torsdag 28. mars 2013

Påsketur på kyststien på Nordneset

Palmesøndag med nydeleg ver. Tre generasjonar Gjelsvik rotta seg saman om søndagsturen og gjekk Kyststien til Nordneset. Dette er ein fantastisk fin tur i stort landskap, med både strand og brytande hav undervegs.

På veg utover stien

Vårteikn! Endeleg!

Mamma og Bjørg Marit på lykta.

Nordover Hustadvika mot Kvitholmen fyr

Kaffikos, drøs og fregneavl i "bussen".

Majestetiske Stemshesten

onsdag 27. mars 2013

Påskepangstart på Skaret

Oppskrift for å få ein god og lang påskeferie: Start tvert palmelaurdag med søstersen og eit utval av søskenbarnflokken. Ta i mot grillpølser frå mor. Pakkliste: Fyrstikker, appelsin, tollekniv og blå swix. Gå passleg langt og fnn ein perfekt rasteplass i le for vinden.

Ronja er klar for å lufte Synnøve og Ingrid.

Alt på stell - varm lunsj

Flott skiterreng på Skaret

Kor påske er det med appelsin ute? Endeleg varmt nok i sola til at ein orkar å skrelle utan å få naglebet.

Team Gjelsvik - tema påsketur

Heile teamet var eit stort glis etter å ha rent nedoverbakkane i enten preppa løyper eller pudder tilbake til bilen. Påska 2013 er med dette offisielt opna!

Det er flotte ski- og friluftslivanlegg på Skaret. Her ved Skarstua, Hoppbakken og Tusten (alpint): No skal det og verte samlingsplass for jeger- og fiskeforeninga her oppe.

tirsdag 19. mars 2013

Tauser på tur til Dovrefjell

Therese tok initiativ til jenteturhelg 15.-17 mars for leeeeenge sidan. 4 tauser frå Ålesund, Ørsta, Askvoll og Sel stilte til avtalt tid på Grønnebakken.

Første glimt av Snøhetta!

Vi la i veg mot Reinheim i strålande sol og gnistrande kulde.

Therese med kartkontroll

Mia og Tule i fint driv innover

Etter ca 15 minutt såg vi moskus! På meir enn trygg avstand, men det var ikkje tvil. Oppe i lia var det ein heil flokk. Vi såg tydeleg korleis dei gjekk på linje, klumpa seg, strekte seg ut i linje att og flytta seg bortover lia. Eg hadde håpa på eit "moskusmoment", og med det i boks var helga var allereie per def. ein suksess.

Moskusflokk. Klikk for større bilde. Nei, det er ikkje rusk på linsa..

Etterkvart kom vi inn på den kvista løypa frå Kongsvoll. Det var meldt ein del vind, så vi vart ikkje overraska då det bleste opp. Hustrig med matpause og dobesøk. Det var heldigvis berre ein solgangsbris så det gav seg etterkvart.

Blåtimen. Mot Rondane. 

Blåtimen gjekk over til skyming og mørke. Månen var berre ein liten sigd, men fekk etterkvart selskap av stjerner i hopetal. Det gav nok lys til at vi kunne halde fram å gå innover utan lykter. Det vart kaldare og kaldare. Augevippane rima. Sjølv om det var ein magisk kveld, så var det glede i flokken då vi såg lysa på Reinheim. Gleda gjekk over til lett sjokk då vi oppdaga ca 100 ski utanfor hytta, og fann ut at det var fullt på herberget. Etter mykje om og men fekk vi kapra dei siste to ledige sengene, samt nokre madrassar i trappeholet. -GRRRRR - skulla haft med teltet - knurra Therese. Vi brukte 6 timar inn (trått føre).

Reinheim

Meg. Laurdag. Turdag.

Snøhettagjengen klar til tur. (Foto: Nina)

Å for ein strålande morgon! Laurdag var det på tide å sjekke ut Snøhetta. Eg har hatt ein draum i mange år om å komme meg på Snøhetta, som eg tykkjer er eit av dei vakraste fjella i Norge. Det kneisar så majestetisk og flott inne på platået sitt (sett frå E6 - første bildet). MEN EG HADDE ALDRI TRUDD at det vart med ski på beina...

