mandag 28. februar 2011

Kvannfjellet

Kvannfjellet (980 m.o.h) var målet laurdag 26. februar. Dette er HIKS-fjellet i Fræna. (Høgaste I Kommunen Sin). Ingen  av oss har vore der, og no var det på høg tid. Nokre var meir klar enn andre. Marita hadde lånt seg tipp topp utstyr. Eg hadde lånt lange feller, med erfaringane frå Ausekaret friskt i minne.


Skibok for Romsdal er ein genial turguide, og det var lett å finne vegen. Det vil seie når eg først greidde å finne avkøyringa til Syltesætra så.. Det vart ein liten svipptur til Eide på rekognosering først.

Skia måtte bærast det første stykket. Så labba vi med friskt mot med skia på i bjørkelia. Nydelig fint innover dalen etter plantefeltet. Fint føre. Godt feste. Feller er genialt. Heilt vindstille. Planen var å gå opp til skydekket, ete lunsj og sjå det an.



I lunsjen forsvann landskapet heilt. Alt var kvitt. Litt fortustra vart vi einige om å drøye det litt, før vi skulle snu nedatt i skoddeheimen. Vi såg verkeleg ingenting. Det var nesten så vi lurte på å starte nedover bakkane til fots til vi fekk litt meir sikt.

Brått sprakk skodda opp, og vi såg verda i fargar att! Kvite fjellryggar mot knallblå himmel skar i auga over oss. Gliset gjekk heilt rundt - no skulle vi til topps!


Plutseleg kom det ein heil flokk med folk nede i lia. Vi var ikkje aleine på fjellet meir. Målretta, optimistiske og fulle av krefter la vi til topps. Det var tungt, men greit, og snart var vi oppe ved varden. Her var det isete og glatt med kald vind. Ei anna verd att. Kvannfjellet ba oss dra oss til pisis nedatt. På trass skifta vi klede, fotograferte og sugde til oss inntrykka av snøkledde alpar i sør, vårlege fjell i ytre, Frenfjorden og Malmefjorden. FIIIINT!


Det var vel minst ein anna grunn til at eg ikkje hadde det travelt nedatt. Dødsangst! Nemnte eg isete og glatt? Ikkje eit hint av pudderføret frå forrige helg, som hadde gjeve ny sjølvtillit på skifronten. Forsiktig starta vi nedturen. Marita gjorde ein bra figur. Eg var redd. Ein sving hit, desperat ploging, og ein sving dit. Det vart heldigvis mjukare nedover. Det gjekk betre etterkvart. Men det er for gale å slite seg opp på eit stort fjell, og ikkje gle seg over nedoverbakkane på heimveg. Særleg når turguiden påstår: lett skitur, flotte utforkøyringar!


Vi stakk utpå ein anna liten åsrygg (høgde 510) og tok siste nistepakka. Mildt og fint att her nede. Testing av nytt kamera. Siste del gjennom skogen var ein rein moro. Mjukare snø og ikkje så bratt. Dei første regndråpane kom først når vi pakka skia i bilen. Bra timing. Bra tur!

søndag 20. februar 2011

Vardane - Sulafjellet

Søndag, sol og Sulafjellet! Etter planen ein litt kortare og lettare tur enn i går. Eg ser rett over på Sula frå leilegheita mi, og gledde meg som ein unge til ny tur!

 I betongundergangen ved parkeringsplassen hadde ei vennleg sjel lagt lista for dagen:


Første del av turen var ein ganske flat turveg. Gamle damer til fots og folk på langrennsski susa forbi oss. Tunge ski med feller var kanskje litt i overkant. Den som ler sist ler best tenkte vi, og labba vidare med fellene våre.  


Første mål var Rollonhytta. Rollon har lite med deodorant å gjere. Det er vist ein gammal ærverdig sportsklubb i Ålesund, som i tillegg til å drive med sport altså har hytte med kiosk på fjellet.

Nina og Rollonhytta, med Vardane (776 moh) i bakgrunnen.

Trass i litt tunge bein så satsa vi på toppen. Kanskje ikkje så overraskande? I det sekund vi sette føtene ved varden var alle tunge bakkar gløymt. FOR EI UTSIKT! Havet i vest, Ålesund i nord, og resten av horisonten full av ville Sunnmørsalpar så langt vi kunne sjå. Påstanden er at ein skal kunne sjå 21 kommunar herifrå, til Hornelen i sør og Talstadhesten i nord. Eg tvilar ikkje.

