tirsdag 27. november 2012

Herregardstelting i Ulstein

Helga 24.-25.11 var øyremerkt padling og telting, ein eller anna stad mellom Ålesund og Askvoll. Spreke vermeldingar gjorde sitt til at vi hadde plan A-C, og måtte jobbe litt med motivasjonen fredagskvelden.

Start ved Kjeldsund, gammal handelsstad og tingstad.

Vi startar herskapeleg.

 I området her er det skjerma, korte avstandar til land og mange potensielle teltplassar.

Dragsundbrua. Eg liker bruer. Vakre linjer.

Dramatisk novemberlys - Gurskøya

Vi passerte Kvitholmen (anbefalt av Jon Oli) og såg teltplassen der. Lita grasslette og grei vik til å dra opp kajakkar. Akkurat slik vi definerer ein teltplass. Det var medvind og lett å padle. Meldingar på 11-13 m/s, men eg tvilar på at det var sopass som 5 m/s. Mange holmar og alle ser like ut frå sjøen. Fint område.

Ulsteinfjorden i november. Brukbart. 

Vi fann Borgarøya og padla rundt nesten heile øya. Vi ser etter teltplass, per definisjon ei vik og grasslette. Vi finn ein herregard med ein fyr dinglande på brygga. Det visar seg å vere vaktmeisteren og vi er komme fram til "teltplassen" Borgarøya.

Herskapeleg på Borgarøya og.

Ulstein kommune eig og har tilrettelagt handelsstaden for bruk. Vaktmeisteren var interessert i kajakk og vi fekk ein varm velkomst med beskjed om å berre ta oss til rette. Vi la i veg mot utedoen og vart litt overraska då han kom ropande og springane etter oss. Kva no? -Nei, nei, nei, de må ikkje gå dit! 
-Sjå her er det nye servicebygget.. Og rett nok, ved sidan av var det innedo med varmekablar i golvet. Ikkje akkurat "Lars Monsen - teltplass", men til novemberteltinga vår passa det fint med litt ekstraservice på standarden. Må ein, så må ein.

Herregardstelting i praksis.

Det var framleis havblikk og fint, men vi mistenkte vinden for å komme til natta. Teltet vart plassert strategisk i le for alle vindretningar.

Novembertelting har ei bakside. Det vert veldig tidleg kveld. Stupmørkt klokka 16.30 faktisk.

Månelys til middagen

Vi somla med middagslaginga, og gjekk tur over heile øya. Vi tøyde det no til halv åtte før vi var lei.   

Ulsteinvik "by night" var eit flott syn. 

 Det var ikkje freistande å begynne å brenne bål på museet der dei verneverdige trehusa stod tett som
 hagl. Vi tvilte på om forsikringa dekka det, og let det vere. Så då vart det ei god bok i teltet i staden. Eg begynte på "Ulysses" om trasige skjebner i polhavet under krigen. Rett varmt og triveleg i teltet i forhold.

Etter ei lang natt vakna eg utkvilt utan vekkeklokke i nitida. Men stiv som ein stokk. Det kom seg heldigvis etter ein runde på tunet. Framleis havblikk. Frost på marka, og fin frukost med stearinlys på bordet. Idar kom ut frå Ulsteinvik og skulle padle i lag med oss resten av dagen. Vi hadde nett komme oss i kajakkane då det kjem to andre padlarar rundt eit nes. Vi kjenner vel ingen her? Eller? Mildrid og Sygni!! Så kult å treffe dei tilfeldig på Ulsteinfjorden. Dei var heller ikkje heilt førebudde på at vi var der, sannsynligvis sidan vi hadde gjeve nokså grove anslag på turområdet på førehand. 

Padletreff på fjorden

Grasøyane fyr i horisonten. Neste gong? 

Rulledamene for sør og vi for nordom Hatløya, mellom nokre holmar og innover mot Ulsteinvik. Det er jo litt artig å sjå industribygder frå sjøen, og her ligg verdiskaparane på rekke og rad: Ulstein Group, Rolls Royce, Kleven. Vi sendte ein tanke til Hødd som skulle spele cupfinale, og registrerte at det var ikkje eit menneske å sjå ute i Vik. Halvparten i Oslo og resten framom TV'en antakeleg.

Industribygda

Nina og eg hadde lyst å padle rundt Dimna, sjølv om vi var advart mot straum og grunne. Først kom vi til straumen under brua. Forserte den så lett som berre det. Sidan det var nesten full fjære så var nok ikkje straumen så sterk heller. Neste utfordring var grunna i sør.

Dimna aust.

Det gjekk som ein padlekanal gjennom tangen, så vi dura på. Med ei ny stripe i botnen og litt utradisjonell åre/armbruk så kom vi gjennom. Nydeleg kulturlandskap, klårt vatn, ein haug med svarte slangestjerner. Polakk som fiskar. Han skjønnar ikkje heilt kva vi seier, men viser stolt fram ein diger torsk. Beundrande jubel frå oss i kajakkane.

Speilblankt sørover mot Dragsund og Kjeldsund. Fin rytme, fin dag. Kilometrane går lett. Ei skive her og ein sjokolade der. Etter herregardsfrukosten treng vi liksom ikkje ein skikkeleg lunsjsstopp.

Dragsundet. Ny infrastruktur versus småbruk.
Reknar med det var blanda kjensler til bruprosjektet her..?

Ved bilen er det siste utfordringa som skal gjennomførast: Rulling. På med hette og dra pusten. Sjølv med ei dårleg teknisk rulle kom eg opp på begge forsøk! Greit å teste at det funkar på slutten av ei helg, i kaldt vatn og med alt av klede og stæsj i vesten, tauline og med fullpakka kajakk. Eg vil opp med hovudet først, så må skjerpe meg litt på det.

Circumnavigering Dimna inkludert herregardstelting på Borgarøya, totalt 28 km padling

Kanonfin novembertur med telting gjennomført. Kjekt med nye padlefolk og treff på fjorden. 

søndag 4. november 2012

Surfesøndag på Alnes

Novembersøndag. Blikkstille både i lufta og på fjorden i Ålesund. Sol på snøkvite sunnmørstindar. Trude og eg kom først ut til Alnes, og vart litt overraska over dei tunge dønningane som slo inn mot stranda. Ops. Sopass forhold ja.

Gutane kom sigande etterkvart og meinte det var greie forhold. Så vi kledde oss for bading og eg psyka meg opp.

Flåten klar for Alnessurfing

Det vart ein god splæsj i forsøket på å komme seg ut frå stranda. Det var mykje drag i bølgene, men ikkje så kaldt i sjøen som eg hadde trudd. Vel utpå for vi mot Lesteskjeret. Eg heldt på å renne vekk med alt for mykje klede til rettframpadling. Til trass for svettebygene var det veldig artig å padle utover. Det er sjeldan eg har padla i så stor dønning. Kombinasjonen gammal sjø og HEILT vindstille er fantastisk! Det braut godt mot land, så eg held meg på god avstand frå berga.

Trude på toppen av dønningen

Ved Lestaskjeret var det brott, rotesjø, stein og litt uoversiktleg. Det var og veldig ulik storleik på dønningane, så det som såg greit ut var i neste augneblink ei frådande fontene av sjøsprøyt. Gutane leika seg litt her, medan eg held på "low-risk-profilen".

Ved Lesteskjeret

Vi for tilbake på stranda for lunsj og surfing. Eg hadde lagt hjelm og hette i cocpiten, og rota i luka etter matpakka. Då kom det ein 2-3-åring stabbande. -båt? Spurta han. -Jaudå, kajakk heiter slike båtar, stadfesta eg. - "ette di?" Der kom guten med hetta. Jaudå, den er mi. "Hjelm di?" Der kom han med hjelmen. Eg takka og bukka og tenkte at dette var no ein ryddig liten kar. Etter å ha gjeve meg sakene mine snudde gutungen seg med eit sigersbrøl og jumpa oppi cocpiten. -"Mi båt" og det breiaste gliset eg har sett på lenge.

Kajakkentusiasten - ca 2,5 år

Dramatikk vart det og, då det vart skote opp ein naudrakett frå ein liten fritidsbåt som låg og duppa nokre hundre meter frå land. Etter å ha dratt ein tauelinevits eller to vart vi i stuss. Det er vel hundrevis av folk som har sett det? Det ligg no andre båtar der? Med mobilen i handa klar til å ringe 112 kom det heldigvis ein båt fossande med stø kurs mot "havaristen". Det gjekk altså veldig bra denne gongen.

Redningsaksjon

Surfeøkt! Bølgjene var litt mindre enn då vi kom, og det var fine forhold for surfing. Lite bilde, men desto betre surf på meg. Etter nokre "nesten" og "tendensar til" fanga eg ei stor bølgje. Ein skikkeleg lang og ganske rask surf rett fram avrunda med ein bortimot perfekt sidesurf, om eg skal seie det sjølv, før eg elegant hoppa av siste rest av bølgja. Juhuu!! Gutane hadde og fleire fine. Etter ei litt roleg stund kom det fleire fine på rad. Kenneth fanga den største og det var kanonkult lenge. Heilt til han ikkje kom seg av før den braut i fjæresteinane. Dei neste 5 store bølgene sentrifugerte Kenneth og kajakken mellom steinane, og heldigvis var det berre kajakken som sprakk.

Dyr dag på Alnes

Då gav vi oss. Flott padledag med ein liten bismak av påkommande behov for plastsveising.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur....

lørdag 3. november 2012

Sesongpremiere på ski 2012!

Etter rutinesjekk på yr.no vart kursen sett mot Stordal. Målet var Overøyestolen. Sesongpremiere på ski for min del, med spenning i kroppen og skrekkblanda fryd i hovudet.

Første glimt av Overøyestolen. Det ser jo berre lekkert ut!
 
Trude mintes ei dårleg opppleving i bjørkeskogen her, og eg likar heller ikkje kratt. Så vi starta med å gå opp skitrekket, i trygg forvissing om at vi kunne gå over der oppe ein plass.
 
Utsikta frå toppen av trekket (Bilde 2)
 
Det er noko sjølvmotsigande og surrealistisk med å labbe opp eit skitrekk. "Varmt" og sol. Det var kjempeflott her inne med store dalar og majestetiske fjell. Eg vart retningsvill og kjente ikkje att nokon toppar. Stordalen har vore litt nedprioritert fordi eg har trudd at det har vore litt kjedeleg her. Så feil kan ein altså ta.
 
Auskjeret a la Stordal. Hit skulle vi ikkje i dag, men fin topp.
 
Overøyestolen - neste gong vi såg toppen. 
 
Vi var framleis veldig nøgde med turen. Fjellet låg der framme og det var ingen teikn på at vi ikkje skulle nå det. Den ryggen vi kryssa endar i toppen "Kollen" og derifrå går det ein egg til Overøyestolen (venstre på bildet). Vi ville ikkje gå eggen, like lite som bjørkeskogen. Det viste seg at når vi kom frampå her så var vi på ein måte både for høgt og for lågt. Brått var vi i ei lite triveleg bratt storurside med heilt anna snøkvalitet. Då det lausna eit flak så vart det kriseråd og plan B. Vi snudde og gjekk våre eigne spor tilbake. Kollen (1220 moh) vart målet.
 
Utsikt frå Kollen - nye fjell og dalar!  (Bilde 5)
 
Vindskulptur på toppen av Kollen (Bilde 6)
 
Det var ikkje noko dårleg plan B. Flott utsikt og null risiko. Slikt likar vi.
 
Taramtitei! Årets første skitopp på oss!
(Trude har sjølvsagt tjuvstarta litt før då)
 
Eggen over til Overøystolen.
 
Vi fekk no ein god kikk på eggen som vi ikkje ville gå, og var faktisk heilt sikre på at vi ikkje skulle gå den i dag (eller på ski i det heile). Til sommaren med fjellsko derimot...
 
Vi var framleis veldig nøgd med turen.
 
Så skulle vi ned. Føret var bedre enn frykta. Snøen var pakka, men ganske jamnt pakka på toppen og mjukare nedover, men ikkje for blaut. Problemet er vel heller skiteknikken. Då helst mangelen på. Det har ikkje skjedd under sidan i vår, og eg tykkjer framleis nedover på ski er veldig skummelt. Eg tør berre ikkje stole på og stå på skia. Trude er veldig tolmodig og fortener ei medalje for å vere konstruktiv. Trude er forresten kanonflink på ski, så her er det berre eigne ferdigheiter som er noko under pari.
 
Vi har blitt veldig godt kjent i desse bakkane i dag, så no veit vi veldig mykje meir om ruteval og terreng. Det vert fleire turar til Stordal. Viss nokon veit namn på toppane på bilde 2, 5 og 6 vert eg glad om de legg inn kommentar! (Eg skal sjekke det opp sjølv og på sikt)
 
Overøyestolen står framleis på lista. I morgon, i morgon, men ikkje i dag.

torsdag 1. november 2012

Turmålpostar Sula 2012

Feilberekning. Totalt. Eg har ikkje gått alle turmålpostane på Sula i år. Sidan årsaka er at eg har vore travelt oppteken med andre turar så får det passere. Mange flotte turar og gode minne vart det likevel i løpet av sesongen. Sosial trim på nye stiar har vore høgdepunkt på sommarkvardagane.

Leirvågfjellet på Sula, mot Langevågen, Sukkertoppen og Godøya.

Sidan mange av desse turane er korte, så har vi innført begrep som "dobbel" og "trippel".
Vestlandet er praktisk med at det i store trekk er ei årstid. Vår, sommar og haust 2012 var igrunn 13 grader og overskya. Goretex med ull under funkar difor så og seie alltid.  

Trollet ved Mauseidvatnet (til høgre).


Vonhytta og nordover

Varden på Blåfjell. Meg og Beate

Det er overraskande fint på Sula. Variert natur og godt tilrettelagt for friluftsliv. Ein kveld var vi 4 stk på tur og "tok" faktisk 4 postar: Taustua, Vardane, Svanshornet og Fiskarstrandhyttene. Ein kvadruppel.

Skikkelege vardar på Vardane!

Juhuuuu!!! Trippeljump på Sula.

 Frå Vardane nedover mot Svanshornet (ryggen på midten). Fint terreng. Lett å gå. Svartestille og knott. Så mykje knott at det verken vart bilde eller kartsjekking.

Fiskarstrandhyttene

Kilometervis strandvandring proppa med kulturminne utover mot Kalvestad

Kristine demonstrerer storleiken på vikinglanghusruinane - Kalvestad

Haustfargar

Vinterarbeidstid, mørke kveldar. Det er snart slutt på tida då ein rekk ein fjelltur etter jobb. Det er ikkje fleire søndagar att til å gå på Eltrane.

Anne Marte og eg tek eit siste raid på Sula. Postane på Gjølevatnet og Vassetvatnet vert erobra med våte sko, full vanntettmundur og hovudlykt i reserve (ein mørk og regnfull kveld). Oktober er slutt. Sesongen er slutt. Denne sesongen i alle fall.

- Har du ski? spør eg Anne Marte. -Jepp, svarar ho. -Nedoverski og bortoverski!