tirsdag 19. juli 2011

Stritt i Skodjestraumen

Første feriedag starta med høljeregn. Jammen bra eg hadde ei plan som involverte tørrdrakt uansett. Skodjestraumen skulle padlast, og nye kajakkerfaringar haustast.

Ikkje noko å seie på oppmøtet. Trenden i sommar: Diskret bil med kul kajakk på taket.


Vi starta i den trongaste straumen. Litt surrealistisk landskap med dei flotte Straumsbruene frå tidleg 1900-tal. Eggestraumen bru er den minste. Men straumen var kraftig nok den, og auka på med floa. Det ser så stilt og fint ut, men eg tykte det var stritt nok å krysse og padle motstraums.


Skodjestraumen bru er Norges største steinkvelvbru.

Nok om bruer, meir om padling. Utfordringa med å padle i straum er at ein må tenke litt omvendt frå bølgjer. Her er mesteparten av støtta nedstraums. Det varierar veldig kor godt tak åra får i vatnet. Telemarkssvingen fekk ny meining, og kom til sin rett i slike forhold.

Oddvin har full kontroll!

Litt filming med kameraet i dag, her er ein smakebit av stemninga. Edd demonstrerar motstraumspadling og bruk av telemarkssving for å komme seg ut av straumen att.

Skal prøve å filme litt snuttar ut over sommaren og finne eit egna redigeringsprogram. Det må no gå an å lære seg litt meir med dette etterkvart...
Godver og godstemning. Ein liten peptalk før Sunnmøringane sette kursen heimover.

Vi som ferierar for tida bytta kajakkar og padla utover fjorden til ferieparadiset på Mørkeset. Min første tur i Nordkapp LV, og test av grønnlandåra + ei anna åre. Godt førsteinntrykk av Nordkappen. Fin å kante, meir markert på kant enn Nuken,  lett å svinge, litt tyngre på rett-fram-padling enn Nuken, men og litt meir retningsstabil.

I Nordkapp på Ellingsøyfjorden.

Grønnlandsåre var og interessant. Har mykje ugjort på utforsk-åre-fronten. Turen vart avslutta med cowboyredning. Rusten gitt. Må nok øvast meir.

Testa Endomondo på telefonen i dag. 15 kilometer, med 6,7 km/t i snittfart. Om dette er heilt til å stole på veit eg ikkje. Toppfart var på 26,4 km/t! Det stemmer i alle fall bra med tidspunktet då vi tok maks fart medstraums...

Takk for ein flott tur! Ein ekstra takk til Edd for gode råd og tips om straumpadling, og til Stein Erik og Elin for testing av utstyr samt kaffi og kake!

lørdag 16. juli 2011

Testbaking av turbrød

Alvoret slo oss i går. Vi skal snart vere veldig lenge på tur, utan tilgang til butikk og ferskt brød. Eg hatar havregraut. Difor verka kombinasjonen soling og test av alternative brød som ein god ide i dag.

Sommarstemning på Synnes mot Erkna. Perfekt plass for dagens gjeremål.

- "Hei, eg er Pluto og lurer litt på kva du held på med?" Slik fekk eg selskap under eksperimentet.

Det skal jo ikkje vere så mykje hokus-pokus dette.
1. Bland vatn og olje i mjølblandinga. Deigen er klar. Vent litt.

2. Klapp ut ein passelig stor bit og legg i steikepanna på stormkjøkkenet. Vent litt.

3. Putt på pålegg og et.

Resultatet vart ganske bra, om eg skal seie det sjølv. Heller dette til frukost enn tanken på havregraut... Eigarane til Pluto var testpanel, og gav tomlane opp.

- "Korleis var det no? Hadde vi ein avtale om den der brødskiva eller? Eg kjem no og sjekkar litt her hos deg eg..."

Brødoppskrift og erfaringar
 ca 5 dl Focacciablanding
ca 5 de sammalt kveite grov
2 ts bakepulver
olje
ca 3 dl vatn

Den tynnaste leiven vart best (ca 1,5 cm). Relativt svak varme, 4-5 minutt på kvar side. Dette er nok til to-tre leivar, og (meir enn) nok til eit måltid til to personar.

Er det nokon som har gode oppskrifter på turbrød eller anna mat som det er greit å lage til på stormkjøkken? Eg vil gjerne ha tips om det! Legg inn kommentar!

Det er vakkert på Vigra. Eg likar meg betre og betre her ute. Når eg har trudd at Vigra stort sett berre var flyplassen så var det ei grov feilvurdering..

torsdag 14. juli 2011

Runde

Onsdag 13.juli. Tur til Runde med ein godt blanda gjeng. Heile 5 aktivitetsleiarar var med på turen, og fleire andre kom rett frå teknikk-kurs i helga. Eg gledde meg til å sjå fuglefjellet og hadde eit lite håp om å få prøve meg i litt grovare sjø i løpet av turen.

