tirsdag 31. juli 2012

Straumpadling i Lindås

Torsdag 26.07. Hyttetur med padleplanar er ein passeleg midt-i-ferien-aktivitet. Nina og eg la ut med ambisjonar om å utforske mesteparten av Lindåsbassenget og straumane der.

Lurefjorden

Landskapet er ganske annleis her, lave åsar og opne fjordar, og mange område med holmar, øyer og sund. Straumane er berykta og ei av Norges to sjøsluser ligg her. Eg hadde slitt med å navigere i dette landskapet der alt ser likt ut, men Nina er kjent og traff slusa på første førsøk.

Lindås sluse frå vest

Vi padla oss inn mot slusa, og der kom det plutselig nokre plastbåtar i kjempefart. Vi skvatt unna på kvar vår side av slusa.

Båt i slusa

Vi var ikkje førebudd på dei kjempebølgjene som kom i etterkant. Den tronge kanalen forsterka på eit vis hekkbølgja som kom som ein vegg mot oss.

Ufrivillig bading....

Nina vart skylt på land på si side, medan det var litt meir plass hos meg. Det var straum, men ikkje så mykje, så det var greit å padle gjennom. Med ny respekt for småbåtane måtte eg ta ei æresrunde med fotograf..
Slusepadling

Jepp - gjennom!

Idyll i Lindåsbassenget

BADING!

Vi fann oss eit fint svaberg der vi lunsja og sola oss eit par timar før vi sette kursen mot Lindås sentrum.

Lindås brygge

Lindås frå sjøen var ein liten plass. Moderne brygger og gamle hus med eit snev av sørlandsstemning.  Vi tok middagen på Lindås brygge på returen,og det var knallgod mat!

Padling innover i dei store skogane (Haukåsstraumen), men framleis i saltvatn. Merkeleg kombinasjon!

Bergen og omland friluftsråd (BOF) har gjeve ut kart og informasjon om padling i Lindås. Vi padla ei av rutene. God informasjon, og avmerka leirplassar. Det er ikkje flust av leirplassar i terrenget her, så greit med tips.. 

BOF Leirplass (nr 7 på kartet). Fin plass, så eg kunne godt telta her.

Padling i Lindås

På veg heim padla vi ut Lurestraumen. Den var skikkeleg virvlete og artig, og vi hadde heldigvis medstraum. Det vart ein brukbar lang tur (ca 31 km), så det var heilt greit at straumane i fjordane var med oss på slutten.

torsdag 19. juli 2012

Trippel på Hareidlandet

Vegen vert til medan ein går. Det er den einaste forklaringa på at vi no har vore på Hareidlandet sitt høgaste punkt, Blåtinden (697 moh).

Hareidlandet sør -sett frå Vartdal

Trude i fint driv mot toppen av Blåtinden. Det var og godt driv i skodda. Vi skulle hatt vottar.

"I øst reiser alpine topper seg fra fjorden og inn i himmelen". Så seier turboka.

Utsikta frå Grøthornet (595 moh), dagens nr 2. Haddalshornet (607 moh), dagens nr 3 til venstre. 

Dagens beste utsikt frå Haddalshornet mot Herøy og Fosnavåg. Padleriket!

Friskt på Haddalshornet.

Det går fint an å ha både vind og skodde på same tur. Vi hadde bestemt oss for at det var triveleg på tur, og det var det. Det einaste som skurra litt var det der med juli og sommarferie.

Hareidlandet var skikkeleg fint, og vi skal nok på fleire turar utover her. I dag starta vi med kurs mot Molladalen (for mykje skodde), åt lunsj på Vartdalssetra medan vi forkasta Middagshornet (for mykje skodde), køyrde Eiksundsambandet (for første gong!) og landa på Blåtinden. Det var vi godt nøgde med! Mogleg at vi neste gong tek ferja direkte til Hareid når vi skal utover hit.

Hellesylt - Geiranger

Onsdag vakna eg til grått og regn. Frå dyna ringte eg Trude.  -Tinderangling utgår? Brainstorming på kva anna vi kunne finne på. Fjellsko vart bytta ut med tørrdrakt. Herøy kajakk klubb var på veg til Hellesylt, og det var snart vi også. Eg er generelt ikkje så gira på fjordpadling, men er alltid klar for tur med desse folka. Knakande kjekke altså!

