i første omgang. Før den tid var det berre sti til stølane. No kan ein køyre med traktor og bil på sommaren. 

Nedstestølen:
Ikkje av dei eldste, men det var støl her ca 1870. Geitehaldet slutta i 1946, men stølen var i bruk med kyr fram til ca 1965. Her var det godt med vatn og det vart nytta løypestreng til å få ved opp og mjølk og gras ned.