torsdag 22. juli 2010

Værlandet

Tirsdag 20. juli. Ut på tur - aldri sur. Vi har då regnklede. Og ferie.

Høgkletten 163 m.o.h.

 Gjekk på konglomorat i dag og. Hege trur vel snart at det ikkje finst noko anna her.

Normalt kan 360 graders utsikt nytast på toppen. I dag vart det berre eple...

Men vi veit kor vi har vore - her er ruta!

På Værlandet ligg det eit stort naturreservat, Sørværet, og heile øya er meir eller mindre kystlynghei. På den gråaste av gråe dagar traff vi blomstringa til purpurlyngen, som eksplosive fargeklattar i landskapet.

Purpurlung (Erika Cinerea)

Klokkelyng (Erika tetralix)

Fyring og støveltørk....

onsdag 21. juli 2010

Hengenipene!

Møtte Hege i trappa 08.00 måndagsmorgon 19. juli. "Familierådet" gjekk fort føre seg i nest øvste trinnet. - Vi går vel berre å legg oss igjen? - Jepp. Skodda låg heilt nedpå fjorden og det silregna.

Etter ein kvalitetsfrukost og litt shopping i Askvoll var vi klar for tur. Som dagane før letta det frå lunsjtider. Vi sette kursen mot Førdefjorden og nye fjelltrimpoeng.

Fossedalshengenipa er veldig annleis enn Toreheia. Eg ville vise fram og Hege ville sjå.

Vi strenar opp "verdas største svaberg"!

Konglomorat

Konglomoratfjell er artig! Knudrar, fargar og fasongar. Fast fjell av småstein. Ikkje ein sprekk nokon plass. Godt å gå på er det og. Nokre sauar, litt puls og brått er vi oppe. 30 nye poeng vert innkassert. Utruleg fnt område dette, med formasjonar, vatn, dalar og fjordar i mange variantar.

På Fossedalshengenipa med utsikt mot Markahengenipa (t.v. for skulder).

Kjapp lunsj, slik at vi akkurat ikkje fekk naglebet. Juli? Trur vergudane må sjekke kalenderen sin gitt. Men fint og opphald, klagar ikkje på det. Neste hengenipe stod for tur. Ned berget, krysse myra og utover dei slake berga mot neste topp. Lett å gå. Kjekt å vere på tur. Verdensproblema vert små, og vi har stort sett løysingar på det meste.  

Soldogg (Drosera intermedia?) Kul kjøttetar.

Der var vi...Frå Markahengenipa mot Fossedalshengenipa.

Fjell er ofte finare frå nabofjellet enn frå toppen. Motivasjonen for å gå på to toppar? Her var det jo ikkje bok eingong. Kunsten er å spare på kaffi og sjokolade slik at det er litt å hente på kvar topp..

Kniv er lurt på tur - kjem alltid til nytte. 2 damer - to toppar - ein Stratos.

Markahengenipa frå vatnet. Fin topp dette og.

Dagens rute: 11 km, to toppar (713 og 605 m.o.h) og faktisk alle hengenipene i Askvoll besteget på ein dag.

søndag 18. juli 2010

Staveneshalvøya i stiv kuling

Besøk = tur! Hege var litt sugen på Blegja i ferien, for gamalt vennskaps skuld. Første førsøk på frukost vart utsett når skodda hang nedpå hustaka. Yr.no og dei lokale vergudane var ikkje på same lag i dag. Utpå førmiddagen letta det litt - og vi landa på Toreheia.

Hege på Askvollbesøk - ut på tur - aldri sur! Oslandsbotnen og Blegja i bakgrunnen.

Det bleste frisk på kanten, og friskare utover dagen.
Stiv kuling på kysten og storm ved Stadt var dagens melding..

To the top! Blide og nøgde på Toreheia. Skodda låg på Blegja heile dagen.

Vindleppe!

Det reiv godt i kroppen på toppen - friskt!
Vart ikkje lunsj før langt ned i bakkane..

Den store steinen ER fasinerande - kvar gong!