Snøhetta frå platået på Reinheimsida

”… Og nord på Dover, på hvite vidder
Der er det Snehetta mektig sitter.
Hun sitter romt på sin dronningstol
Og hun har svøpt seg i sne og sol.”

Fra diktet "De norske fjelde" av Johan Nordahl Brun Rolfsen


Fint føre. Blå swix til det vart bakglatt, deretter kortfell. Labbe, labbe. Avstandande vert så rare her. Det ser ut som eit steinkast, men tek timesvis å gå frå eit punkt til eit anna. God stemning og fin utsikt. Varmt i anorakken. Av med klede.

Jotunheimen som eit Soria Moria i sør

På sjølve Snøhettaryggen var løypene merka med stålstenger. Det meinte vi mykje og mangt om. Ikkje nett krevjande navigering då. Motbakkane var lettare enn eg hadde trudd. Eg var førebudd på verre. Vi dreia inn på ranen mot toppen. Iskaldt. Byge med skodde, vind og snøfokk. På med MYKJE klede!

Siste kneika mot toppen

 Her oppe var snøen som eit frose hav - bølgjete og litt krevjande med kortfell. Det vart litt seigt for meg siste biten. Men vi kom oss heilt opp med ski!

 Therese ønskjer velkommen til Snøhetta: 2286 moh. Høgaste topp utanom Jotunheimen, og den 24. høgaste i Norge.

Vi går jaggu meg ikkje opp på ein 2000-meterstopp for å snu tvert. I livd bak forsvaret sine installasjonar i fjellduk og på trass: lunsj nr 2. Skyene letta og vi fekk glimt av utsikt rett bort i "veggen" og mot vest. Ganske "Nordpolen". Ganske koseleg. Ganske fort ganske kaldt.

Jervenlunsj på vel 2000 meter. (Foto: Nina)

Nina og meg på toppen - dokumentert! (Foto: Nina)
Therese og Nina langt nedi lia på veg ned

Med skia godt festa på sekken gjekk vi ned til det vart forhold for "køyreglede". Den stikka delen av turen var hard humpete skare, med steinar overalt. Lett å gå på beina ned, men potensielt dødeleg på fjellski. Siste flata og kneika ned mot Reinheim var pudder. DER vart det ski! For ein herleg tur! Ca 12,5 km t/r og 950 høgdemeter kvar veg. Vi brukte totalt 7 timar.  

Reinheim

Småhytta

Då vi kom ned att til Reinheim stod Mia klar i hyttedøra med vaffelpannekaker til oss. Det var ikkje feil akkurat. Den dama fortener medalje altså! Mia og Tule hadde brukt dagen på litt kortare turar i dalane og oppdaga masse ryper.   

No hadde vi flytta over til den lille hytta som vi berre delte med vår nye bestevenn og fjellførar frå Wien. Det var mykje koselegare å ha kvar si seng. Middag, yatzy, drøs og prat. Eit hav av "fritid". Smale i auga av frisk luft, sol og vind vart det relativt tidleg kveld. 

Om natta rista vindkasta i hytta. Om morgonen var det fint og mildare, men vinden skar gjennom marg og bein. -Det vert ein lang tur ut att, tenkte eg. 

Søndag og avreisedag. Litt trist. Ei helg går så utruleg fort. Heimreisedagen kan ofte berre verte "transport" og ikkje tur. Eg bestemte meg for at tur-moduset måtte på. Vinden slakka på, og etterkvart fekk vi den brisen som var att i ryggen. Godt føre og slake nedoverbakkar. Bonus for slitet på fredag. Eg funderte litt, men spurte ganske fort om eg fekk låne pulken til Mia. - Bedre forhold å teste pulk på finn eg aldri, tenkte eg. Det var interessant å prøve. Sjølv med dobbel bagasje var det på ein måte lettare enn å bære sekk. Nytt tyngdepunkt. Mykje rykk og napp før eg fann rytma. I svak nedover gjekk det som ein leik. I dei få motbakkane måtte eg bruke meir krefter og pulsen gjekk rett i taket.   

