mandag 13. august 2012

Øyhopping med sykkel - Nordøyane

Storfint Askvollbesøk på Møre i helga. Naglebiting og trippelsjekk av yr.no ca ein gong i timen. Syklar frå Actin, offentlege båtruter, Nordøyane på rad og rekke og Ona i det fjerne.

Klar for sykling på Haramsøya

På Haramsøya, klar for å sykle over fjellet "Mannen" (347 moh) i bakgrunnen.

Det var sol, flatt og asfalt. Ingen hadde noko problem med å bli med på fjellkryssing. Tvert i mot. Det var ein motivert gjeng som svinga seg inn på grusvegen.

Grusvegen i skikkelege trollstigesvingar oppover fjellsida

Etterkvart vart det så som så med sykling. Trilling av sykkel, hiving etter pusten og mange gode spørsmål. Kvifor gjer vi det her? De veit at det går flat asfaltveg langs heile øya? Kvifor i alle dagar har dei bygd veg HER?

Opp og opp. Det var kult å sykle på fjelltur. Etterkvart. Nordøyane på rad og rekke og vi på toppen.

Teambilde på 1. etappe "Tour te Nordøyane". Vegen over til Flemsøya i bakgrunnen.

Herleg å sykle utover fjellet!

På toppen var det hundrevis av dekar med dyrka mark, og rundballar overalt. Sunnmøringen fornektar seg ikkje!

Bratt og svingete ned mot Ulla fyr på andre sida av øya. Nedoverbakkane gav nye utfordringar. Skikkeleg motvind. Ut til fyret skulle vi, for det stod i programmet, så vi dura på. 

Ut mot Ulla fyr

Det er første gong eg har sykla over eit fjell for å komme til eit fyr. Her kan ein overnatte i fyrmeisterbustaden, men nokon hadde komme oss i forkjøpet, så det var opptatt. Fyret låg fint til i eit dramatisk landskap med brytande sjø på yttersida.  

Ulla fyr

Vi var einige om at fyr var ein fin ting å samle på. Vi burde besøke fleire i grunn. Sidan det var ein vindfull kveld, og vi hadde ein middagsavtale på Gunnabuda, så var det ikkje lenge før vi kom oss på syklane att. No med medvind, og begynnande vondt i rompa.

Gunnabuda på Flemsøya var eit kapittel for seg. Her har dei overnatting i hytter eller rom. Vi fekk vindusbord, vin og verdas beste middag. Kvit bacalao, heimelaga frå botnen. Knallgod service og ein veldig fin plass.

Gunnabuda - utsikta frå frukostbordet vårt

Det vart morgonbad på meg, og berre meg (badepoeng). Frivillig!

 Dagen starta med sykling til nordaustsida av Flemsøya og Sandvika. Landskapet var idyllisk og rått på same tid. Flott utsikt over til Ulla fyr, og oppover mot Ona. Vi hadde ein hurtigbåt som skulle rekkast, ellers hadde vi nok bada og slappa av ei stund på stranda. 

Teambilde på 2. etappe "Tour te Nordøyane". Sandvika.

Haramsøya (t.v) og Flemsøya (t.h) ) frå hurtigbåten. 
Been there, done that!

Flemsøya vert og kalla Skuløya, for dei vert ikkje einige om namnet. Vestlendingen i eit nøtteskal?

Kart

1 kommentar:

  1. Flott turrapport, flotte bilder av flott natur og spreke jenter!

    SvarSlett