mandag 20. juni 2011

Telting i Aralden

Fredag 10. juni. Feriepengane på konto, bilen full av turutstyr og stø kurs mot Askvoll. Telting med Nina stod på programmet. Motivasjonen var ikkje høg. Vinduspussarane gjekk for fullt, og det skvalpa i kajakkane på taket (Hugs: kjøp transporttrekk, folk har det ikkje berre for at det ser kult ut)

Vått og litt dårleg stemning i Våtedalen..

Vel framme trudde eg Nina hadde svikta meg. Det same trudde ho. Det viste seg at den einaste svikaren var Telenor. Når vi fann ut av det så vart det telttur! Litt meir effektiv pakking enn sist, men vi kom oss ikkje avgarde før i sekstida.

Ut til Sauesundet. Så stø kurs mot Aralden. Og kva skjer?

Forbi Vilnes og verda blir vakker. Alt stress og sure tankar forsvinn. Ingenting er betre enn å vere her og padle. Stor natur. Fine augneblikk når eit par selar vart skikkeleg overraska over at det kom folk, og forsvann med digre plask.

Testing av teltplass nr 1: Bra landing, bra utsikt. Men litt for myrete og humpete til telting.

Så då vart det den andre vika med sauene likevel då...jaja. Alle krav oppfylt. Werneråra var god reiskap for å fjerne sauemøkk og dyra var heldigvis ville og stakk av.

Tre rettar til middag

... og ikkje noko å seie på stemninga på restauranten heller..

Frå leiren mot Geita fyr - midt i lyse natta

Kaia i Aralden med alternativ plassering for tida, godt egna til kleskammer/tørkeskåp

To timar etter oppstandelsen er vi klar for avgang. Utkvilte og nøgde med varm frukost innabords.

Test av nytt liggeunderlag: Exped DownMat 7 M. Bestått. Beste natt i telt nokon gong. Eg ville eigentleg ha large-varianten, men det er ikkje nødvendig til mine 160 cm. Verdt kvar ei krone, stort nok.

Pakking i kajakkane: Vi var endå meir målretta med pakking. Soveposane våre får vi ikkje plass til. (Ønskeliste: Ny sovepose, dun, varm, liten). Men når vi har soveposane på dekk så har vi jo eit hav av plass nede i kajakkane. Fulle av sjølvtillit vart vi einige om at pakking av kajakk for ei veke i Nord-Norge no er meir som eit barneskirenn å rekne..

Nina har stor nok luke, men får ikkje plass til både telt og sovepose. På Nukaen er lukene for små, og eg får heller ikkje trøkt soveposen inn bak pedalane på grunn av dagsluke framme og stor sovepose. Vi kunne kanskje fått plass om vi pakka alt i mykje meir lause bitar. Men det tek allereie meir enn lang nok tid å slå/bryte leir. Skal funderast litt meir på dette.



Det var framleis lite vind i ytre strok. - Vi fer vel til Værlandet? sa Nina. -Ja, sa eg.

Det viste seg at det var ikkje lite nok lite vind. Hard basking med alt i mot, og veldig kjekt å runde inn i Værøyhamna.


Ny kafe er nyleg opna, og gjestehamna er ei av dei flottaste for småbåtar langs kysten. Gratulerer GRY! Kan anbefale alle som er på desse kantar å stikke innom. Sykkelutleige, turar til Alden, mat, eige Alden- øl, pubkveldar på fredagane m.m. Det neste som skjer er at verkstadhallen (raud) skal byggast om til Norsk Sjøfuglsenter. Spennande å følgje med på.

Ein av årets store attraksjonar her er ørneungane Linda og Lene (IKKJE tilfeldig nei!) som du kan sjå "live" på storskjerm i kafeen.
Ikkje godt å seie kven som er stoltast, ørnekameraeigaren eller namnesøstra..

Litt rufs innatt. Sjølv om det ser flatt og fint ut på bilde..

Sist men ikkje minst: STORSKRYT!

Sidan det var ein grå og kjedeleg dag, vi tross alt har vore her før, dessutan øvar oss litt på å verte tøffare, så bestemte vi oss for å padle rett innover att. Mogleg det og hadde litt med andre planer for kvelden å gjere, kven veit?