Gullegod stemning på Runde aust før start. 1,2,3....14 vart vi til slutt.

På veg ut mot fuglefjellet på vestsida. Det kribla litt i magen. Her er eg og padlar ved Runde! Eit eventyr..
Vi fekk kjenne litt på dønningane allereie rett etter å ha passert brua.

Oppunder fuglefjellet. Mykje fugl av ymse slag, og jammen var det ikkje eit par turistbåtar ute på rek og.


Herifrå og rundt neset til fyret vart det ikkje teke noko særleg med bilder. Faktisk ingen. Dønningane vart større. Endå større. Og kom fortare. Og dessutan skulle vi padle dei på tvers. Forventningane mine om å få prøve seg litt vart innfridd ca 200%. Her var det ikkje snakk om å teste grenser, men å sprenge dei. Ei lita stund der satt eg med ei ekkel kjensle av at her har eg nok med meg sjølv. Det er ikkje bra når ein skal fungere i ei gruppe. Det var omtrent då eg høyrde ei innbitt røyst bak meg: "Ditta skal f... meg på Facebook!!"     

Landing på Kvalneset! Ein letta gjeng?

Rustikk idyll

Herøygjengen pausar med stil. Bål på eit blunk, og delikatesser i alle variantar kom fram frå pakkposane.

Sommarstemning i havgapet. Stad aller bakerst til venstre.

Sygni med restane av det gamle fyret

Kaos på kaia? Klar for heimtur.

Jan og fuglefjellet

Jason

Siste økt i solnedgangen. Nesten litt vemodig når slike turar tek slutt. Sommarkveldane kan ikkje brukast betre enn dette!  

Kva har eg lært i dag?
  • Det går fint å padle i 2 meter dønning, men innimellom vert det i overkant spennande.
  • Det går hol i plastkajakkar og
  • Det å vere ei større gruppe på tur gjev ny innputt og inspirasjon, men er også utfordrande
  • Det er viktig å kunne vurdere eigne grenser og ferdigheiter - og ta konsekvensen av det

Mange personar frå bloggverda og padleforumet har fått fjes og stemmer i løpet av turen. Det var veldig hyggeleg å treffe nye folk på ein slik tur. Takk til gjengen frå Herøy KK for følget og oppfølginga. 

Fleire bilde frå turen: HKK fotoalbum på FB

søndag 10. juli 2011

Rundt Erkna fyr

Laurdag 9 juli. Sosial angst og tvil om padleformen vart elegant lagt i skuffa då Jason inviterte til tur til Erkna fyr. Og så fornøgde er vi etter ein padledag som inneheldt litt av omtrent ALT?


Motvind, regn, sol, bølgjer og havblikk, leik og rockhopping, fyrsafari i kombinasjon med svært godt selskap. Eg veit at det har vore ein bra dag, når eg kjem heim og er like sliten i smilemusklane som i padlemusklane.

Jason på surf

Kenneth på surf.

Stein Erik demonstrerar rockhopping med stil

Eg fekk prøve meg på litt surfing i dag eg og. Fanga ei bølgje veldig fint, og vart plukka opp etter alle kunstens reglar etterpå... Motivasjonen til teknikktrening og meir bølgjeleik er høg!

Den grå holmen som vi tok kompasskurs på om føremiddagen viste seg å vere ein sommarparadis. Erkna fyr



Heile gjengen klar for meir padling etter lunsj og fyrsafari


Rockhopping del 2. Også utført med stil og knusande ro.

Rulletest på slutten av ein lang dag

Fasinerande flotte Erkna

Oppsummering  av turen:
Veldig bra tur!
Mykje dyreliv; Havsule, skarv, ærfugl, teist og diverse måsar.
Ein stor nyfiken sel.

20 km padling med mykje leik undervegs.






fredag 8. juli 2011

Bypadling

Endeleg sol og napp på onsdagspadling med KYBIL! Eg synes framleis det er stas å kunne padle gjennom byen. Då kan vi til dømes ta ein kikk på kontoret mitt frå sjøsida..


Det vart ikkje den store ekspedisjonen i dag, men vi sjekka ut det nye hotellet (fint), folkelivet i Brosundet (bra) og kosa oss på sjøen eit par timar. Store glis på samtlege - kjekt å vere på tur! Hugs til neste gong: Ta med pengar! Vi må jo støtte det lokale næringslivet, om det no er i form av softis eller anna uteservering.


Reine Max Manus-stemninga i kaianlegget.

Brått dukka det opp eit par andre padlarar. Populær aktivitet dette. 

Bypadlinga vart avslutta med idyll ved Tyskholmen. Det er ikkje så langt mellom urbant byliv og naturperler.
Takk til Terje som er primus motor for å få i gang eit godt padletilbod i Kystverkskollegiet!