tirsdag 21. februar 2012

Skjonghellaren og Signalen

Nesten alle er på vinterferie. Ikkje eg. Ikkje Trude. Så vi gjer det beste ut av det. Ekspedisjon Valderøya iverksett.

Første stopp Skjonghellaren. Ei kjempestor og berømt grotte på vestsida av Valderøya, som eg har sett kvar gong eg køyrer heim frå flyplassen. Sunnmøringane sjølv påstår at det er den mest berømte grotta i Noreg. Utgravinga i 1983 resulterte i funn som var 30 000 år gamle. Altså FØR siste istida. Det er ganske kult. Grotta var ganske kul og.

Då vi nærma oss høyrde vi stemmer og lukta røyk. Eg trudde nesten fantasien spela meg eit puss. Det viste seg å vere høgst levande sunnmøringar anno 2012, med bål og matvett. Grotta var litt katedralaktig, med flott utsikt vestover. Her går det an å bu!
Deretter gjekk vi nord på øya for å finne stien sørover att og opp på toppen. Den fann vi og gjekk opp i skumringa. Godt fornøgde. Utan bruk av lys. Det var greit å sjå dei store linjene i landskapet likevel.

Eg burde ha skjønt kvifor toppen vert kalla Signalen - det står jo ei stor mast med lys der (A-ha!). Dessutan eit par flotte vardar. Toddydrikking, fotografering, kveldsmat. Rett triveleg på Valderøya. Lys på alle kantar, frå byen, bygdene, flyplassen og frå fyra. I horisonten såg vi masse små lys som måtte vere fiskebåtar på Mørebankane. Sildesesong?
I dagslys er det ikkje måte på kva ein kan sjå herifrå..

Lyktene på og vi dura nedover. - VAR det her vi kom? Begge var etter ei stund einige om at det var det IKKJE. Vi justerte kursen. No såg vi alle detaljar langs "stien", men ikkje dei store linjene i landskapet. Ops. Vi gjekk oss ut på ein haug som vi begge var einige om at det var lurt å gå på. Der snubla vi i ein varde som vi hadde sett på veg opp - på lang avstand.

Ein ny sti var det og. Det viste seg etterkvart at dette var hovudstien på Valderøya. Den gjekk finare og tørrare i terrenget og med mykje meir utsikt enn vi hadde på veg opp. Aldri så gale... Vi kom oss ned og var strålande fornøgd etter ein knallfin vinterferie-substitutt-kveldstur.

Inspirasjon til turen fekk vi på Jills blogg - og her kan de og sjå korleis det ser ut i dagslys...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar