søndag 29. januar 2012

Padlepremiere og trippeltest

Første turen med kajakk i 2012! Susan, sol og søndag. SSStrålande! I dag hadde vi så mange ting som skulle prøvast, testast og leikast med, at padlinga var litt underordna. Like greit, sidan teknikken var litt rusten og padlemusklane (som vi var sikker på at vi hadde i fjor) på ein måte mangla.

Knallfint innover fjorden med kvite toppar på alle kantar

Prosjekt 1. Utforske øyane i Ellingsøyfjorden.
Susan skal på tur med ungane etterkvart, og vi driv seriøs kartlegging av potensielle leirplassar.

Fine leirplassar observert på Svinøya og Vikholmen. Vikholmen egnar seg for å arrangere padletreff med masse folk og telt - sjå for ein idyll!

Det var berre eit lite problem...

Det er alltid mykje styr med dei fastbuande på slike plassar. Når dei fastbuande i tillegg har fire føt, er like sta som dei er nyfikne og har appetitt på det meste....

Prosjekt 2. Turmat.
Susan skulle teste nytt gassbluss og ny turmatoppskrift. Dette var knallgodt, enkelt, raskt og med eit utal variasjonsmoglegheiter. Kan brukast som frukost, lunsj og middag. 

Konseptet: 
Egg
Havregryn (store, lettkokte)
Gulrot og løk i bitar (bytt ut med det du vil, t.d skinke, bacon, purre)
Krydder 

Bland alt:

Steik i passelege "kaker" på panna - sjå ferdig resultat til høgre. Har nokon eit passeleg namn på denne tur-retten?

Prosjekt 3. Telt-test.
Internett, sein kveld, oppspilt og gira på tur, timestilbod. Livsfarleg kombinasjon. Vel vel. Exped Orion er i hus. Teltet fekk plass i kajakken. Det var greit å sette opp. Slik ser det altså ut:

Det er plass til to, men det er ein klar fordel å vere venner... Lite bagasjeplass/fortelt x 2. Sjølvberande er ein fordel. Godkjent og bestått første test.

Utsikt fra teltet. Lovande. Det blir ikkje gale å vakne opp til slike scener..

Slik gjekk no dagen. Årstidsforvirringa held fram. Juni? Januar? Småbåtar susar forbi, trivelege padlarar stoppar og sler av ein prat, teltet er på plass, bålet surklar og brenn og impregnerar oss med røyklukt...   Klart meir junikjensle enn vinterdag.

Herlege søndagar tek dessverre også slutt. Vi nytta siste rest av skumring til å komme oss ut fjorden att.
Padlesesongen 2012 er herved offisielt opna.

Alle testar gjennomført og godkjent med glans. Treng eg seie at vi er klar, motiverte og gira på overnattingsturar? Susan sin versjon av søndagsturen på bloggen Padlegleder.


Turen vart ca 11 km.
NB: Det gjekk ikkje an å padle mellom Kalven og Litlekalvøya på fjære sjø utan å vasse/bere, men det gjekk heilt fint på floa.

1 kommentar: