lørdag 30. april 2011

Sunnmørspadling

Ny padlemilepæl onsdag 27. april. Første turen utan utstyr eller folk frå Askvoll! Ein rein Sunnmørspadletur med andre ord. Med drahjelp og kajakk frå Susan vart det ein nydeleg ettermiddagstur Tørla rundt.
Susan - Lady in red

Rammene kunne ikkje vore betre. Bjørka sprett i limegrønt mot snødekte Sunnmørsalpar. Blide folk jobbar ute i hagar og langs strender. Våren tek tak og no er vi i gang med padlesesongen!

Det er visst også badesesongen her på Sula. Ikkje alle som treng tørrdrakt for å duppe seg nei!

Dagens runde

10 km vart det, med godt selskap og utklekking av nye padleplanar for sommaren. Takk for turen! 

torsdag 28. april 2011

Trollvatnet

1. påskedag: Sol og sommar, store og små på skikkeleg tradisjonell søndagstur! Stø kurs mot Trollvatnet med grillpølse og kaffikjel.


Pappa testar turhengekøya til Karianne og gav oss eit lynkurs i knutar.

Endeleg kan jakka kastast, og vi kan slenge oss rundt i bakkane! VÅR!

På veg ned møtte vi ein ny krabat for året.

Eg trudde det måtte vere ein buorm, fordi eg tykte den hadde store "plater" på hovudet og at den var utruleg snirklete i krypinga si.

Mamma fekk ein buormforskar på tråden etter å ha lagt ut tekst på bloggen sin. Det viste seg å vere ein hoggorm likevel. Om nokon tek bilde av ein buorm i Møre og Romsdal er det faktisk ein sensasjon, og det er folk som er seriøst interessert i å få vite om det.

For oss var no dette ei god påminning om å sjekke litt FØR ein kastar seg i lyngen...

mandag 25. april 2011

Langfredag med langpadling

Ein litt sliten kropp med vassblemmer i nevane kom fort i gang etter ein kikk ut glaset. Full sommar!

Fjaler si kyststripe skulle utforskast. Som Ingrid Espelid juksa vi litt, og starta med ferja til Fure. Noko mot straumen sidan alle andre glade padlarar for ut på VÅRSLEPP i Bulandet med den andre ferja.

Utsikt mot Lammetun frå ferja - her skal vi ut og rundt i løpet av dagen.

Lunsj på Einingsneset. Vilnesfjorden og øyane. Vakkert!

Lammetun med campingen og eit godt bevart kystfort som tyskerane laga under 2. verdskrig. Best å utforske det frå land, men godt synleg frå sjøen og.

Utsida av Lammetun var fantastisk fin. Ope hav og brus frå dønningar sjølv om det var heilt stilt på sjøen. Små holmar og skjer, og krystallklare grunner med mykje liv og fargerike vekstar.  Alden tek seg godt ut frå denne vinkelen og.

Korssundet! Eit eldorado for småbåtar og historisk spennande. Like til venstre for brua stikk krossen fram. Vi padla gjennom og såg sognesjø og leia strake vegen til Bergen. Men det får bli ein anna dag.

Krossen i Korssund

Krossen er 4 meter høg, og er det største keltiske steinkorset i Norge frå den første kriste tida. Soga seier at i området her vart Olav den heilage jaga av fiendar når han dreiv og kristna landet. Han segla rett på berget, det opna seg for han og det vart eit sund. Då bøygde folk seg for den nye guden (og tilfeldigvis også for kongen...) og det vart sett opp ein stor kross og døypefont som vi kan sjå den dag i dag i Korssundet.

Dessutan er krossen i kommunevåpenet til Askvoll, ettersom området her høyrde til Askvoll kommune fram til 1990 og kommunereguleringa då. Og det er lov å gifte seg her. Det er no for meir spesielt interesserte.

1000 år seinare er det fint å dingle med beina og ete is i Korssundet.

Påsketuristen Nina

Sjelden vi padlar til Møkalasset frå sørvest.

Vi padla heilt heim og fekk 27,5 km på teljaren. Turen tok ca 7 timar. Det viser seg at vassblemmer ikkje vert så mykje verre dag to. Og området vest for Lammetun skal padlast meir! Cirkumnavigering Lammetun fullført.





søndag 24. april 2011

Påskepadling Atløy rundt

Skjærtorsdag var øyremerka padling. Av ulike grunnar starta vi litt seint. Det var litt grått både i naturen og i hovudet. Når vi la ut var det meir på trass enn av noko anna.
Grått i Askvoll. Atløynipa bak. Her skal vi rundt!

Grått utanfor Sauesundet

Bulandsferja ut av skodda på veg innover

Akkurat som i eventyret var det brått simsalabim, og skodda sprakk opp.

Ved Laukelandsøyna såg vi eit hovud som stakk opp. Sel. Eit sekund seinare dukkar det opp på nytt. Er det den same trur du, spør eg Nina. Plopp, plopp plopp. Minst 10 nyfikne hovud ser på oss. Dei legg seg i kjølstripa etter kajakkane, og vert tøffare og tøffare. Dei følgjer oss heilt til Skardvikholmen. Dei mest bråkjekke skremmer vettet av oss med å kaste seg opp og lande med eit enormt plask rett bak kajakkane.  

Havblikk ved Brurastakken

Eg vart nesten religiøs utover. Trolsk og vakker natur steig fram frå skodda. Ikkje eit vindpust.