Dagens tur. 6,5 km t/r og 600 høgdemeter kvar veg. Vert stadig overraska over kor korte turane våre eigentleg er når eg får GPS-fakta frå turen.

søndag 4. juli 2010

Blegja

Laurdag 3.juli vart det Blegja-tur. Etter kvadruppelbursdagsfeiring i Rivedal fredag var eg litt i tvil om det var lurt. Ikkje god start på turen å begynne med ibux. Men vermeldinga var analysert - litt for mykje vind til padling og betydeleg dårlegare på søndag. To the top!

Shorts til siste kanten - stilongs på toppen. Fekk i alle fall litt kjensle av sommar. Zarek sleit skikkeleg frå vatna og opp. Ura er grov, og han er ikkje sterk nok lenger til å hoppe omkring. Trur det vert siste Blegja-turen på han.

Godt fornøgd på toppen! (1305 m.o.h)

Askvoll sjømat og delikatesser opna dørene klokka 10.00, og vi hadde proviantert.
Blåbærbolle på Blegja kan anbefalast!

Nina tek ein varderock!

Dei som laga leveggen på toppen tenkte nok ikkje på slitne hundar først og fremst.
Zarek gav blanke i vardeklyvinga og tok seg ein lur.

Frisk luft gjorde godt. Blegja er eit litt kjedeleg fjell tykkjer eg. Berre steinrøys. Men fin utsikt, både frå toppen og undervegs. Særleg mot Kvamshesten (aust) og Skorvenvassdraget (vest). Og sidan det er kommunen sitt høgaste må det no bestigast av og til.

Panorama frå toppen - klikk på bildet for større versjon

Turen er berre 10 km totalt t/r. I dag var eg og GPSen på lag att, så her er fasiten:

torsdag 1. juli 2010

Atløy med noko attåt

- eller med "trynet fullt i mat..."

Onsdag 30.juni var ein regnfull og trist dag på jobb. Torill hadde lokka meg til Atløy om kvelden. Med lovnad om guida geraniumtur i hagen og testtur på den framtidig merka Kystarvstien Herland- Tevik for eg utover med fulle regnklede og toddy.
Bergfrue x 2

Flott og variert kystnatur - mot Kinnaklova i nord
Kvelden vart berre finare og finare. Litt debatt om sti, vegval og merking vart det undervegs. Vi veit jo å gjere nytte for oss. Damene hadde og full kontroll på både botanikk og geologi i området, så det var mykje spennande å sjå på undervegs, frå orkidear til forkastningar.

Herland er ei flott fiskerihamn, og det er berre nydeleg å komme bort til Herlandsvatnet og elva. No skulle vi vidare mot Avløyp og Kjørvik. Dette er veglause gardar på nordsida med saftige fiskarbondehistorier å fortelje.

Men før vi kom så langt - kveldens perle! Sellvågsanden! Ut frå lyng og knausar dukkar det brått opp den finaste lille sandstranda du kan tenke deg.

Kom sommar og badetemperatur!

Og det var no dei lokale kunne fortelje at det ikkje var mogleg å gå tur på Atløy utan å få "trynet fullt i mat..." Ikkje berre vart det fortalt, det vart og servert! Rekesalat med karri og tzatsiki, moreller, jordbær, kake m.m er ikkje akkurat dagleg turmat på fastlandet, så her er det berre å halde ferjekortet varmt. Med konglomoratstein til ryggstø og fiskekassebord var Sellvågsanden gourmetrestaurant opna for kvelden.

Det smakte himmelsk! Årets første blåbær vart og spist på turen.
 

God mat og god stemning


No har eg padla sørsida og gått nordsida. Atløy er ei perle. Det vert bekrefta kvar gong eg er der. Det beste av alt er at damene (med hjelparar) i regi Atløy IL vil merke og rydde stien - slik at du og kven som helst lett finn fram. Frå Herland til Tevik er det ca 4 km, med variert kystnatur og flott utsikt. Turen passar for alle, er relativt lett, men opplevinga er stor!

Frå ein grå dag til ein super kveld - i godt selskap! Dette er ikkje den lengste turen eg har gått i år, men heilt klart ein av dei kjekkaste! Eg må berre takke for service, tilrettelegging og humør.

Og det kjem heilt sikkert geranium i min hage og etterkvart..