mandag 18. februar 2013

Skitur til Nipebu

Vinterferiestart med tur til Nipebu 16.-17. februar. Til trass for vermeldingane.
Før start - ved godt mot!
(Nokon har faktisk så nye ski at prislappen framleis er på..)

Første mota

Is og superklabbar i fellene eller bakglatt var alternativa i starten. Smørepause nr 1, nr 2 med full rens og 3. Vi jobba oss gjennom regnbogen frå raudt til blått til lilla.  

Innover Vagstaddalen vart det litt bedre feste. Koseleg å gå gjennom vinterskogen. Det er første gong eg går her å ski.

Nina på brua ved Atlevatnet. Vi har vel vore ute i trivelegare ver før.

Atlevatnet - the point of no return. Klokka hadde gått frå oss, og vi tok ein seriøs runde på om vi skulle gå opp eller snu. Vi viste her at det kom til å verte mørkt før vi kom opp til hytta.

Mørkt vart det, og vi gjekk på kompasskurs siste biten. Faktisk litt for langt, men heldigvis "ringte det nok bjeller" til at vi snudde 180 grader, og vips, rett på hytta. I overkant spennande der ei stund. Men god trening.

Nipebu er ei veldig fin turlagshytte, og det var god og trøtt stemning om kvelden. Snømåking og vedsaging måtte til før middagen. Boksmat er fantastisk godt når ein har jobba litt for det.

Oppbrudd
- vask (hytta vart gullande rein) og hyttebok (må sjølvsagt skryte av at vi har vore her)

Søndagen var det kvitt og blindeføre, men ingen vind og brukbar sikt i regnveret. Så då vart det retur.

Britt og Nina ved vegskillet. Siger for retningssansen på søndagen!

Herifra fann vi faktisk nokre merkesteinar og følgde sommarruta ned til Atlevatnet. Lett som berre det. Dei skarpe nedoverbakkane vi hadde kvidd oss til vart ikkje så galne med den tunge våte snøen som bremsa. Det vart dårleg med "suse avgarde", men vi fekk brukt kreftene i dag og.

"50 shades of grey" i Vagstaddalen.

Nina på veg ut dalen. Framleis ved godt mot!

Galgenhumør?

Dei 6 km til og frå Nipebu var meir enn langt nok, både laurdag og søndag. Vi har lært eitkvart om tungt føre og gangtid. Det hadde truleg vore lettare å gått med truger.  

Cecilie var like smilande og blid heile turen.

Eg er sterkt tvilande til om det er motiverande å ha smilande superwoman på skituppane. Det var stunder på denne turen då eg vart meir forbanna enn motivert av dama. Skia var elles gode dei, og eg tenker det skal verte fleire turar på oss. Nye skisko og berre små gnagsår lovar bra.

- Vi skal vel opp att til Nipebu på ski ein gong? seier Britt. På anna føre vel og merke. Ja, det skal vi. Det er vi heilt einige om. Dette var ein hard tur med mykje slit, men også kjekt og lærerikt. Neste gong vert det sjarmørtur på silkeføre i -5 og strålande sol.

Som ei passande avslutning på helga måtte vi dytte bil 3 gonger på veg ned til hovedvegen i silande regnver og med 25 cm slaps på traktorvegen. Vestlandsvinterferie på sitt beste...

4 kommentarer:

  1. Så ut som en artig tur, flott turskildring

    SvarSlett
  2. Spreke damer!! Når ein strevar litt ekstra undervegs, er det i alle fall ekstra godt å synke ned i sofaen om kvelden. Reknar med de hadde ein fin kveld på Nipebu:) Ler litt når eg ser på Cecilie som smiler opp frå skia - kan tenkje meg det kunne vere litt irriterande når ein sleit som mest ;) Men ho veit no i alle fall kva det vil seie å slite.... Ha ein framleis fin vinterferie!

    SvarSlett
  3. Tøffinga! :) Åh likte dei skia....:-))

    SvarSlett
  4. Tøft! ;) tross været så ser d ut som om dokke kosa dokke på tur :)

    SvarSlett