fredag 24. september 2010

Circumnavigation Atløy - Tviberg

Etter naglebiting, daglege trippelsjekkar av yr.no, og panisk leit etter teltpluggar heile veka stod vi på Øyra i knallvær! To kajakkar - ein haug med bagasje og om mogleg endå større ambisjonar.
Alt fekk plass - men det tok ein time...

Nina med Alden

Småruskete Granesund, stilt og fint sørom Atløy. Forbi Vilnes tok nordavinden for fullt, og eg hadde mittt svare strev med å halde kursen. Vi kom oss over bukta oppunder Brurastakken og fekk att pusten. Men når vi runda hjørnet der vart vi litt bleike. Store bølgjer og kraftig vind direkte frå nordpolen. Tvibergsundet gjekk kvitt. Tilbake i Skarvikja for rådslagning. Tør vi? Er vi gode nok? Kva viss ein av oss får ein velt? Har vi kontroll?

På hjørnet ved Brurastakken mot Tviberg. Storenipa til venstre.

Ringte Kjell som sjekka yr.no ein gong til (meldinga sa 8-9 m/s). Vi åt, pausa, kvilte oss og venta på at vinden skulle løye. Nye personlege rekordar i tolmodigheit og fornuft vart sett denne ettermiddagen. Eit forsøk til og plan B i reserve. Når vi kom rundt for andre gong var det framleis bølgjer, men litt mindre vind. Vi kryssa! Tungt, men greit.

Vi padla langs Tviberg sørover for å finne teltplass. Stilt og fint  på sørsida, men berre bratte berg. Kartet freista med ei fin bukt på vestsida. Berre at for å komme dit så måtte vi rundt att... Havdønning og bølgjer på ca 1 meter vart bekjempa (med skrekkblanda fryd). Men det var det verdt, for verdas beste teltplass låg nemleg i Kalvågen!

Kveld i Kalvågen
Fullpakka kajakkar er greie å padle men noko herk å bere. Vi er verdsmestrar til å sette opp telt og lage stormkjøkkenmat. God stemning i leiren!

Morgonstemning i basecamp. Hurtigruta kan sjåast til venstre rett over teltet.

Søndagen vakna vi til sommar! Hurtigruta kom tøffande forbi og vi mekka egg og bacon til frukost. No skulle vi til topps! Storenipa på 190 m.o.h er det høgaste på Tviberg, og vi kleiv opp. Møtte ein sprek og spenstig 8-taggar som var litt forundra over å få besøk. Utsikta frå toppen var heilt fantastisk i alle retningar. Turen vart avslutta med bad i sjøen! I september! Ikkje kvart år for min del..

På toppen! Solund i bakgrunnen.

Padleparadiset vi skulle ut i om ettermiddagen - Hindøy, Avløyp, Heggøy og Staveneset lengst bak

Kalvågen - vår perfekte teltplass (dog utan vatn), og Alden. Telt og kajakkar vart nesten usynlege frå toppen men ligg godt plassert inst i bukta.

Kjell kom padlande ut til felles lunsj før vi sette kursen austover att. No for vi på nordsida med øyhopping for auge. Stas med nærkontakt med to ørner.  Hindøy - Avløyp - Heggøy. Vi rakk akkurat å komme oss gjennom Vaulen på Heggøy før det fjøra for mykje. Knallsol og stilt på sjøen. Kjell for innatt til Staveneset og vi padla Granesundet heim.

 Testing av årefotografering. Storenipa på Tviberg bak
(Foto: Kjellay)

Avløyp

Smak av HAV - mot Kinn
(Foto: Kjellay)

Trangt og grunt og kjekt gjennom Vaulen

Oppdrag Circumnavigation* Atløy - Tviberg gjennomført med stil! Det store spørsmålet er kvifor i alle dagar vi ikkje har dreve med telting før? Eit par slike turar til og vi er klar for Arctic Sea Kayak Race 2011 til sommaren. I alle fall Short Ramble.


GPSen viste total 40,69 km padling. Sjølv om vi hadde brukt to heile dagar så var ikkje effektiv padletid meir enn 7 timar og 45 minutt. Vi skal jo ete nokre måltid per dag og.. Snittfarta på denne tida var 5,2 km/t. Pakking, telting og tur på land tek tid, og må leggast inn i berekninga av krefter og dagsopplegg. Sjå elles Kjell sin versjon av turen her.
*Circumnavigation – literally, "navigation of a circumference" – refers to travelling all the way around an island, a continent, or the entire planet Earth.
Eller rundt Atløy......

tirsdag 21. september 2010

Padling i september

Kjekt med ferie - kjekt å komme heim! Etter mindre enn 24 timar i Askvoll sat eg i kajakken. Begynner eg  å verte hekta? Det skal seiast at eg har god drahjelp og då.  7. september tok Nina og eg ein kveldstur.

