onsdag 27. mars 2013

Påskepangstart på Skaret

Oppskrift for å få ein god og lang påskeferie: Start tvert palmelaurdag med søstersen og eit utval av søskenbarnflokken. Ta i mot grillpølser frå mor. Pakkliste: Fyrstikker, appelsin, tollekniv og blå swix. Gå passleg langt og fnn ein perfekt rasteplass i le for vinden.

Ronja er klar for å lufte Synnøve og Ingrid.

Alt på stell - varm lunsj

Flott skiterreng på Skaret

Kor påske er det med appelsin ute? Endeleg varmt nok i sola til at ein orkar å skrelle utan å få naglebet.

Team Gjelsvik - tema påsketur

Heile teamet var eit stort glis etter å ha rent nedoverbakkane i enten preppa løyper eller pudder tilbake til bilen. Påska 2013 er med dette offisielt opna!

Det er flotte ski- og friluftslivanlegg på Skaret. Her ved Skarstua, Hoppbakken og Tusten (alpint): No skal det og verte samlingsplass for jeger- og fiskeforeninga her oppe.

3 kommentarer:

  1. Flotte bilder, der oppe er jo,fint :)

    Men trur ikkje i har vert der på ski siden vi hadde skidag i 9 klasse :)

    Nyt familien og påsken
    Smil monika

    SvarSlett
    Svar
    1. hehe- eg har heller ikkje vore på Skaret på ski sidan skuleskidagane..:) Før no - men det kan anbefalast!

      Slett
  2. Full påskestemning! :)) og en gla gjeng som ser ut til å nyte livet ;)

    SvarSlett