søndag 6. juni 2010

Topp til topp til topp

Lettlurt? 5. juni var dagen for Askvollhalvøya-på-tvers-ekspedisjonen.Tre av fjelltrimtoppane i år ligg nemleg i nærleiken av IST si løype "Fjord til Bre" For min del test til Josten-tur. Begge er interessert i poengsanking. Nydeleg turvær med 13 grader, knallsol og bittelitt vind.
Flott landskap - Eitrenipa, Kringla og Krokavatnet

Topp 1 av 1 - Fossedalshengenipa. 30 poeng. Vi er ved godt mot!

Fossedalshengenipa er eit fasinerande fjell - vi kjem gjennom skogen og brått er resten av turen blankskurt svaberg. Dagens einaste sjokk kjem på toppen. Kor er matpakka mi? Jau, den ligg faktisk på toppen av kjøleskåpet heime, trygt ute av Zarek sin snuteradius....
Oppteljing av Nina sine brødskiver og totalen av frukt, nøtter, sjokolade, toddy osv viser at vi har nok mat til heile dagen. Gåvmilde turkameratar er gull verdt! Nipebu neste.

Langevatnet i Rivedal - det er faktisk utruleg fint i vår heimlege fjellheim!

Folksomt i nærleiken av Nipebu. Det vart difor litt tyting, sosialisering og rast i solveggen. Knallfin sjølvbetjeninghytte, Nipebu! Om litt av villmarkskjensla forsvinn så er det greit å gå turlagsstien. Den ligg bra i terrenget innover, og er godt merka, utan å vere alt for opptrakka.

Strekninga Nipebu-Smørskorsnova er ukjend terreng for meg. Sauesanking i tett skodde tel ikkje. Eg gler meg til nytt terreng. Nina gjekk her på ski i vinter og veit akkurat kor langt det er. Vi skal passere to andre trimtoppar som ikkje er på poenglista i år - Røyrbotnholten og Vardenova.

Eg er ikkje død - berre veldig veldig sliiiiten...

Vi vart relativt bekymra for Zarek ei stund. Han nytta eit kvart høve til å legge seg ned og sendte oss sure blikk når vi ville gå vidare. Bering av død hund var definitivt ikkje del av planen. Men når klokka vart 4 kvikna han til (vanleg aktivitetstid..). Så det var nok berre den daglege midt-på-dagen-luren han var ute etter.. :o)

Nydeleg i Rivedalsfjella og! Men det er eit godt stykke frå Nipebu til Vardenova. Det er berre greit.

Nina før Røyrbotnholten. Topp 2 av 3 - Smørskorsnova bak til venstre.

Utpå ettermiddagen nagla vi topp 2 av 3! Herleg, herleg!

Smørskorsnova. 10 nye poeng.

Etter å ha knekt meir enn 3/4 av turen, både i lengde og høgdemeter var det tid for belønning!

No var vi inne på meir kjente stiar i Holmedalsfjella. Flott natur her og - og vi passerte Langevatnet, det andre for dagen. Ny tur med fiskestang hit i løpet av sommaren er eit mål..


Beina er litt møre, men moralen høg, og vi labbar vidare vestover. Fanafjellet er topp 3 av 3. Dei siste 10 poenga er i hamn! Vi er strålande godt nøgd med oss sjølv, dagen, turen, veret. Litt ferdige med turen, no er det jo berre nedoverbakke att!
Fanafjellet! Heia oss!

Vel. Vi var vel ikkje heilt ferdig. Knea protesterte litt i bakkane nedover. Men alle var einige om det hadde vore ein fin tur! 2,5 mil. Tre toppar. Nye stiar. Upåklageleg selskap på turen. Lettlurt? Kanskje det, men eg angrar ikkje. Takk til Nina for overbevisande innsal av langtur! Vi har det fint i Askvoll!

No må det no snart vere slutt??

1 kommentar: