torsdag 27. september 2012

Vestkapp!

Søndag 23. september. Sol og opptil fleire timar med dagslys att av dagen. Fer vi rett heim eller på sightseeing då? Turistbrillene på - Stadlandet here we come!

Kjerringar på Kjerringa

 Vestkapphuset var stengt med stormskade. Her var det 360 graders utsikt som imponerte sjølv blaserte vestlendingar. Litt kaldt, men veldig, veldig fint. Vi lot oss rive med og begynte å gå utover platået.

Sørover frå Kjerringa.
Stadlandet i gyldne haustfargar, Sildegapet, Vågsøy og Bremangerlandet bakerst.

På kanten! Vi gjekk heilt ned på tuppen.

Ei uhøgtidleg skipsteljing på Stad viste 3 stk fiskebåtar og eit stykkgodsskip fordelt på både sørgåande og nordgåande. Dette er så nær opptil det eg jobbar med for tida at eg nesten kunne skrive timar på det.

Trude

Nede i bakkane var det lunt, sola steika og det var berre så utruleg fint. Stor horisont, fjellheimen i aust. Vidde og hav. Søndagslykke!

Innover landet. Hornelen og Ålfotbreen. Lag på lag med Nordfjordnatur.

Vi tok for oss bygdene etter tur. Som grøne oasar i eit værbitt og hardt landskap. I kvar ein dal og vik har folk klora seg fast og skapt seg eit levebrød. Dramatikk og idyll hand i hand.

Indre Honningsvåg, sett frå ytre Honningsvåg. Lenger ut kjem ein ikkje med bil.

Årvika.
 Foten av Vestkapplatået reiser seg til venstre.

Ervika

No begynte vi på dei berømte sandstrendene. Fleire av bygdene har flotte strender med tung dønning som bryt innover nesten kvar dag heile året. Stad er rekna som eit surfeparadis.

Gravplassen i Ervika. Er dette den einaste gravplassen i Norge med skilt om at det ikkje er lov til å tørke våtdrakter på gjerdet?

Ervika er og kjent for forliset til hutigruteskipet DS «Sanct Svithun» under andre verdskrigen. Skipet vart bomba av allierte fly 30. september 1943, og gjekk ned. Bygdefolket medverka sterkt til berging av folk frå skipet. 78 vart berga medan 50 miste livet. Kyrkja vart sett opp til minne om både bergingsinnsatsen og dei som omkom. Gravplassen er mykje eldre, og skal ha vore nytta til å gravleggje omkomne sjøfolk frå mange land allereie frå midt på 1500-talet.

Søndagsmiddag! Real steinbitgryte med ein knivsodd sand.

Surfar

Det var god underhaldning til middagen å sjå på surfarane som var ute. For det meste berre låg dei der å duppa, nett som ein flokk alkar på sjøen. Litt action vart det innimellom, og nokre av dei var skikkeleg flinke. Bruset frå brenningen gjorde at Trude og eg  nesten måtte rope til kvarandre på berre ein meters avstand på stranda.

Eg trur eg passar betre til padling. Ut i frå dialektene til surfarane så var det ikkje mange lokale blant dei..

Siste etappe gjekk over Dragseidet. Korleis dei fann motivasjon til å dra store vikingskip over skaret her er meg eit mysterium. Dødsangst rundt Stad som einaste alternativ er vel ei mogleg forklaring. Det er eit spel på toppen annakvart år, og det har eg lyst til å få med meg i 2013. Vi køyrte trollstigesvingar opp og ned på veldig smal veg for å komme til siste mål for dagen: 

Hoddevika!

Hoddevika er spesiell og vakker. Eg har hatt lyst lenge å komme meg hit. Det var endå meir storslått i verkelegheita enn på bilde. Her ligg den flottaste og største sanstranda. Surfarar her og. Skal ha meg ein god prat med Magnhild ved høve og få endå meir "inside information" om liv og røre i bygda.

Solnedgang i Hoddevika

Full av inntrykk og opplevingar kopla vi frå turistmoduset. Då kom det på ein måte som eit sjokk (type kalddusj) at det var minst tre timar og ukurante ferjetider heimatt til Ålesund. Det er nett som vi gløymer tid og stad når vi rasar frå oss i ytre strøk. Kvar gong. Urk. Sliten og vil heim - NO! Inntrykka frå turen var så flotte at det likevel var verdt ein sein kveld. Har du moglegheit til å besøke Stadlandet i solskin - grip den!  

Kart Stadlandet ytre del - klikk på for større versjon

onsdag 26. september 2012

Solskinnspadling i Sildegapet

I alle fall nesten. Vi såg ut i Sildegapet. Veldig fine forhold. Lite vind, sol og lettskya. Det var godt å få ein litt urvete teltkropp i bevegelse.

Mot Ytre Fure og "Signalen" på Stadlandet

Selja - Silda var første etappe. Berre litt dønning og fin sjø. 

Stø kurs mot Silda og Vågsøylandet

Frå yttersida på Silda mot Skongsnes fyr. Ikkje i dag, men kanskje seinare?

Sjokoladeflåte med utsikt til Nordfjordfjella.
Hornelen stikk fram bak der. Ikkje i dag, men kanskje seinare den og?

Ulvesund fyr!

Eg er veldig nøgd med at det vart eit fyrbesøk i løpet av helga. Ulvesund var idyllisk og koseleg. Her er det søndagskafe og moglegheiter for overnatting. Det var litt rart her og, for det var både tunet i skogen og fyr samstundes. 

 Fyret i skogen? Turstimerking i Vågsøy? Her har vel Kystverket bomma litt?

Originalfyret vart sett opp i 1970, og bifyret i skogen i 1932. Det er for å unngå dei mange farlege grunnene utanfor Nordvågsøy at overettfyra er sett opp. Marginane er små og linjene er gjevne med kvart grads nøyaktigheit. Fyrlista advarar mot ei grunne, 13 m djup, som bryt i stor sjø. Det var og ein gevinst med to godt synlege dagmerke overett. Endå betre vart det etter at både fyr og fyrlykt vart måla med oransje loddrette striper (fritt etter Wikipedia). 

Ulvesund fyr og Sildegapet


Etter eit godt tips frå ein kollega for vi inn i Osmundsvågen. Litt nordnorsk fiskeværstemning, og ein fin plass. Det var ikkje så godt å sjå spor etter fordums handelsstad og storheitstid, men verd ein avstikkar. Bittelitt meir vind og sjø frå sida, men framleis veldig fine padleforhold då vi starta på siste etappe for dagen over til Venøya. Der bør det jo vere fint i telte?

Sygni med Silda bak

Nina med Flatraket bak. Der var det ein stor fabrikk. Ingen av oss kunne komme på kva Flatraket var kjent for. Gruble, gruble. (Google seier: AS Fiskevegn; fiber, tauverk og fiskeredskap)

Triveleg på Venøya!

Vips var det kveld. Med eit migrenefråfall var vi tre glupske damer som kasta oss over verdas beste biff (marinert med godsaker, vogga i kajakk i eit døgn..namnam). Bålet vart tent (no begynner vi verkeleg å verte gode på dette altså!). Ro i leiren. Nina og eg mimra litt frå ASKR, og sakna Gøran (og sangferdigheitene hans) eit lite sekund eller to. Trude viste nye talent og sang "Til Heimbygda" (Sykkylvssangen) med den vakraste stemma du kan tenke deg. Snufs. Vestlandshjartet var sprekkferdig. 

Morgonstund i basecamp Venøya (frost om natta, begge nettene).

Nok ein strålande dag! Kva har vi gjort for å fortene dette?

Meg. Nøgd. Sildegapet. Stad. (Foto: Trude)

Søndagen gav ikkje akkurat utfordrande padling. Det er fasinerande kor havblikk det kan være i eit så berykta verhardt område. Vi padla yttersida av Barmen nordover, og tilbake til Selje.

Trude. Nøgd. Stadlandet. Spegl?

Innover mot Selje. Finn ein feil!

Vi hadde god tid til til Nina skulle på ekspressen sørover. Siste kaffikoppen på Selja, denne gongen på innsida. Septemberpadling er strålande! Eg vil meir på tur!


Kart

Turen vart totalt 32 km.

tirsdag 25. september 2012

Selje kloster

Padlehelg! Fredag 21. september la vi ut frå sentrumskaia i Selje med stø retning Selja.

Stadlandet bada i ettermiddagssol


Det var ikkje lange biten ut til klosteret, men vi rakk akkurat å komme i padle- og helgeturmodus. Klosteret var eit flott syn då vi runda odden. Vi hadde fått tips om camping frå landbrukskontoret i kommunen i vika inn til venstre  
Villa Aarseth - basecamp 1

Til å vere 4 damer på tur så gjekk det relativt fort å finne leirplass. Dagane er kortare no, så det vart brått solnedgang.

Utsikta frå "restauranten" vestover mot Vågsøy. Utover kvelden såg vi blinka frå Skongsnes fyr og Kråkenes fyr (trur vi).

Vindmøller i solnedgang. Mehuken. Stygt? Fint?

Mehuken Vindpark vart etablert i 2001. Tretten turbinar gjev årsproduksjon på 65 GWh. Dette tilsvarar energiforbruket til innbyggarane i Vågsøy kommune (ca 6000).  5 av møllene har tårnhøgde på 50m og ei rotordiameter på 52m. Resten er 64 meter høge og har ein rotordiameter på 71 meter.

Bålkos ved basecamp

Vi har lagt oss til nye vanar, og no skal det vere bål. Det var skikkeleg rått og doggfall utover kvelden så det var kjekt å ha eit bål å varme seg på. For ikkje å snakke om kor koseleg det er! I tillegg fekk vi rydda vekk ganske mykje skrammel frå fjøra, som no er omgjort frå eit "søppel-i-havet-problem" til eit klimaproblem.  

Avstressa, dog noget søvnlause, vakna vi til svartestille.

Det er ikkje feil å sjå Stad og Vågsøy spegle seg i Sildegapet til frukost.

