søndag 27. juni 2010

Brurastakken

Søndag utan planer og med FLAU bris på yr.no. I dag skulle det padlast! Nina var klar. Eg var klar. GPSen var med før første gang. Høgst usikker på om den var klar..

Turen gjekk frå Øyra i Askvoll til Sauesundet og sørsida av Atløy. Nyt! Berre superkjekt å padle i dag.


Mot Lammetun

GPSen funka den gitt! Ruta her.

23,4 km, 6 timar og 4 km i snitt. Mykje artig informasjon frå GPS-duppeditten. Høgdeprofilen var relativt slapp. Snittfarta er inkludert matpause og "få-småstein-ut-av senkekjølen-pause" undervegs.

Nina syt for å lufte meg om søndagane . Bra for meg!

Eg er godt nøgd! Det er jo ikkje SÅ langt ut til Alden (t.h) og Værlandet (t.v). Nye turar under planlegging!

Pause!

Brurastakken - best frå sjøen. Med i kåringa om geologisk nasjonalmonument.

Sjarmøretappa heimatt til Askvoll. Vi kjem når ekspressen går.

Ideen om å padle Atløy rundt er meir realistisk no. Det var utruleg kjekt å ha "medvind" heim for ein gongs skuld. I den grad det var vind då. Vi såg ein sel, diverse fuglar samt Jørn Magne og Oddvin med grunnkursgjengen. Brukbart biologisk mangfald på ein dag det.

onsdag 16. juni 2010

Aktivitetsdag!

Galne bygdefolk tek fri frå jobb for å jobbe dugnad. I alle fall når dugnaden er å ha padling med ungane på skulen!

-Ingen problem, seier Odin. "Doble kajakkar er så stabile så. Det vert finfin øving på tauing og litt teknikk. Litt nordavind går greit". Javel, tenker eg. Eg er jo berre ein skarve assistent...

Fornøgde 5.klassingar etter padleøkta

Ivrige 6. klassingar klar til padling etter lunsj..

Flåte er ikkje lett i nordavinden - både fotograf og flåte dreiv i land..

Strålande sol, nordleg vind ca 10 m/s + vindkast. Bilda lyg litt. Ikkje om Askvoll-natur-fint, men om temperaturen.

Det vart tauing. Det var motvind. Tauemusklane vart lange. Men utruleg kjekt. Ungane padla på i motvinden, og var like blide, sjølv om dei vart våte, litt kalde og arm-musklane var sure for lengst.

Prototypen på fornøgd aktivitetsleiar?

God rekruttering? Satsar på det... :o) Askvoll Padleklubb har i tillegg gratis kurs for ungdom i sommar, og på nettsida kjem det fleire bilde frå aktivitetsveka etterkvart.

MEN SÅ....
Turbodamene hadde tenkt å ta "ein dobbel" om ettermiddagen. Eg vart frista.. Det var jo tross alt overkroppen som hadde fått trimmen på dagtid, ikkje beina.

I litt rolegare tempo enn vanleg starta vi ved vassverket. Fagredalen- Fanafjellet. Dette fjellet fornektar seg ikkje. Kaldt og j..... som vanleg. Skal sjå langt etter dei brune leggane i år...

Fanafjellet (har visst panoramafunksjon på kameraet gitt! Klikk på bildet for større utgåve)

Vi prøvde å peike ut Smørskorsnova, men det vart mange framlegg til kandidatar. Utruleg kor terrenget snur seg frå ulike vinklar.

Samrøystes: nista skal etast i le! Vi durar austover - og er nesten heilt einige om vegen. I dei fleste tvilstilfelle følgjer vi Zarek. Etterkvart kjem vi inn på turlagsstien mellom Stongfjorden og Nipebu. Mellom Siklebergsvatna og til Langevatnet. Kjempekjekt å gå litt innover i fjellet, ikkje berre rett opp og ned på toppane. Sjelden eg trakkar desse stiane.

Kryssing mellom Siklebergvatna

Fint oppstilte klar for bilde. Eg har teke på turgliset - men fotografen ferskar i staden mat-tjuven som nyttar høve til å hive seg over bollen til Connie. Never trust a Spaniel!

På turlagsstien ved Langevatnet

Topp to er greit unnagjort. Fint turver, om kaldt. Heimatt går vi om Bogetjønna og Bogejota. Fint! Traff nokre sauer og, men dessverre litt for få. Skulle vore hundrevis av dei for å halde fjellet ope og attgroinga i sjakk.

14. juni vart aktivitetsdag - både for ungane og meg. Med ein tidleg kveld for mitt vedkommande....

torsdag 10. juni 2010

Padling igen!

Framleis litt ekstatisk kvar gong eg kjem meg på sjøen! I dag fekk eg vere med ein rykande fersk aktivitetsleiar på tur. Øyra som vanleg. Greenlanden som vanleg. He-he. Kan venne meg til dette. Varmare og stillare dag. Nesten ein tendens til sommar, viss vi kjente no rett så godt etter.

Oddvin i farta - løysingsorientert aktivitetsleiar: "Det er berre å gje gass!"

Turen gjekk forbi Prestøya, vidare vest for Flatøya og inn på austsida heimover att. Litt lenger (ca 7 km) og betydeleg lettare enn sist. Litt kanting, ulike svingtak og generell padleteknikk på meg. Betydeleg meir akrobatikk og bading på Oddvin. Storførnøgde med kvar vår klubbkajakk. Og at vi kom oss på tur.


Sommarkveld - det er no fint i Askvoll ja!



onsdag 9. juni 2010

Padling!

Endeleg! Etter å ha teke eit par padlekurs med ein 6-7 års mellomrom går eg no frå prat til praksis..
Tjuvstarta forrige veke på klubbkveld med padleklubben.

Søndag 6. juni var det padletur! Jippi! Mjuk (?) start Øyra - Prestøy - rundt Lauvholmen til Olset og i motvind heimatt. Litt bølgjer og grøn sjø - fint! Kan verte ein bra sommar dette her..Er veldig nøgd med dei spreke og sporty nabodamene mine. Det er noko med vatnet på Røyset...;o)

 Klar for tur!

Gliset går nesten heilt rundt..Lånte klubben sin Tahe Marin Greenland. I like!

Luksus å ha dette bokstaveleg talt rett utanfor stoveglasa..

Olset

Ca 5 km totalt. Meir fokus på padling enn bildekvalitet denne dagen.. Ein milepæl er passert. Og det perfekte padlebildet er det vel berre å strekke seg etter.

søndag 6. juni 2010

Topp til topp til topp

Lettlurt? 5. juni var dagen for Askvollhalvøya-på-tvers-ekspedisjonen.Tre av fjelltrimtoppane i år ligg nemleg i nærleiken av IST si løype "Fjord til Bre" For min del test til Josten-tur. Begge er interessert i poengsanking. Nydeleg turvær med 13 grader, knallsol og bittelitt vind.
Flott landskap - Eitrenipa, Kringla og Krokavatnet

Topp 1 av 1 - Fossedalshengenipa. 30 poeng. Vi er ved godt mot!

Fossedalshengenipa er eit fasinerande fjell - vi kjem gjennom skogen og brått er resten av turen blankskurt svaberg. Dagens einaste sjokk kjem på toppen. Kor er matpakka mi? Jau, den ligg faktisk på toppen av kjøleskåpet heime, trygt ute av Zarek sin snuteradius....
Oppteljing av Nina sine brødskiver og totalen av frukt, nøtter, sjokolade, toddy osv viser at vi har nok mat til heile dagen. Gåvmilde turkameratar er gull verdt! Nipebu neste.

Langevatnet i Rivedal - det er faktisk utruleg fint i vår heimlege fjellheim!

Folksomt i nærleiken av Nipebu. Det vart difor litt tyting, sosialisering og rast i solveggen. Knallfin sjølvbetjeninghytte, Nipebu! Om litt av villmarkskjensla forsvinn så er det greit å gå turlagsstien. Den ligg bra i terrenget innover, og er godt merka, utan å vere alt for opptrakka.

Strekninga Nipebu-Smørskorsnova er ukjend terreng for meg. Sauesanking i tett skodde tel ikkje. Eg gler meg til nytt terreng. Nina gjekk her på ski i vinter og veit akkurat kor langt det er. Vi skal passere to andre trimtoppar som ikkje er på poenglista i år - Røyrbotnholten og Vardenova.