Godt nøgd med å vere på sjøen att!!

Vi var litt seint ute, skulle ikkje noko spesielt spennande. Berre litt inn fjorden til Helle. Kjedelege greier. Berre at når vi først har komme oss ut, så vert det som regel bra likevel.

Padlar i solnedgang. Klassikar?

Stilt og fint på sjøen. Alden og klettane på Værlandet dukkar opp bak Atløy. Vi kunne ikkje hatt det betre når vi plaskar avstad rett utanfor stoveglasa våre!

Vart kontrollert våt i håret. Vart mørkt ca 5 minutt etter at vi landa kajakkane.

Søndag 19. september drog vi ut att om ettermiddagen. Drittvær og innehelg. Men er det god nok  unnskyldning at det regnar når ein skal padle og har tørrdrakt? Tydelegvis ikkje...

Sidan det snart vart mørkt la vi ambisjonsnivået lågt. Granesundet nordover. Kjedeleg. Men her har vi ikkje vore på ei stund, så greit nok.

Rett før Sandvika vart det ei infernalsk piping. Vi hadde splitta ein gjeng med oterar, minst tre, som ikkje var heilt nøgd med det.

Det er vel ein grunn til dei store naturfotografane ikkje brukar kompaktkamera...
Men her er beviset: Oter - og nærme!

 Vi padla ut til Eimindlykta og litt til.
Måtte sjekke hytta til Arve medan vi var i området. Ser bra ut!


Den staken vi hadde tenkt å runde viste seg å vere veldig langt ute. Vi kryssa sundet og for sørøver langs Atløy. Tok ein liten miljøsjekk på oppdrettsanlegget. Såg bra ut der og: Klårt vatn og sprek laks.

- HAI! gaular Nina. Dum som eg er dett eg nesten uti. Det var nok berre ei nise, ikkje den store sensasjonen, men kjekt å sjå.. Nina påstår det var artig å sjå reaksjonen min og. Hmf.

Like etterpå vert vi stupbomba av nokre store fuglar, og når vi ser etter er heile berget fullt av skarv! Fleire og nærare enn eg har sett nokon gong.

Etternølarane sitt her
 

Vakkert i Granesundet

Ikkje vart det regn, Granesundet var fullt av dyreliv, og eg tek tilbake litt av det stygge eg sa i starten på turen. Det er berre greitt: Det gjeld å komme seg ut! 

Tur 1 ca 12,5 km
Tur 2 ca 13 km

søndag 5. september 2010

Talstadhesten

Knallvær på Skarset og fri. Det klødde i toppturfoten. Alle var eigentleg opptekne med sitt og eg var litt ustrukturert. Då Randi ville vere med på tur vart det fart i sakene. Kjekt med spreke kusiner!

Elle melle... Ein topp eg aldri har vore på før? Det vart Talstadhesten (913 m.o.h)

Endeleg kunne vi gå i shorts! Eg hadde gløymt kor fint det kan vere i Fræna med utsikt over hav og fjordar.
Vindmølleanlegg på Smøla, Ormen lange på Aukra, Romsdalsfjella og Sunnmørsalpane. Busetnad og optimisme langs alle strender. Det var mykje å sjå.

Panorama ytre (nordvestover) - frå vestre: Skalten, Skarvatnet, Raudtuva, Hustad, Farstad, Stemshesten, Melen. 
- klikk på bilda for å få dei større!

Panorama indre (sørvestover) med Frenfjorden, Gjendemsfjellet og Gossen

Neste gong skal vi ha med kart slik at vi kan peike ut nokre av toppane i Romsdalen. Det var og ein luftig men fin overgang mellom Talstadhesten og Høgeheia som frista til ein tur til. Randi og eg har ein generalplan om å gå eit par nye toppar i året, og vere spreke til vi er ca 95 år, slik at vi rekk å jobbe oss gjennom heile fylket...  

torsdag 2. september 2010

Skogsfugleldorado

Fuglejakt er førebels utanfor mitt gebet - så eg satsa på karriere som kartlesar og bærplukkar siste veka. Imponerande kor godt organisert fuglejakta i Sverige er, og kor ryddig og greit det er med jaktkort, registreringar og slikt.