Ålebyen i all sin stas

Smilet gjekk nesten rundt på oss. Sulafjellet er allereie ein favoritt!

Vardane hadde namnet sitt med rette. Ikkje berre ein, men fleire store solide vardar på toppen.

Bakkane var meir på vårt nivå i dag, og det var litt mindre skrekk og betydeleg meir fryd på nedturen.

På veg heim, nok ein varde. Kolåstind til lengst til høgre bak. Jønshornet (?) til venstre skal tru? Det er i alle fall så flott at det nesten gjer litt ilt.

Turtips og meir info og fleire bilde om denne og mange andre flotte turar på fjellinordvest.net.

lørdag 19. februar 2011

Ausekaret

Besøkshelg! Nina hadde teke med skia, og eg hadde pressa kollegaer og tilfeldig forbipasserande for turtips. Målet var Ausekaret i Sykkylven. For ein dag det skulle bli! Kaldt, strålande sol og blå himmel.

Det var lett å finne fram til parkeringa, og det såg jo i grunn ikkje så gale ut. Med god tru starta vi oppover medan vi kommenterte at dei fleste andre hadde utruleg breie ski.. Meliskrystallsnøen gav nesten ikkje feste for smale feller, og i alle fall ikkje mine korte. Det var ikkje noko særleg poeng i å verte sur av den grunn - opp skulle vi. Eg nytta høvet til å sette ny personleg rekord i fiskebeinskigåing.

På toppen! Ausekaret (Auskjeret) 1203 moh

Utsikta var formidabel! Sunnmørsalpar, lag på lag, i alle retningar.

Vi vert små i eit slikt landskap. Ikkje eit vindpust, og såvidt varme i solstrålane. Erkjenninga av at livet er for kort til å rekke over alle desse flotte tindande. Det må prioriterast. Aller helst skulle det vore nok godverssøndagar til å få med seg alle...

Eg er eigentleg ikkje ein utstyrsfrik. Men eg har aldri hatt så lyst på dyrt moderne utstyr (randonee) som når eg fiskebeina meg opp bakkane. Med eit mogleg unntak for når vi for ned att.. Åsnesskia mine er lette og fine - men dei vart eit nummer for små for dette terrenget (omlag som å vere på Stormsamling i Bulandet i ein Hasle-kajakk tenker eg.. Det gjer ein vel berre ein gong?).


Ein gammal kjenning dukka og opp i horisonten: Slogen har vi vore på før.

Nedturen kunne ikkje utsettast i det uendelege. No kom puddersnøen meir til sin rett og ploging , svinging og bremsing var mogleg. Ausekaret er tydelegvis ein populær tur. Det var mykje folk på fjellet, og endå fleire spor. Dei fleste valde å sette mjuke, organiske linjer på si ferd ned fjellsida.
Nina og eg held oss meir i geometrien si verd. Kunne nesten tru vi hadde fått inspirasjonen frå eit backgammon-brett. På den andre sida så var det få som hadde så mange lengdemeter nedtur å gle seg over som oss!


Lykke! Vår første Sunnmørstopp på ski! Litt mør i skrotten. Men i live. Og veldig veldig fornøgd med dagen. 

-15 grader ved parkeringa - pinnkaldt!

fjellinordvest.net er det meir informasjon om Ausekaret, kart og panoramabilde med namn på fjelltoppane m.m

søndag 13. februar 2011

Sukkertoppen!

Søtt på ein søndag ...  Første topp ut på min første (halve) søndag i Ålesund! Zarek var i fin form etter langtidsopphald og feriekoloni hos mor på Skarset. Han har gått glipp av heile flyttesjauen, stakkars...


Vi menga oss med småbarnsfamiliar og turistar mot toppen. Og turistar er som kjent flinke til å ta bilde av kvarandre.

Nydeleg utsikt til alle kantar! Sunnmøre er ganske fnt på ein solskinnsdag. Potensielle padleturar og toppturar vart vurdert.

Mot Runde i vest


Zarek var og rimeleg godt nøgd med starten på Sunnmørsopphaldet

Ålebyen i all sin stas!