onsdag 28. september 2011

Atlanterhavsvegen og Kvitholmen

Hustadvika. Havblikk. Herleg!
Søndag ville vi ture på eigenhand og Play-kameratane er klare. Vakrare morgonstund kunne vi ikkje fått.

I gang med turistruta - her er gjengen ved Håholmen

Atlanterhavsvegen neste! Toppen til venstre er Melen.

Tidevatn i mot og dønning i ryggen. Interessant å padle under brua.

Ut neste bru. Eit nytt risikomoment dukka opp. Havfiskekrokar i full fart..Tryggast å halde seg litt på avstand frå dei ivrigaste fiskarane...

Familieråd

Tore på havet. Hustadvika nord. Skipsleia bak.

Susan på veg mot Kvitholmen

Kvitholmen har eit fyr, ei fin hamn, ca 20 villsauer og eit vennelag som held fyret i stand. Her vart det lunsj, polarbrødbildetaking, fyrsafari og gjestebokskriving. Rett travelt.

Returen tok vi i strak linje. Tor Inge fann den einaste bølga som hadde stått opp i dag..

Skarveberg og mange små holmar og skjer på Averøysida av kryssinga.

Eg tullar ikkje når eg snakkar om havblikk...

Grønlandsstyle på alle tilbake. Eg padla grønnlandsåra til Susan heile vegen, og var kjempefornøgd. Må ha. Berre MÅ ha..

Kjensle av tidsmaskin når vi runda Håholmen for siste gong..

Turen vart totalt ca 22 km. I godt lag og med fine opplevingar og diskusjonar undervegs.  

Takk for turen!





tirsdag 27. september 2011

Padlesamling på Rangøya

24.-25.september debuterte eg på padlesamlinga på Rangøya. Susan stilte med bubil, og det var eg jammen glad for når vi for nordover. Kulingkasta reiv i bilen og pussarane gjekk for fullt. Er det galskap å dra på padlesamling ved Hustadvika no?

Fredag var det foredrag: Audun fortalte om charterpadling på Lanzarote, og Bao viste bilder frå baidarka-turen langs norskekysten med Thygesen.

Laurdag vart vi med på den organiserte turen: "Langtur i skjerma farvatn". Varmt, vindstille og lite sjø så det med skjerma farvatn kunne vi no spart oss.

Litt briefing før start. Legg merke til kor sentralt plassert bubildamene var.. midt i sentrum heile helga!

Før vi viste ordet av det var det lunsj.

Fin utsikt til Hustadvika i sør og Hestskjær fyr (midt på bildet nedanfor) i nord. Dit skulle vi visst ikkje, men no veit vi om det til seinare...

Alle padla forbi den raude saken som låg og flaut i ei lita bukt og lurte høglydt på kva dette var for noko.  Jon Oli tok ansvar, og gav oss ein liten lærepenge... Det var ein redningsflåte. Når ein finn slike så skal ein sjekke flåten, ringe politiet, og gjerne taue den til næraste kai med bilveg. Og i alle fall ikkje padle rett forbi og lure på kva det der er for noko. Denne kom vistnok frå ein seglbåt som hadde havarert på Hustadvika kvelden før, men det hadde gått bra med folka ombord.   

Masse fugleliv med ørn, skarv, hegre, gås og måsar.

Flott område! Skikkeleg uvant for meg å sjå heimlege fjell frå sjøsida.

Turen vart avslutta i ein tidevasstraum rett nord for Rangøya. Artig! Eg kom meg ikkje opp nokre av dei tre straumane, så det må finpussast litt på teknikken. Her er Cato i fint driv oppover.

Vi var ute i ca 6 timar og Jon Oli hadde nøyaktig 14 km på GPS'en. Langtur og langtur fru Blom. Kjekt å padle att - det er i alle fall heilt sikkert!

Tilbake på Rangøya var det betydeleg betre stemning i teltleiren.

Knallgod bacalaomiddag i godt selskap med gjengen frå HKK var ei kjekk avslutning på dagen. Det dukka opp nokre kjente fjes frå tidlegare treff, og det er alltid triveleg å sjå att folk, om ein no ikkje får snakka så mykje med dei...

Vertskapet på Rangøya, Inge og Marit Rangøy, har berre ein heilt utruleg god service! Dette er ein perfekt plass å ta med små og store grupper på padletur, også utanom treffet.

fredag 23. september 2011

Kyststien på Farstad

Bursdagshelg på Skarset med strålande sol og klår haustluft. Jubilanten, turisten og eg for på førmiddagstur til Nordneset.

Hustadvika er imponerande i all slags ver, og kyststien går gjennom eit flott kystlandskap.

