mandag 22. juli 2013

Hekkingen

Dag 2 på Midnight Sun Experience. Offshoregruppa må handtere kuling. Klar melding på briefinga om morgonen.

Offshoregruppa på vatnet.

Flåte ved Edøya. Grei vind og god stemning. Klart vi kryssar til Hekkingen.

Nina i perlehumør.

Vi starta på kryssinga, og såg bygene komme. Vermeldinga hadde sagt mest vind etter byga, noko både Nina og eg stussa på. Vindkasta som kom i forkant var i alle fall kraftige nok, og brått var kosepadlinga blitt kulingpadling. Vi var i Malangsgapet, eit av dei berømte havstykka i Norge. Eg tok ikkje eit einaste bilde på overfarten. Hata litt. Hatar vind. Hadde grei kontroll på kajakken. Det vart bølgjer og vinden held seg stabilt sterkt. Gruppa spredte seg over eit stort område og gjorde det heile litt unødvendig spennande. Vi var litt usikre på kor på Hekkingen vi skulle. Beskjeden var sørenden, men mange i gruppa la kursen midt på. Eit par padlarar hoppa over på redningsskøyta, og det tok litt tid før heile crewet tok att gruppa. Dårleg av gruppa å ikkje få med seg det.   

Bjørn Tore og meg midt utpå Malangsgapet. Jepp, ser flatt og fint ut som alltid på bilde.  
Kristin er nybegynnar, men for ein stil og eleganse ho padla med i kulingen, flira, tok bilder og koste seg. (Foto: Kristin B Friis)

Fin landing på Hekkingen

Gunnar hadde med presenning og gadd å sette den opp sjølv om vi ikkje venta på han. For eit praktverk det vart! Regnet silte ned og vi var godt nøgde med å berre vere på Hekkingen. Det vart ein god prat om korleis vi hadde kryssa og kva som var lurt/mindre lurt å gjere som gruppe. (Foto: Nina/Kristin)

Regnet silte ned, så ingen grunn til å utsette middagsluren. (Foto: Nina/Kristin)

Beste kollektive middagsluren på lenge! (Foto: Nina)

Vind og regn gav seg, og vi heldt fram rundt øya. Imponerande sjømerke på toppen.

Hekkingen fyr

Disiplinert gjeng på tilbaketuren.

Veret roa seg, og siste kilometeren fekk eg prøve ving-åre. Artig og uvant. Det er nok ikkje noko å satse på for skuldra mi, men artig å prøve likevel. Så same prosedyra som dagen før: Badestamp, sjøbad, grilling og leirbål.


Kart frå Kristin: Turen vart ca 20 km
Tilbakemeldinga fra vervarslinga var at det var målt middelvind på 14 m/s i området då vi kryssa.

1 kommentar:

  1. Beste kollektive middagsluren... det så skikkelig koselig ut ;ø)

    SvarSlett