Soria-Moria-Alden

I Tvibergsundet

Tviberg feriesenter var ikkje ope så vi måtte ty til medbrakt kveldsmat på trappa

Plass til både store og små på Herland

Hamna på Herland

Solnedgang på Høyvika

Dette vart ein spesielt fantastisk tur. Kontrastane på Vestlandet overraskar stadig. Difor er alle prinsipp om at 5-6 bilde er meir enn nok gløymt for i kveld. Bilda er ikkje rettferdige ovanfor opplevinga heller, men det er ei anna sak. Ingen seriøse havpadlarar burde gje seg før dei hadde ein runde rundt Atløy.

Dette er den lengste dagsetappa eg har padla. Atløy rundt er no per def. ein ettermiddagstur...Sjølv om det skal nemnast at det var stummande mørkt då vi kom heim att.
Oppsummering i harde fakta: 33 km. 7,5 time, inkludert tre ilandstigningar.






søndag 17. april 2011

Trivelege Trondheim

Kusinebesøk og byvandring. Forandring er ein fryd. 14. april vart fridag i Trondheim.

Start på uterestaurantsesongen på Solsiden

Kveldsstemning ved Nidelven

Har berre vore i denne byen i drittvær før, så har ikkje fått med meg kor fint det eigentleg er i Trondheim! T-town er no plassert på topp tre lista over fine norske byar. Og eg skuldar trønderhovudstaden ei unnskyldning...


Turist i eigen by! Flott byvandring i nydeleg vårver.

onsdag 13. april 2011

Kyststien til Nordneset

Fræna kommune har gjort ein genistrek med etablering av kyststiane. Dei ligg fint i terrenget i flotte område, og er mykje brukt heile året. Det er folkehelsetiltak det!


Søndag 11. april drog vi i samla flokk til Nordneset. Farstadstranda er imponerande, og ute ved lykta ser ein heile Hustadvika. Vi studerte fenomenet brytande bølgjer over kaffikoppen. Ein oter kasta seg rett ut i brenningen. Det er godt vi har ulike preferansar i livet.
Vi er bortskjemt med lett tilgang til stor og dramatisk natur på Vestlandet. Gravrøyser og spor etter tarebrenning (jodproduksjon) sett fart i fantasien om folk og aktivitetar i gamle dagar. Hestehov og eit mildt drag i vinden varsla om vår.

søndag 10. april 2011

Padle-kick-off i Ålebyen

Sliten og fornøgd. Det går fint å padle i Ålebyen! Turen i dag hadde alle ingrediensar.

Nina kom heilt frå Askvoll. Vi skulle padle i lag med Signy først og klare oss på eigen hand etter lunsj. Bra samarbeid mellom Askvoll padleklubb og Ålesund turpadlelag det!

Nina testar Sunnmørspadling

Signy på Nørve

Brukbart ver og veldig godt selskap. Dønningar etter veret i veka, men vindstille. Borgund - Nørvesundet - Ellingsøyfjorden. På Lerstadholmen møtte vi dei tre bukkane Bruse. Som vart rimeleg irritert når fotografen ikkje hadde med kraftfor..

Etter pausen drog det seg til med litt regn i lufta og litt meir vind. Nina og eg for over mot Langevågen og småøyene der. Fint på Sunnmøre og, må innrømmast det.

Tydeleg vår i lufta og mykje fugl å sjå. Faktisk mange fleire både i tal og artar enn eg er vant med frå naturreservata i Askvoll.... Tjeld, fleire artar måsar, ender, gås og ærfugl. Hannen stakk men hoa vart sittande igjen.

Ingen bilder frå kryssinga over til Hessa pga bølgehøgde. Har ikkje vore ute med Grenlanden i så store bølgjer før, men det gjekk fint, når eg droppa einkvar tanke på fotografering vel og merke.

Vi var litt høge på nye fjordar og nytt landskap: -Vi tek vel med Aspøya og? - Sjølvsagt..
Kontrastane var store på turen. Moderne fiskebåtar, industribedrifter, olje og laksfett på sjøen og nitrist forfall. Ålebyen har ikkje brydd seg med å pynte sjøfronten sin der ein ikkje kan sjå det frå Hurtigrutekaia.


 Vanligvis brukar eg å sitte inne her og sjå ut. Då er det som regel sol og blått hav. Eg ser at det kler meg nesten betre å sitte i kajakk utanfor.

Dei fleste turistane i Ålesund er på byvandring. Nina ville på bypadling, og det fekk ho. Brosundet er fint. Litt kort. Men veldig fint.


Nina hadde usedvanleg mange gullkorn i dag. Det aller beste kom litt utpå dagen: "Dersom vi vil oppleve noko nytt og spennande må vi finne oss i at det av og til vert litt langt heim att."

Og det vart det. Medsjøen dei siste kilometrane var velkommen. Våte og kalde vart vi,  med naglebet så det held,  etter å ha lest kajakkane på bilen. Vår og vår. Våren har framleis litt å gå på.

Oppsummering: Padling i 3 fjordar, ei gjennomført cirkumnavigering (Aspøya) og totalt 28 km fordelt på ca 7 timar ute. For min del er det nok ny dagsrekord. Så eg har i alle fall fått meg eit skikkeleg kick-off når det gjeld padling i Ålebyen!