Årstidskjensla har gått heilt i vranglås. Dei siste markblomstrane nikka og svaia langs stien og vart til ein fin bukett. Kven snakkar om haust?

fredag 2. september 2011

Fuglesteg

Søndag 28. august gjekk turen til Fuglesteg. Garden ligg på ei fjellhylle 630 meter over fjorden og er restaurert opp og brukt som DNT -hytte.

Vegen opp var jamt bratt, på god traktorveg og sti. Det var sett opp fleire benkar og laga til utsiktspunkt, og utsikta var omlag like imponerande som dagen før.

På sedvanleg vis ankom vi som nokre våte kråker og benka oss på kjøkkenet for hellekaker og te

Alt dogga. Vertskapet var veldig trivelege og diska opp. 1 meter tjukke steinmurar gjev nokre imponerande vinduskarmar.

Ut på tur - aldri sur!

Tunet og bygningane var imponerande sett i stand. Her kan ein både bu og ha selskap, og det er ikkje avskrekkande langt å gå opp.

Fint på Fuglesteg. Vi var skikkelege heldige med fossane som viste seg i all si prakt.

torsdag 1. september 2011

Fannaråken

Siste helga i august var øyremerkt fjelltur, 2000 meters topp og Askvolldamene. Laurdag morgon: Skodde, regn og mogleg avlysing på grunn av vind. Vi bussa til Sognefjellshytta som planlagt og psyka oss opp.
Velaug og eg fleipa med at dette var det næraste vi kom til å sjå Fannaråken i løpet av dagen.....(Så sant som det var sagt...)

Den første bekken var no grei å komme seg over. Regnet gav seg og vi hadde rimeleg trua på ein fin dag i fjellet.

Neste bekk kom vi oss ikkje over utan vassing eller utbløyting av fjellskoa. Det vart vassing.

Det vart det på den neste og. Kaldt men greit.

Nærare breen var elvane grå og endå kaldare. Vatnet gjekk til knes i staden for midt på leggen.

Her fraus ryggmargen min fast, og eg var meir enn ferdig med vassing for dagen. Då kom vi til den siste kryssinga. Brua låg midt ute i ei fossande elv. Vi prøvde å vasse, gjekk heile elva opp og ned eit par gonger, utan å finne nokre betre plass. Klokka gjekk. Breføraren som vi skulle møte 13.00 var på andre sida. Vi bestemte oss for å prøve å vasse med kleda på - og vassa til midt på låra. Men alle plassar var det ein skikkeleg djupål med så stri straum at vi ikkje turde å gå ut i. Må vi avlyse? Må vi snu? - Eit siste forsøk på brua då? Alt var vått, så vi hadde ingenting å tape..  Med fulle regnklede og fjellsko, stritt brevatn godt oppover låra og i samla tropp kom vi oss over.

Klokka var to og vi var for seine. Her var det ingen breførar. F..... og. Ingen hadde lyst til å krysse alle elvane tilbake. Over breen kom vi oss ikkje utan førar. Mobildekning var det, og Janne tok tak.

Årets til no våtaste lunsj.....

Etterkvart kom det ein gjeng nedover breen. - Så sakte dei går?? Ikkje rart dei er seine. Kva slags folk er no dette då?

Vi burde vel ha lukta lunta ettersom det var spreke, veltrente og unge folk som kom ned... Bytting av stegjern og vi er på veg opp. Vått, blått og hardt! Breen var som porselen. Viss ein mista konsentrasjonen eit sekund så gikk ein overende, og det var som å dette i eit såpeglatt badekar. To stygge fall resulterte i kjevetrøbbel og hovne kne hos to av damene. Der og då var det ikkje noko anna å gjere enn å gå vidare.

Fannaråkhytta i det fjerne - endeleg!!!

Våt og sliten gjeng på Fannaråkhytta. Eigentleg hadde vi berre lyst til å vere att der...

...og i alle fall ikkje dra på oss dei søkkblaute regnkleda og skoa att. For å gå 1200 meter nedoverbakke og 5 km veg tilbake til Turtagrø. Utruleg kva ein gjer når det er ein varm dusj og tre-rettars-middag i den andre enden.

Eg har vore på Fannaråken. 2068 m.o.h. Namnet kjem vist av "Fanna-rauken" - ryk av fonna. Fanna - snøfonn, Råk - fjellrygg. MEN eg har ikkje den minste ANELSE om korleis det ser ut der.

Vinden som breføraren var bekymra for merka vi ikkje noko til, og vi kan skryte på oss å ha vassa heile vegen på Fannaråken!