tirsdag 29. mai 2012

Kystverkspadling!

Sesongopning for padling med gjengen på jobb. Sidan dei påmeldte hadde litt padleerfaring for vi ut til Giske sjølv om det var nordavind. 

Klar for tur!

Terje var pådrivar, Trude stilte med smittande begeistring medan Bjørn og eg tok rolla som dei nøkterne deltakarane denne kvelden. Straum og nordaustvind som drog i ulike retningar gjorde at eg var litt meir skjelven enn eg har vore på lenge i kajakken. Vi held oss på le-sida og satsa på kvalitetstur framfor kilometer.

Ut mot havet! Livskvalitet å få nyte kveldane her ute.

Måsane på Kvalneset. Røffare sjø på nordsida av neset, så Giske rundt får bli neste gong.

Kvalneset (og forsåvidt heile øya Giske) er eit prakteksemplar av ei morene. Dessutan stinka det "daud-kval-aktig".

Alnes låg på andre sida av fjorden, og såg ut som ei fiktiv eventyrbygd i kveldssola.

Fjøresnirkling på veg heim.

KYBIL-padlesesongen er i gang! Kanonfin kveldstur! Måtte det verte mange i løpet av sommaren!
Artig å ha med spesialkompetanse på padletur. Til saman hadde vi full kontroll på skiltreglar, installasjonar og reguleringar i sjø, aktivitet i region Midt-Norge, forvaltningsplan for Nordsjøen og kva som skjer på vindkraft til havs for tida. Moloinspeksjon er ein naturleg del av tur med denne gjengen..

Her var vi på sørvestsida av Giske. Turen vart ca 6 km og vel ein time lang.

Kjekt at det er så variert vannsportmiljø på Sunnmøre. I Borgundfjorden var det regatta med seglklubben, roklubben var i aksjon og turpadlelaget hadde lagt ut med kajakkane eit par timar før oss. Når vi kom ut på Giske var det ein 4-5 kiterar i sving.  

søndag 20. mai 2012

Øyhopping i Flora - Skorpa og Stabben

19. mai. Vi var gira på øyhopping, og la ut frå Tansøy landhandel etter lunsj. Vestsida av Asgrova er noko av det finaste eg har padla. Holmar og sund. Kort mellom turkise pollar og opne strekk med berre hav i horisonten.

Innanfor Kvamsholmane

Det var ikkje så gale med motvind, så vi bestemte oss for å krysse til Reksta om Stårholmane. Før vi var komne over friskna det til og det vart stritt nok å komme seg til holmane. Vidare var det kvite skumtoppar heile vegen til Reksta. Som gode Sunnfjordingar tok vi det med ro, og bestemte oss for å ete litt først. 

Frå Stårholmane mot Reksta og Skorpa

Reale damer

I løpet av turen skulle vi teste Real turmat, som ingen av oss eigentleg hadde trua på. Erfaringa er at det fungerar greit til lunsj, men er nok for små porsjonar til middag (hovedmåltid) på lange dagar med fysisk aktivitet. Den vart best når vi brukte fosskokande vatn rett frå primusen i staden for varmt vatn frå termos (kokt om morgonen).

Utkvilte og mette vurderte vi kryssing til Reksta. Motvind ja, men berre to kilometer, og ikkje spesielt grov sjø. Vi gjorde eit forsøk. Tungt, men det gjekk framover, og vi kom oss over. Då var spørsmålet: Skal vi finne ein teltplass her, eller skal vi til Skorpa? Orkar vi to kilometer til med kryssing? Under litt tvil så hadde vi begge mest lyst til neste øy. Vi padla frå holme til holme, med 5 minutt pause i livd bak kvar av dei. Det gjekk fint, men ingen av oss ville ta eit einaste padletak til då vi landa i Porsvika i sjutida. 

Dei innfødte var nyfikne og vennlege, og mista heldigvis fort interessa då vi ikkje hadde med kraftfor

Frå Porsvika over mot Florø

Nok ein kanonfin teltplass, denne gongen i livd for vinden. 

Brønnen. Det kvite var ein gong eit lam. Det er vanskeleg å finne vatn på øyane om ein ikkje oppsøker hus og folk, så det er god grunn til å ha med seg nokre liter i kajakken.

Området mot Batalden og Vevling ser ut som eit padleeldorado! 

Du veit det er kaldt når det einaste du vil etter ein lang dag er å gå kveldstur. Alle som kjenner oss litt veit at vi er slitne når vi snur halvvegs mot toppen. Men glimtet av "padlehimmelen" på nordsida var fantastisk.

Siste feriedagen og frukost i VARMEN! I dag kom sommaren, og det var vindstille og vakkert. 

Kjell kom ut frå Florø og møtte oss på Skorpa

På heimvegen tok vi ein æresrunde ved Stabben fyr

Nina og eg ved Stabben (foto: Kjell)

Ferien var slutt, og vi hadde hatt ein fantastisk tur. Frå vi skilte lag med "Nordkaperne" hadde vi padla ca 35 km og testa to av dei finaste teltplassane i Florabassenget. Øyene i Askvoll er flotte, men øyene i Flora er jammen ikkje noko dårlegare dei. Hit skal vi tilbake!


lørdag 19. mai 2012

Øyhopping i Flora - Tansøy

Etter to dagar med motvindspadling var det herleg å få vinden i ryggen og snirkle seg inn mellom steinar og skjær att. 
Snirkling på veg mot Tansøy.

Sunnfjord-sfinksen? (Mensholmen)

I land på Helgøya for å finne teltplass

Noko av det luraste Nina og eg har gjort er at vi tidleg i mi kajakk-karriere øvde på ilandstigning. No er ikkje svaberg, steinete strender eller dønning nokon grunn til å IKKJE gå i land nett der vi vil. Etter å ha leita rundt ei stund fann vi ut at det ikkje fantes teltplassar i le for nordavinden noko plass, og så for vi tilbake til den aller første plassen vi såg på. 

Fine folk et sein middag. Veldig kaldt og veldig fint. 

Mot Tviberg og Alden. Norskehesten kjem godt fram frå denne sida. Dei har brukbar utsikt dei som bur her.

Naturkunst. Tydeleg ein kar som enten slit med å få på seg tørrdrakta, eller held på å gå heilt i oppløysing

Teltplassen på Tansøy. Beste tomta i by'en.

Morgonstund....

Det var kaldt om natta (dei heime hadde fyrt i omnen og gradestokken kraup ned til 2-3 grader). I sekstida  begynte sola å varme på teltduken, så utover morgonen vart det berre betre og betre....

Store landskap og små perler. Sjøanemoner er berre fasinerande og flotte!

Perfekt kajakklanding ved Tansøy landhandel (som vitterleg ligg på Asgrova)

Mjuk start på dagen med eit kvarters padling bort på butikken. Der fekk vi påfyll av viktige ting som til dømes pepsi max, og det var dessutan vaffelsteiking på gang om vi gadd vente litt i sola på verandaen. Det gadd vi. God service og blide folk, som dessutan vart grueleg imponerte over at vi hadde padla Stavfjorden. Så då handla vi litt ekstra.

Brua på Tansøy

Brua er ein attraksjon. Det er ein knapp på kvar side for å få ho til å heve eller senke seg. Det klødde meir enn litt i fingrane etter å gå bort å trykke.... Slik gjekk no dagen, og vaflar vart det. 

Etterkvart manna vi oss opp til litt meir motvindspadling....

torsdag 17. mai 2012

Norge på langs

Det var ein gong to finnmarkingar som skulle padle frå Lindesnes til Nordkapp. Som finnmarkingar flest var dei utruleg beskjedne, og la difor ut masse informasjon om planane sine på nettet i god tid. - Kanskje vi skulle vere med eit stykke? sa eg. - Ja, sa Nina.

Avreise Askvoll. Magnus og Nina. Iverksetting av plan C. 

Opphaveleg skulle vi ta ei veke fri og til dømes vere med frå hytta til Nina i Lindås og så langt nord som vi kom. Kanskje til Askvoll, eller til og med til Ålesund. Sidan det er jamnlege ekspressbåtstopp på vegen så var vi ikkje så bekymra for det. Etter ein ribbeinsbrest, diverse kulingar og verfastdagar så vart planane stadig revidert (sjekk dei fire forrige blogginnlegga for alternativ bruk av feriedagar). Sjølvaste 17. mai var vi klare til padling.

Nuka klar for nye eventyr

 Lars i sin "Cobolt origo"

Mai 2012 har bestemt seg for å vere vrang. Nordavind, og delvis sterk vind. Eg vart lang i armane mot Staveneset. Der passa det på alle måtar godt med lunsj. I sola, i le for vinden, med dunjakke, ja då var det i grunn ganske fint.

Stavfjorden

Stavfjorden gjekk kvit og det var mykje vind. Ingen hadde spesielt lyst å krysse. Grunneigar Olaf anbefalte teltplass på neset, og slik vart det.

Utruleg praktisk og litt hyggeleg når to sterke og blide karar står klar for å sjaue dei fullasta og kjempetunge kajakkane våre.
 
Fantastisk fin teltplass på til dømes Staveneset.

Eg fikk nesten ASKR- assosiasjonar når vi fekk opp telta (jadda, det var ca 20 grader varmare i Vesterålen, men bortsett frå det då..). 

Taramtitei! Ut på tur aldri sur. Middag smakar godt i frisk luft.

Vi fekk kvelden til å gå med yatsy og røvarhistorier frå nord. Triveleg!

Vekkarklokka på for å rekke vervindauge med lite vind neste dag. Første halvdel var grei, men så vart det meir og meir vind og tyngre og tyngre. Det er berre å innrømme det; karane er hakket vassare enn oss i motvind.

