tirsdag 18. mai 2010

Vårløysing i Jotunheimen

Langhelg, 17. mai og sein vår var påskotet for å ta turen til Jotunheimen. Hege og eg starta optimistisk i Veolia. Vi nådde Glitterheim ein lang dag og nesten 3 mil seinare. Flott skiføre, fint vær og masse reinsdyr innover Veodalen. Likevel vart dalen på eit eller anna punkt utpå ettermiddagen omdøypt til Helvetesdalen.

Damene på veg til fjells!

Våren kom om natta. Det var ein fin morgon med skodde på toppane og vi sette kursen mot Glittertind. På ski, til fots og på ski att. På cirka 2000 m.o.h gjekk verda i kvitt. Det vart ein laaaaang pause. God mat, god prat og nok klede er trikset. Men det ville seg ikkje...

Ut på tur.. Toppen på Glittertind bak til høgre..

Nedturen i kvitt på roten snø var no berre så måteleg kjekk. Eg lurar på om eg er den einaste i verda som har meir glede av å gå oppover på ski enn nedover?

Mogopen klora seg fast i ura, rypene skvatt unna oss på tunet og det var eit mangfald av fuglesong på myrene (Heilo, snøspurv m.fl). Sildring og klukking på alle kantar. Vårløysing i rekordfart!

 Mogop

Det var god stemning og stor semje i hytta om kvelden at det var vel verdt å bere med seg raudvin gjennom Helvetesdalen.

Vi bestemte oss for å gå ut dagen etter, om Russvatn til Heimsand. Føret ville ikkje bli betre, og med regn og skodde var toppane utanfor rekkevidde. Vi fekk ikkje ein meter gratis. Regn, vind, dårleg sikt og katastrofalt skiføre. Det må vere lov å seie det når det i periodar var lettare å vasse i vieren med ski enn i snøflekkane.. Dagen vart ein test på tolmod, uthaldenheit og mental styrke.  

Tidvis elendig skiføre, men godt feste då..

Men kva gjer vel det - når eg går med verdas beste turkamerat! Hege, du er gull!