fredag 8. juli 2011

Bypadling

Endeleg sol og napp på onsdagspadling med KYBIL! Eg synes framleis det er stas å kunne padle gjennom byen. Då kan vi til dømes ta ein kikk på kontoret mitt frå sjøsida..


Det vart ikkje den store ekspedisjonen i dag, men vi sjekka ut det nye hotellet (fint), folkelivet i Brosundet (bra) og kosa oss på sjøen eit par timar. Store glis på samtlege - kjekt å vere på tur! Hugs til neste gong: Ta med pengar! Vi må jo støtte det lokale næringslivet, om det no er i form av softis eller anna uteservering.


Reine Max Manus-stemninga i kaianlegget.

Brått dukka det opp eit par andre padlarar. Populær aktivitet dette. 

Bypadlinga vart avslutta med idyll ved Tyskholmen. Det er ikkje så langt mellom urbant byliv og naturperler.
Takk til Terje som er primus motor for å få i gang eit godt padletilbod i Kystverkskollegiet!

1 kommentar:

  1. Så flott å sjå at du har fått kollegaene dine padleinteressert! Og kjekt å sjå litt urbane padlebilete også!

    SvarSlett