 Magnus "Nordkaper" landar på Askgrova

Lunsj i Devika på Asgrova. Kort strategiprat, så splitta vi lag. Det er noko med å gje seg medan ein er på topp eller til dømes på talefot. Karane kryssa til Florø, og vi gjorde det nesten. I siste liten ombestemte vi oss og la oss i land på Hærneset helt aust på Asgrova. Nokre kaffikoppar seinare: -Løyar det litt kanskje? Nytt forsøk på kryssing. Det viste seg at vinden ikkje hadde løya, berre snudd litt meir på vest og Rekstafjorden gjekk kvit. Då hadde vi fått nok motbør og sette kursen sørover. Etter ca to åretak i medvinden var vi ved Tansøy.

Karane padlar til inntekt for Redningsselskapet ung. Bli med og støtte då vel? Kjøp ei etappe eller putt pengar på kontoene til redningsselskapet: 47502758981. Følg dei på turen nordover på bloggen Fra 57' til 71' i kajakk.

Det er mykje tyngre å padle Norge på langs i til dømes motvind i forhold til medvind. Karane fortjener ekstra applaus for innsatsen. Eg fekk og tid til å reflektere litt over korleis det går an å finne motivasjon til å padle kvar dag i 80 dagar i strekk, når oddsen er stor for motvind heile vegen oppover...

Det var kjekt at vi fekk det til å klaffe tidsmessig med treff og fellespadling. Vi fekk og trigga investeringslysta. Til dømes ein langturkajakk som er lenger, har større lastekapasitet og kanskje til og med ror? Dessutan fekk vi demonstrert nokre nye uunnværlege friluftslivprodukt. Det er så mykje FIIIINNT å få kjøpt altså. Så det spørs om ikkje eg må ha ein prat med Alfa fritid eg og.

Vårt bidrag til Norge på langs vart Askvoll - Asgrova, og ei strekning på heile 21 kilometer. Men vi hadde fleire feriedagar på lur så følg med i neste episode....

onsdag 16. mai 2012

Hovden (367 moh)

Kvar er det ein topp som ingen av oss har vore på før? Hovden på Atløy vart dagens turmål. Endeleg ei kjensle av vår der vi gjekk opp gjennom lia. Ko-ko, ko-ko, for første gong i år.

 Kusymre

Imponerande varde til å vere eit sopass lite fjell.

Utsikt mot Alden, Tviberg og Herland

Hindøy. Her er det fint å padle...

Mot Smelvær og øyane i Flora; Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden. Det kriblar litt i magen når vi veit at ferda antageleg går nordover her i morgon. Her er det nemleg også veldig fint å padle...

Jiiiihaaaa! Ein liten spensdemonstrasjon når Alden ligg så lageleg til.

Vi måtte også ned å sjå på Gapahuken til Atløy 4H ved Herlandsvatnet.

Gapahuken var skikkeleg fin den!

Idyll ved Herlandsvatnet. Neste gong har vi med grillmat og fyrstikker.

Hovden er eit fint turmål! Utfordrar alle venner og kjente i Sunnfjord til å ta seg (minst) ein tur til Atløy i løpet av sommaren!

tirsdag 15. mai 2012

Ytre Vågefjell (672 moh)

4 av 5 trimtoppar i boks! Superfint (men iskald) turver. Mai har verken vore skjønn eller mild, men i dag var det opphaldsver og sol og det var heilt FANTASTISK!

Eg nyt altså ferien med å plukke trimtoppane i Askvoll

I fjor rakk eg ikkje fjelltrimmen fordi det vart så mykje padling. I år ryk padleplanane, men då er no heldigvis fjella meir til å lite på.

Flott utsikt til Stavfjorden og øyane i Flora. Svanøy nærast. Kanskje vert det nasjonaldagspadling tvers gjennom her? Kvite skumtoppar på vindbølgjene på Stavfjorden vart observert.

Nina tek ein pust i bakken. I dag held ho no nesten på å sprenge meg aldeles.

Ytre Vågefjell er eit litt annleis fjell. Det er liksom berre ein lang stor lyngbakke. Utsikt innover Førdefjorden har ein med det same, og etterkvart dukkar Florø og øyane opp i nord.

 Overraskinga er difor stor når ein bikkar kanten på toppen og ser dette:
Frå Ytre Vågefjell mot Atløy, Alden og Værlandet. Padleparadiset Askvoll!

Andre vegen får vi reine høgfjellsstemninga.

Dramatisk landskap og ein god dæsj kulturlandsskap innover Oslandsbotnen.

Ytre Vågefjell kan anbefalast. Artig fjelltur med bra utsikt! Det er verdt litt puls og mjølkesyre å bryte seg på desse bakkane. Den siste luringen (Røyrbotnholten) i fjelltrimmen ligg bakerst midt på bildet ovanfor. 

INTERN: 
Av og til lurer eg litt på kva damene held på med, og eg synes eg høyrer fliringa og diskusjonen her 10. mai. Tips: Finn ein feil....