Jaktkameratane klare til innsats

Spenninga i jaktkameratleiren var stigande. Noko usikkerheit om kor nord eigentleg var, samt erkjenning av at skogsbilgrusvegar med tilhøyrande barskog og høgstflater er grunnleggjande KLIN LIKE førte til ein litt amper start i jentebilen på dag ein. Men deretter var det jamn stigning! 

Marita med sin første fugl! Ei fin orrhøne.

Terrenga var store og varierte, og vi var innom fleire ulike i løpet av veka. Alle stader såg vi fugl.. I alle variantar! Gutane hadde ein hurradag i Granåsen der dei såg meir fugl på nokre timar enn under heile jaktveka i fjor. Ikkje rart at Arve vart blank i blikket og grautete i målet når han skulle fortelje om "...gode gamle Granåsen...."

Kos i terrenget høyrer med. Naturopplevinga er ein viktig del av jakta. 

Jaktkameratane må berømmast for høg moral, fokus på tryggleik og konsentrasjon. Vi fekk og erfare myrfotar, som utover i veka utvida seg til å verte myrkropp. Kva det er for noko? Gå med sekk og hagle 8 timar i myrterreng og du har full kontroll på "Myrfotan"...

Røy - flott fugl med nydeleg fjørdrakt

I løpet av veka vart det felt tiur, røy, orrfugl, orrhøne, jerpe, lirype i fleng samt ei nøttekråke på oppmoding frå biologen. Når vi veit at "Arve spesial" er fellesmiddag med orrfugl i appelsin- og tranebærsaus så er det berre å gle seg til vinteren.

Vi lærte mykje om fuglane, habitatbruk og terreng. Faktisk var det så interessant at eg kunne tenke meg å lære meg å skyte med hagle sjølv. I område med så rikeleg med vilt, og god forvaltning i botnen, er jakta også utan bismak. Etter ei veke i Dorotea var vi ikkje i tvil: Dette er eit skogsfugleldorado!

Skogens godgut i kongehumør. Her har Kent fått fuglemiddagen i boks og.

Bjørnejakta begynte når vi kom, og i Vesterbotten län vart det felt 25 stk første dagen. Vi fekk høyre om helikoptertaksering med 40 individ på 50 km strekning. Heldigvis hadde vi gjort heimeleksa vår og lært korleis vi skulle oppføre oss i bjørneland: Video om bjørneoppførsel.

"Neiru" og "Jaharu" med grovmålet og svensk aksent var øvd inn over 90 mil i bil og ei veke i lavvo og sat som eit skudd hos samtlege. Det næraste vi kom bjørn var bjørnebæsj. Og det var heilt greit.

Oliver tjädertupp!

Kunne godt tenke meg å ha ein veldressert springer spaniel med meg på jakt i slikt terreng. I tillegg til jaktkameratane sjølvsagt. Vestlendingen får perspektiv på livet etter hundrevis av kilometer skogsbilveg, millionvis av tre, mosaikk av hogstflater og ei veke utan utsikt.

Den som ikkje jaktar sjølv får finne seg i å vere eit trofe..? ;o)

 Vertskapet på Dorocamping var kjempetrivelege, og servicen på Sporten upåklageleg.  

Så fornøgde vert jaktkameratane etter jegerspesialmiddag på Dorocamping..

onsdag 1. september 2010

Eksklusive antioksidantar

Farmor og mamma hadde bestilt molte. Vi hadde med oss 3 stk 10-litersbøtter. Skuffelsen var difor stor når vi fekk vite at både molte og blåbær hadde frose under blomstringa, og det var ikkje noko å finne i heile Vesterbotten län.

Men på fjellet vassa i vi i krekling! Farmor er ikkje vanskeleg med kva ho puttar i den daglege "Smuttisen" sin, berre det har frisk smak og er proppfult med antioksidantar.

Karianne tok litt av. Vi plukkar i det vi har, var mottoet. Krekling større enn blåbær overalt! Så søstersen stod krøkete i dagesvis med bær i blikket..

Det er jo lekkert då!