I alle fall: Strekket frå Værøyhamna til Øyra er 22 km. Vi brukte 3 timar og 45 minutt. Då hadde vi berre ein kort drikke- og sjokoladepause i flåte. UTRULEG BRA ALTSÅ!!
Frå Værlandet til Vilnes hadde vi halvmetersbølgjer + dønning + nordavind ca 5 m/s alt frå sida, roligare akkurat sørom Alden, litt medsjø frå Vilnes til Sauesundet, og motvind i Granesundet..

Totalt var turen 48 km.

No er vi klar, berre å melde oss på: ASKR - here we come! 

onsdag 15. juni 2011

Fossepadling i Eikesdalen

Fredag 3. juni. Inneklemt dag. Vart brukt i inneklemt dal. Eikesdalen. Sidan eg ikkje er innstilt på å gå ut av døra utan nykajakken, så vart det naturlegvis padling. Trioen er klar!

Lisjevatnet låg som ein spegel. Fossane kasta seg utfor bratte fjellsider på alle kantar.

Kjøttåa er den einaste fossen i dalen som er ikkje er knytt til noko slags regulering. For å komme opp hit måtte vi padle i elva. Utruleg kult. Sterk straum. Eit glepptak med åra, og du rykte glatt tilbake til start. Litt ukonsentrert, og kajakken for på tvers nedover elva. Det er nok ein grunn til at elvakajakkar er litt kortare...

Etter harde basketak i straumen fann vi ein plass å lande

og om litt er kaffien klar...
Fosseferd - Karianne tester lokal brukunst
Iskaldt! Heilt uaktuelt å stå i fossedusjen eit sekund til..

Idyll. Ferskvatn er padlbart det og.

Strålande nøgd med Nukaen!

Eikesdalen

Impulsbestilling i april førte til kongehelg i juni. Litt slitne, med med turopplegg i boks, og klare for å utforske Eikesdalen.

Eikesdal feriehus var basecamp, og kan anbefalast! Flott hytte, nydeleg uteområde og triveleg vertskap.

Torsdag for vi ut i Eresfjorden for å sjå på klatrekunstane til Kristin. Imponerande!

Fredag vart det padling og bading i iskaldt fjellvatn. Om litt ulik innfallsvinkel vart vi no blaute i håret begge to...

Laurdag var det Aursjøvegen som skulle til pers. Litt skummel, og flott utsikt til alle kantar. Heilt opp til høgfjell og snø.

Karianne testar jettegryta.

Søndag vart det ikkje så mykje bilde. Vi hadde det rett og slett for travelt med å nyte sol og 20+grader i hytteveggen.
Putt på ein god dose luksusmat, sosialisering, viltkamerautforsking og rund av helga på trampolina. Så har du det sånn omtrent.

onsdag 1. juni 2011

Kystverkspadling

Bedriftsidrettslaget KYBIL har hatt introkurs i padling, ca 25 deltakarar. Spent på responsen startar vi opp med fast padledag onsdagar. Inntil vidare er det klart kven som er dei tøffaste i verket...!
Om oppmøtet skuldast to dagar varsel om tiltaket fast padledag, eller dei faktiske regnbygene og kulingvarselet denne ettermiddagen veit vi ikkje. Generelt har vi ingen problem med kvalitet framfor kvantitet. Så vi for no på tur.

Godlukt på museet, tjære og bensin. Vi beundra kystkultur og dugnadsinnsats, medan karane beundra oss. Det skal vist vere svære greier inne i Storfjorden i morgon, kystkulturdag i Matvika.

Slik rakkar er det lenge sidan eg har sett - mink midt i middagsmålet

Slow food?

Litt fantasi og vi er i eksotiske mangroveskogar i framande land.

Kulingkasta rundt neset fekk oss relativt kjapt ned på jorda att.

Padleglede!
(og det faktisk i ein Hasle-kajakk...)

Ønskeliste: Badehus

Flott tur på ca 7,5 km i veldig varierte forhold, men stort sett i le av sørakulingen.
KYBIL-padlinga er i gang!