Første post på programmet var klostervandring. Klosterbåten kom med guide og (andre) turistar så vi fekk litt gratis informasjon undervegs.

Klostergjengen!

Stemninga var høg og gjekk over til høgtideleg. Dette er ein spesiell stad. Det historiske suset er tydeleg, og kjensla av heilagdom likeså.


Opp til grotta

Utsikt frå grotta mot Stad

Alteret i grotta

Nina testar Sunnivakjelda

Vi hugsa ikkje heilt om det var helse eller ungdom ein skulle få av å drikke av kjelda. Etter ei kort vurdering fann eg ut at eg både var frisk og ung nok, og meldte pass på drikkinga.
  

Klosterutsikt mot padlebasecamp

Først langt utpå førmiddagen kjem sola til klosteret

Selje kloster var flott! Uavhengig av religiøs ståstad så er dette eit turmål som bør inn på ønskelista. Då klosteret hadde si storheitstid var det kvitkalka, og låg som eit strålande seglingsmerke frå havet.

Sunniva-legenda er bakgrunn for bispesetet (frå 1068) og klosteret (ca 1100). Sunniva sine knoklar vart skrinlagt i 996. Storheitstida var på slutten av 1200-tallet. Utifrå storleiken trur ein det då var 10 – 15 prestevigde munkar på klosteret. I tillegg like mange lekbrødre. Dei var handtverkarar, dreiv med stell av sjuke og dyrka jorda. Utanom  bønne- og gudstenestelivet, var klosteret også ein lærestad for prestar. Munkane på den tida dreiv og med avskrift av bøker og oversettingar. Soga ”Flateyabok” skildrar anlegget som : "Dette er det største mannverk av dette slaget som er bygd"

I middelalderen (1030-1536) hadde Norge tre store pilegrimsmål. Det var Sunniva på Selja, St. Olav i Nidaros og krusifikset i Røldal stavkirke.
I nyare tid har "Dagmar" flytta heile sjøbua over ei bukt og krasjlanda den på svaberga her. Ikkje blikkstille alle dagar med andre ord..

NO var vi klar for padling og la ut på nye eventyr 


onsdag 5. september 2012

Svalbard

Dette er mi første reise til Svalbard. Primært på jobb. Det var heldigvis lagt inn ein båttur i programmet, og eg fekk tid til ein liten rusletur i Longyearbyen før heimreise. Eg har i grunn aldri hatt noko spesiell dragning mot Svalbard. Det var større, flottare og veldig mykje meir spennande landskap enn eg hadde trudd. Og vi har jo berre sett ein liten flik rundt Longyearbyen..

Longyearbyen. Utsikta frå hotellet, mot den gamle taubanesentralen

Når "stetten" på snøfonna smeltar frå "glaset" så er det per definisjon sommar på Svalbard. Dette skjedde i år fredag 31. august.

Tur til fuglefjellet. Sesongen var slutt, men vi såg nokre lundar, havhestar, krykkjer og ein polarjo.

Kva meinar eg om RIB-båtar? Eg må innrømme at det er ein effektiv måte å ta med turistar på, og vi fekk sett veldig mykje på kort tid. Artig er det og. Men klarar ikkje å vere heilt for likevel. Må vi ta med folk overalt med motor? 

Grumant

Grumant er den einaste originale russiske byen på Svalbard.
Her budde det folk frå 1912-1965 med over 1100 på det meste.
Barentsburg var norsk og vart seld til russarene etter få år, og Pyramiden var svensk frå starten.  

Grumant betyr Grønland på russisk. Truleg trudde dei første pomorane som kom hit at det var Grønland dei hadde funne. No har Grumant blitt det russiske ordet for Svalbard, sjølv om det eigentleg betyr Grønland.  

Grumant

 Innover langs fuglefjellet

Isfjorden. Brearmane ligg på rad og rekke på nordsida og går heilt ned i fjorden.

Longyearbyen

Det er ein million snøskuterar i Longyearbyen. Plassert og balansert meir eller mindre tilfeldig rundt på kvar sin palle, med ei klar forventning om vinter. Snart.

Gruve nr 2. Spennande gruvehistorie, og spor etter den overalt. No er det aktivitet i gruve nr 7 og Svea.

Longyeardalen og Longyearbreen.


Gravplassen. Sterkt symbol i lia ovanfor byen. 26 omkomne frå kolstøveksplosjonen 3. januar 1920 i gruve 1 er gravlagt her, saman med sju gruvearbeiderar som døde av spanskesjuka i 1918.

Norges einaste kolkraftverk.

Svalbardkontrast

På hotellet fekk vi beskjed om å halde oss i byen. Det var rart å møte folk med gevær overalt. Dei som gjekk på lenger tur hadde med seg folk frå sysselmannen med rifle. Eg hadde nok slitt litt med det i lengda. Det freistar med ein lenger tur til Svalbard - her er det mykje å sjå og mektig natur. Nesten Nordpolen kombinert med Golfstraumen. Spennande geologi, historie og brikke i storpolitikken.