mandag 17. juni 2013

Eltrane

Kodekøyret er i gang. Sula har mange flott turmål, og vi har sikla på Eltrane ei stund. Det har vore som å komme seg til verdas ende, men laurdag 15. juni klaffa alt.

Frå skogsbilveg til merka sti. T for tur. Første kode registrert på Taustua.

Over Storfjorden mot Jønshornet og Kolåstind

Mot nord har vi full oversikt over Ålesund og øyane

Vardane! Høgaste punkt for dagen (776 moh) og topp nr 1. Stor utsikt. Alltid. Ein favorittutsiktstopp dette.

Bort stien, ned til høgre kant, finn koden på Grøthornet, deretter utover langs høgre kant til det ikkje er meir..

Topp nr 2. #Huheikordetgår

Vi vandrar med freidig mot.. I eit herleg lettgått terreng.

Stor horisont. Prærien, berre at vi høyrer suset frå havet.

.. og med desse kule taggerekkene stikkande opp, så er det ikkje prærien likevel.

Etter ein times marsj i god fart var der ikkje meir. Det vil seie, det var akkurat det vi trengte. Livd, utsikt, ny kode. Sola varma. Matpakke del 2.

Eltrane! Endeleg!

På kartet var det like god sti vidare. Vi skulle runde Sulalandet på sørsida oppe på høgda og gå ned på Sulabakken. Piece of cake.  

Flott utsikt mot Hareidlandet. Varmt og fint. Ingen sti.

Det finst knapt større glede enn å finne ein bekk... når ein er tom for vatn.

Bekken gjorde det og klinkande klart for oss kor vi var på kartet. Det gjekk ikkje akkurat med lynfart. Det vart meir og meir lyng og einer. Og det var ikkje snurten av ein sti nokon plass. Vi ville ha trim - og det fekk vi! Den glade vandrar vart i periodar "den gale vandrar".
  
Alt det her har vi gått på kryss og tvers utan å finne snurten av ein sti. Imponerande, om eg skal seie det sjølv. Det grøne er forresten einer. Meterhøg. Nokre prikkar borti bakken der er murane etter utløene som høyrte til Sulabakken. 

Vi gav aldri opp. Og gjekk oss rett på den godt merkte DNT-stien som følgjer den gamle stølsvegen til Sulabakken. Ikkje kvar dag ein sti vekkjer slik begeistring.

Seterveg og sommarskog. Idyll i grønt. 

Sulabakken.

Beate si tante var av dei siste som budde her, så vi hadde nøkkel og fekk sjå oss i kring både inne og ute. Fasinerande. Veglaust og fråflytt, men med ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Historiene om slit og hardt arbeid får innhald. Nabogarden her oppe var med i "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"-serien. 

Fantastisk tur med fantastisk turfølgje. Beate har godt humør og mykje kunnskap om eine og hitt - det er ekstra stas å lære noko nytt og få med seg litt lokalhistorie undervegs.

Sula på langs!

Heile 18 km - 4 nye kodar - og nesten 70000 skritt på dytt.no som vi er med på for tida.
Om du skal gjere denne turen trur eg det er mykje lettare å gå høgda over Langerabben tilbake enn å gå i kanten slik vi gjorde. I etterpåklokskapen sitt teikn.

Desse kodane er turmål i TellTur-satsinga til Friluftsrådet i Ålesund og omegn.

2 kommentarer:

  1. Kan ikkje anna enn å smile :) etterpåklokskapen er den største klokskapen som finst! Å leite etter en sti man VEIT er der er frustrerendes! Og ikkje minst når man skal trakke rundt i meter høge einer! Eg smiler og kjenner meg igjen. Men det ser ut som en fin tur i det minste, og med så mange nye koder så rekne eg med at det var verdt det ;) Misunne dokke litt den turen inne og rundt på den gprden, sånne plasser er noke heilt for seg sjøl :))

    SvarSlett