Eg er ikkje død - berre veldig veldig sliiiiten...

Vi vart relativt bekymra for Zarek ei stund. Han nytta eit kvart høve til å legge seg ned og sendte oss sure blikk når vi ville gå vidare. Bering av død hund var definitivt ikkje del av planen. Men når klokka vart 4 kvikna han til (vanleg aktivitetstid..). Så det var nok berre den daglege midt-på-dagen-luren han var ute etter.. :o)

Nydeleg i Rivedalsfjella og! Men det er eit godt stykke frå Nipebu til Vardenova. Det er berre greit.

Nina før Røyrbotnholten. Topp 2 av 3 - Smørskorsnova bak til venstre.

Utpå ettermiddagen nagla vi topp 2 av 3! Herleg, herleg!

Smørskorsnova. 10 nye poeng.

Etter å ha knekt meir enn 3/4 av turen, både i lengde og høgdemeter var det tid for belønning!

No var vi inne på meir kjente stiar i Holmedalsfjella. Flott natur her og - og vi passerte Langevatnet, det andre for dagen. Ny tur med fiskestang hit i løpet av sommaren er eit mål..


Beina er litt møre, men moralen høg, og vi labbar vidare vestover. Fanafjellet er topp 3 av 3. Dei siste 10 poenga er i hamn! Vi er strålande godt nøgd med oss sjølv, dagen, turen, veret. Litt ferdige med turen, no er det jo berre nedoverbakke att!
Fanafjellet! Heia oss!

Vel. Vi var vel ikkje heilt ferdig. Knea protesterte litt i bakkane nedover. Men alle var einige om det hadde vore ein fin tur! 2,5 mil. Tre toppar. Nye stiar. Upåklageleg selskap på turen. Lettlurt? Kanskje det, men eg angrar ikkje. Takk til Nina for overbevisande innsal av langtur! Vi har det fint i Askvoll!

No må det no snart vere slutt??

onsdag 2. juni 2010

Fanafjellet frå Holmedal

1. juni. Nytt bilde på kalenderen på kjøkkenet. Ops! Berre 10 dagar til mogleg Josten på tvers. Som ledd i svært strukturert oppkøyring (hmmf) til denne vart det kveldstur til Fanafjellet frå Holmedal. I vinter dreiv vi  med avanserte pilatesøvingar inne. No er det vindtett og fjellsko som gjeld, og fokus på "senteret" er mellombels parkert til fordel for frisk luft og høgdemeter.

5 damer og 3 hundar. 2 tisper i løpetidavslutning og ein mentalt forstyrra hannhund.. Vassverket - Håland/Tveitstølen - Fagredalen - Fanafjellet t/r. Anne-Grete er super turleiar, og det er stor inspirasjon å sjå korleis Anita, Veronica og Inger Berit sprett opp bakkane.

Framleis kaldt på toppen, men ikkje snø og skodde i alle fall.. Stikkene som er sett opp i Fagredalen fungerar godt der stien er litt utydeleg - kjappaste vegen å følgje desse. Finfin kveldstur - sosialt var det og.

Så då er det vel berre å finne fram skia til brekryssinga..

Breie glis i Fagredalen

Fanafjellet frå Størdal

26. mai. Rykta om fin sti frå Størdal til Fanafjellet måtte testast. Connie, Leif og Vigdis fresa opp bakkane, og eg kom dinglande etter. Frå sol til snø - og frå vår til vinter. Flott sti gjennom skogen. Uvante vinklar inne i terrenget, og god utsikt til Skålefjell. Det var greit å finne fram, stongfjordingane hadde merka der stien var utydeleg.

Vi hadde vel ein ide om at det var kortare å gå herifrå enn frå Holmedal. Men den gang ei...Brukte omlag same tida gitt, så snarveg var det nok ikkje. Men alltid kjekt å ha fleire vegar til turmåla, og artig variant å gå frå Størdal! Skal testast på ein skikkeleg sommarkveld seinare i år sidan heile stien ligg i kveldssolterreng...

Vinter og snø på toppen sjølv i mai

Idyll i vårskogen - håpet er lysegrønt..