Lukka er ei vidde med lyng og barndommens blå bærbøtte... (tjuvlånt frå kjellaren hos mor)

Etter eit par dagar i dei svenske skogane på jakt hoppa eg av. Eg var på bærkøyret. Det var berre å innrømme det. Eg har aldri sett eller smakt tyttebær på denne måten før. Kjempedigre, søte og overalt!

Det går jo ikkje an å berre la desse få stå?
 

Heile Dorothea kommune var fullt av tyttebær. Overalt!

På grunn av at vi skulle vere 4 personar med bagasje, fiskestenger og hagler i bilen heim var det kvote på bær. Maks 30 liter. Kanskje det var bra. Vi kunne ha plukka eit tonn med tyttebær.

Etterkvart som kvoten vart full så vart vi kreative. Myrene var fulle av tranebær. Det var litt tidleg, men dei første begynte å verte modne. Tranebær er ikkje vi vant med, sjølv om eg trur det finst på Vestlandet og. Etter ein heil førmiddag i myra hadde vi plukka ein liter tilsaman begge to. I tillegg hadde vi fått ei heilt ny forståing for prisen på tranebærprodukt...

Eksklusive antioksidantar
 

Vi spora opp den einaste blåbærlia i området. Griseflaks. Godt nøgd med utvalet denne dagen, tyttebær, blåbær og tranebær.

Marita og gutta sørga for å få frysaren full av fugl og vi tok ansvar for tilbehøret. Dei tok kule bilder av seg sjølv i alle slags positurar med hagle og vilt. Vi stod med rompa i veret med refleksvestane på, for ikkje å bli skotne kan du vite. Vert ikkje fotomodell av slikt.

Kjekke økter i dei svenske skogarna med bærbøtta.

Smaking påbudt, når bilkvota er plukka for lengst.
Tenker både mor og morfar hadde vore stolt over å sjå korleis bær-genene hadde gått i arv.

Karianne sytte dessutan for ein liten sensasjon i Vilhelmina. Massøsa spurte kva vi gjorde på om dagane. Vi plukka bær i går, svarte Karianne. -Hjortron då? spurte massøsa. -Jepp, svara søstra stolt! -Eg plukka 10 liter på eit blunk!! -VAD?? Så fantastisk, svarte massøsa vantru og imponert. Karianne tykte og det var imponerande og var nøgd med responsen.

Bortsett frå at tyttebær heiter lingon på svensk, og at det ikkje fantes ei molte i mils omkrets..Så gjett om dei lokale grubla på kvar vi hadde snubla over den einaste moltemyra med bær dette året...

Ondt ofte lider den Fiskermand

Fiskekort kr 200,- /veke. Det svenske fjellstyret oppmoda oss om å kose oss med fiskinga og fiske så mykje som vi klarte å ete. Så langt alt vel. Installert i lavvoen ved Dåaranjaevrien (vatnet). Såvidt uti med fiskestanga. Der satt han! Fjellauren var på bet!

Kveldsstemning ved vatnet og Karianne med sedvanleg fiskelykke utover kvelden.

Etter ei lita kveldsøkt hadde vi 5 kg fjellaure! 10 stk frå 400 - 700 g.
Oteren var med berre som naudløysing. Det viste seg å vere heilt unødvendig.. 

Det var no vi skjønte at vi hadde eit problem. Vi hadde jo berre såvidt fyrt opp fiskeinstinktet, ikkje eingong varma skikkeleg opp. Allereie var matkvoten full. Aiaiai.

Å jaudå! Det ER storleiken som tel....

Fisk på fat - bærre lækkert!

Og vi åt fisk. Steikt fisk, røkt fisk og fiskesuppe.

Det vart mykje mindre fisking enn vi hadde tenkt. Nettopp fordi vi fekk mykje fin fisk, som ikkje var råd å sette ut att. Og det var begrensa kor mykje vi klarte å ete unna. Neste gong skal vi ha med eit par personar til, som elskar å ete fisk men som hatar å fiske.   

Arve fileterte - bærre lækkert!

Turens største - etter nøye innveging! 990 g.

Det var så fin kvalitet på fisken at det var - bærre lækkert!

Så med ubegrensa tilgang til fjellaure av toppkvalitet dreiv vi knallhard sjølvjustis. All fisken vi fiska vart eten og teken vare på. Berre dei som var heilt fine i munnen vart sett ut att.

Det er hardt å vere ein fiskarmann...Men for ein gongs skuld så var det ikkje naglebet, mygg, regn, kulde eller andre ulumskheiter som var problemet. Det var rett og slett FOR BRA BET!