Grønland?

Nokon var meir kreative enn oss. Vi for forbi ein kul teltleir med IGLOO! Kjempetøft! Ein gong skal eg lære meg å bygge ein slik.

Påsketurist Mia i leveggen

Denne "nokon" hadde og laga ein fin vindvegg akkurat der det passa med ein pause. Vi lunsja og tulla med at alle store steinar såg ut som moskus. I løpet av lunsjen såg vi vitterleg at steinane i lia rett framom oss flytta på seg. Sanneleg var det nye moskusar på vift! Vi heiv på oss skia og for litt nærare. Rett vindretning, god avstand, og eit stort juv mellom oss og dyra. Artig! Det er heil surrealistisk at det går slike urkolossar i fjellheimen.

Fjellside m 2 stk moskus

Jepp. Moskus.

Moskusfakta:
 Oksane kan verte inntil 2,5 meter lange 1,5 meter høge og 400 kg. Vanlege vaksne moskuskyr er vel halvparten så store. Det er ca 300 moskusar på Dovre no, i hovudsak vest for E6/jernbana. Dei et berre gras, går i høgdene med lite snø om vinteren og trekk ned i bjørkeskogen i midten av april før kalvinga. Flokkar på 10-12 dyr er vanleg. Turistar bør halde minst 200 meter avstand. Moskusane ser kanskje ut som stein, men kan springe i 60 km/t.

Vi brukte 4 timar frå Reinheim til Grønnebakken (16,5 km) med god lunsj- og moskussafaripause. Eg fekk trua på nye turar med pulk og kanskje til og med vintertelting.

"Tauser på tur" var eit bra konsept. Eg storkosa meg denne helga i godt lag i flott natur. Takk for turen! 

Hjernen bak "Tauser på tur - ekspedisjon Dovrefjell" - Therese - kosar seg på tur!

Nokre erfaringar: Fjellduken skal alltid med. Litt vind og 10-15 minusgrader og det er heilt umogleg å gjere noko som helst utan vottar. Fingrane vert valne og ubrukelege i løpet av få minutt. Alle jakker, sekkar osv må modifiserast slik at dei kan handterast med vottar. Balaklava-kjøp på Åndalsnes på veg opp var gull verdt. Cecilieskia er veldig gode, og eg hadde god styring (på pudderføre rett nok) ned frå fjellet. Eg må lære meg å ikkje få gnagsår av skisko. Større førebyggande tiltak og eksperiment med ulike sokketypar må gjennomførast. Det vert veldig lite bilde når ein ikkje orkar å ta handa ut av votten....

Kart Dovrefjell

mandag 11. mars 2013

Kyststi og myrvandring

10.-11 mars var det storfamiliehelg på Skarsethelg. Iskald, men strålande sol, så vi måtte stikke snuten ut midt på dagen.

Laurdag var vi tre generasjonar på Kyststien på Farstad.

Damene på tur over sanddynene 

Flott på Farstadstranda


Søndag for vi i myrane. Det er eit område med nydyrking der som vi likar å studere med jamne mellomrom.

Vårsøg! Start ved Sagelva

Myrlandskapet er flott på sitt vis

Vårsøg! Ruggelva ligg på andre sida av nybrottsfeltet.

På ein haug ved Ruggelva er det ei turbok. Og her møtte vi drøssevis med folk. Dei kom frå Male, og vi vart freista til å gå stien vidare mot havet.

Hustad kyrkje - berre eit steinkast unna!
Ny vinkel og brått ser ein jo at kyrkja verkeleg er eit signalbygg.

Fin kjerresti til Male, og det var jo berre eit lite stykke å krysse myra dit.

Vår i lufta og vår i hovudet - hoppebilde!

Sesongens første!
(Stilen kjem seg nok utover i sesongen, førebels litt mykje fokus og bekymring knytt til landingsfasen)

Karianne

Mamma og Anne i fint driv!
 Det er artig at dei snokar opp nye turar og stiar i området som eg kan teste når eg er heimom.

Herleg med vår!
(MEN på måndag var verda kvit att og eg vassa i 15 cm nysnø på jobb...)