Nuka'en og eg er klar til å erobre verdsarvfjorden

Geirangerfjorden - fantastisk klisje eller oppskrytt fjordarm?

Sjølv eg må innrømme at det var veldig fint innover fjorden. Det er ein heilt fantastisk og spesiell natur her. Som padlar er det tre ting som held deg i aktivitet innover fjorden. Sjå/ta bilde av: Store passasjerskip, fråflytta gardsbruk og fossefall. Lat oss starte med gardsbruka:

Tore i fint driv forbi Matvika

Tor Inge på veg til Syltavika og lunsjing

Sidan vi hadde med oss fleire lokalkjente så fekk vi litt info om dei ulike gardane. For alle andre vil eit søk på "Storfjordens venner" vere ein fordel.

Store passasjerskip:

Trude og hurtigruta. Trur det var best stemning ombord i kajakken.

Dobbelskip vs dobbelkajakk. Liv Ingunn og Astrid padla i takt heile dagen, og var eit velsmurt maskineri.

Dei omlag 50 andre bilda eg har av ulike skipspasseringar kan synast fram til spesielt interesserte. Merkeleg kor mykje meir interessant det var å ta bilde av dei PÅ fjorden enn å sjå etterpå? 

Over til: Fossefall

"De syv søstre"
Mange slags turistar var ute etter å sjå på dei fine fossane langs fjorden.


"De syv søstre", Trude og Tore.

 Sjølv med godvilje kom eg ikkje til meir enn 6 søstre i dag, men det finst våtare dagar, så tvilen får komme fossefallet til gode.


"Friaren"

Rett ovanfor søstrene står den forsmådde friaren som slo seg på flaska. Flaska kan du tydeleg sjå i fossen. Du trur kanskje at dette er ein liten fillebekk?

Små padlarar i stort landskap

Mildrid og Trygve i dobbelkajakk. Snart berre sjarmøretappa inn til Geiranger. Som eg vil PADLE SJØLV!!! (jf. Trygve)

Frå fossefall til forfall:

Jon Oli ved tagginga.

Då vi nærma oss Geiranger var det som om vi mista litt av roen. -Når går ferja, padla på.. Fjellveggane var tagga ned, det lukta dieselrøyk og småbåtane med påhengs laga leven. Kvelar turistane den naturen dei eigentleg er her for å sjå?

Geiranger sentrum.
Kven er det som er ute av proposjonar? Turistane eller turistmjølkarane?

Bakerst innerst ligg den originale naustrekka. Heldigvis.

Vårt bidrag til galskapen: Tørrdrakt-kajakk-kortesje i sentrum.

Takk for følgjet og ein flott tur!
Fjord1 gjorde returtransporten av folk og kajakkar til ei enkel sak.

Her gjekk turen og vi padla ca 22 km
(klikk på kartet for større utgåve)

onsdag 18. juli 2012

Straumshornet (976 moh)

Denne veka har Trude og eg gledd oss til lenge - og planen er TUR! Veret var ikkje egna for dei aller høgaste toppane, så vi sette kursen for eit lenge ønska turmål i Sykkylven: Straumshornet.

Her er ruta som vi gjekk. Siste del mot toppen akkurat bak kanten.


Etter ca ein halv time gjennom skogen kom vi over tregrensa og gjekk på ein fin rygg oppover. Like under sjølve hornet tok vi lunsj. Vi fann ut at det var best å ete seg til mot.


Skal vi verkeleg opp dit?


Sjølve hornet

Stien var bratt men det var greit å gå.

Skiftande ver. Regnbogen fylte dalen. Ikkje kvar dag eg ser NED på den akkurat!

Trude på toppen med Dravlausnykjen bak

"Toppen kjem brått" - stod det i boka. - Kva meiner dei med det? lurte eg. Men det var nett det den gjorde. Det var både kortare og lettare opp enn vi hadde trudd. Vegen opp var grei, men sjølve toppen var luftig. Ikkje hoppebilde her.


Rett ned til Straumgjerde og Sykkylvsfjorden

Kreativt plassert turbok. Bak: Ikorneset til venstre og Aursneset  med ferja til Magerholmen til høgre.

Boka låg ikkje ved varden. Her hadde nokon hatt humoristisk sans. Boksen med boka (raud, rund) var lagt ca 50 meter lenger ut, og for å komme dit må ein til med (svært) luftig klyving. Faktisk så luftig at ingen av oss hadde lyst ut dit.

Trude og meg på toppen med Hammersettindane (taggane) og Urfjellet (lengst til høgre) bak.

I staden for å skrive i (den hersens) boka kosa vi oss med utsikta, utsikta til nye turar i fleng og resten av termosen.

Det låg masse store stein hulter i bulter på toppen. Fleire fine utsikthol. På den andre sida av steinen var det nemlig fleire hundre meter med ingenting.

Trude

Så var det berre å ta det litt roleg nedatt... God sti.


Straumshornet var ein kanontur!
Turen er skildra i turbøkene:
  • Turbok for Ålesund og omegn
  • Fotturar på Sunnmøre
  • Fjellhugboka - fotturar i Sykkylvsfjella


Eg har dessutan oppdaga instagram:

-Straumshornet-
Portrett av eit fjell - 1

-Vestlandssommar-
Ferja på veg til Magerholm og Straumshornet til høgre.


 Vi runda av dagen med biltur i heile Sykkylven vest, og sjekka ut alle kjente turutgangspunkt. 

onsdag 11. juli 2012

Flåvær

Tirsdag 10. juli. EIN tur til før alle fer på sommarferie? To bilar med kurs for Herøy og Tor Inge, og 5 stk med fyr og ukjent farvatn i blikket. Vi vart litt distrahert på Ystute - for det hadde nett komme ei last med nye kajakkar til butikken. Lekre saker, og freistingane låg i lufta.

Flåvær var målet og Trude fekk prøve Nuka (utan skeg). Vi padla oss ut mellom moderne fiskebåtar og verdas største lakseslakteri på Eggesbøneset (Det står rett nok Norges største på Marine Harvest sine heimesider).

Tor Inge fortel om lakseslakteriet

Ein triveleg julikveld med 10 grader, nordavind og lågt skydekke. Utan skeg var det utfordrande nok å halde retninga på kajakken med vinden på skrått bakfrå. 

Vestlandssommarpadling!

Manglar ikkje på dramatikk sjølv om utsikta var noko redusert. Flåvær i horisonten.

Flåvær handelsstad

Vi kryssa til søraustenden av Flåvær og padla langs holmane nordvestover til fyret. Flåvær fyr ligg ytst på tuppen. Det ser idyllisk ut på avstand, og litt meir forfallent ut på kloss hald. "Dagmar" har herja både med gangbrua og fyrbygget. Det er eit paradoks at Norge hadde råd til å vedlikehalde fyrbygga sine i 1912, men ikkje i 2012... Kystkultur og vedlikehald er eit aktuelt tema.


Fyr nummer fire for sesongen - Flåvær!

Trude på vestsida av fyret

Vi padla rundt og gjekk i land på Warholmen. Tor Inge og familien har eit velstelt triveleg hus her ute. Ingrid sette på kaffi og resten gjekk ut til fyret.

Flåvær fyr frå "landsida"

Det viste seg at Ingrid hadde gjort meir enn å sette på kaffi. Vi kom tilbake til reker, varm loff, og pådekt bord. Veldig koseleg og overraskande. Praten gjekk og det var kjekt å vere på tur. Padlehistorier og familiehistorier gjekk i kvarandre, og ingen såg på klokka.

Det var skymt når vi la i veg innover. Kauking og latter, særleg då "skotten" dukka opp. Det store spørsmålet vart; kva har eigentleg ein skotte under spruttrekket?

Flåvær-skotten

Eg har no erobra fyr nummer 4 og turen var på omlag 11 km. Det freistar med fleire turar til Herøy. Tusen takk til Ingrid og Tor Inge for turen og gjestfriheita på Warholmen!

Flåvær - kart

Ein liten strek i rekninga var det at vi mista alt som var av ferjer, og måtte vente til 2.30 på Hareid. Generelt så kan eg seie at det ikkje er nokon grunn til å legge inn venting på ferjekaia på Hareid mellom 0.45-2.30. Det er relativt lite som skjer der då. Så det var ein trøtt gjeng som kom til Ålebyen midt på natta. Det var likevel så utruleg deileg å berre somle, legge klokka tilside og nyte sommarkvelden at det går eigentleg ikkje an å klage på ventinga heller..