mandag 11. november 2013

Kvalpadling i Troms

09.11. Opp klokka 5.00. Grisetidleg. Men når eg har griseflaks, og kvalane kjem til kysten akkurat den EINE helga eg er i Troms, så får det våge seg. Her er det berre å stå opp. Køyring i tussmørket og gjennom blåtimen. Engvik er første mål. Framme, og rett opp på haugen for å sjå utover havet. 


Morgonstemning i Engvik, mot sørvest.

YEAH!! Der stod spruten! Ein til... og mange til!! Kvalane var i sikte, og spruten frå pustinga var synleg på kilometers hald. Det var fleire grupper med kval i aksjon og stemninga vart skyhøg! Her er det berre å komme seg på sjøen!

Jarle grev fram kajakken frå siste istid. På havet er det forventningsfull spenning som rår. Bjørn Tore tek stor risiko med speilrefleksen for det ULTIMATE kvalbilde..

Padling, padling, legge seg på veret, svarte kor langt ut var det då? Omsider er vi i posisjon, godt ut mot Risøya.
Kval i horisonten!

Knølkval - ingen tvil

Spekkhoggar. Foto: Bjørn Tore Sørensen

Spekkhoggarane var mindre og mykje kjappare (maksfart rundt 50 km/t). Dei osar dødeleg, nesten som eit jagarfly. Ryggfinna er kjempehøg. Killer whale. Jommen.  

Framleis er dei så langt unna at vi ikkje høyrer dei. 

Kvalpadlestrategi: Legge seg i flåte og drive over området vi har sett kvalen gasse seg. Mot Sandøya. 

I horisonten såg vi knølkval og spekkhoggerar som jakta og hoppa opp etter gode munnfullar. Dei var på transport fram og tilbake forbi oss. Knølkvalane hadde og eit rituale med sveivane (framlabbane). Dei rulla seg rundt på grunna og veiva med sveiva for å slå den med eit skikkeleg plask ned i sjøen. (Minte litt om ivrige 8.-klassegutar i symjebassenget). Det var heftig, artig og stort å få sjå det på "ordentleg". Avstanden var stort sett passeleg stor, så det var berre å nyte. Eg var ikkje redd, og sugde til meg inntrykk.  

Knølkval nærare

Det var utruleg vanskeleg å ta bilde av desse dyra. Rørslene verka som slow-motion, men jammen gjekk det fort. På grunn av at det var mykje bevegelse i sjøen, så var det ikkje råd å sjå noko av dyra under vatn. Det kom alltid overraskande på kvar og når dei dukka opp.

Vinden friskna på, og vi skulle snart gje oss. Berre bittelitt til.. Det var nokre kvalar som låg og rulla seg heilt innmed land som vi måtte få med oss før heimveg...


Knølkvalen bryt opp frå rulle-rundt-aktiviteten (Foto: Bjørn Tore Sørensen)

Heile flokken stryk forbi oss. Nærme nok. 
Pusten let som drønn i store tankar, og meir enn eit snev av dårleg ånde for forbi. 

Bortsett frå ein diger ein. Han fer ikkje forbi. Den stoggar liksom opp, ein sånn der 30 meter unna. 
Så dreier den langsamt. 20 meter unna no. Kvalen siktar inn ryggfinna si omlag midt i mellom auga på meg. 

"Sannhetens øyeblikk" (Foto: Bjørn Tore Sørensen)

"Fy f...den kjem!!" Vi sitt i flåte, og den held vi fast i. Den breie ryggen veltar rett mot oss. Vi vert bittesmå. 5-6 meter unna kajakkane dukkar han grasiøst under, og kjem opp 8-10 meter unna på andre sida. Rett under oss. Ikkje eit skvalp. Full kontroll. Maks puls hos meg i alle fall. Maks storleik på knølkvalane er ca 20 meter og 40 tonn. Og dette var ein diger ein.

Flokken rundar bak oss. Samlar seg. Dei peiker mot oss no. "No kan det komme noko bøll" - Bjørn Tore har vore med på det før. Vi var visst ikkje så kule eller så skumle, for dei fann på noko anna, og for avgarde. Dagens høgdepunkt. 

Fornøgde kvalpadlarar

Flott natur, store naturopplevingar, innertiar på kvalen, kjempekjekke padlevennar, passeleg sjø, og mindre vind enn meldingane. Betre vert det ikkje. På heimveg fekk vi eit lysshow som var heilt utruleg. Solnedgang, og soloppgang på same tid. Lys og skuggar, rosa, lilla, orange. Skarpe fargar, duse fargar. "- Ka gjer du no der sørpå? Det e' her det skjer. Må 'kke kaste bort livet ditt der nede". Bjørn Tore driv rekruttering til Troms.  

Wide-screen show i sør mot Kvaløya og Senja

Sørfugløya (skal dit - ein eller anna gong). 
Bjørn Tore speidar etter meir kval. (og ja.... han fekk lønn for strevet).

Novemberpadling i nord er fantastisk

Det kom meir kval. Vi fekk med oss ein gigaknølkval som kom frå intet og stupte opp som eit fjell framom oss. Fleire dyr, og valgets kval.. "Der er spekkhoggerar"- peikar Bjørn Tore. I orange ettermiddagssol ser vi dei jaktar og hoppar. Vi padlar mot dei, men brått kjem dei mot oss. 5 spekkhoggerar i "reint trav" beint på. Lyssett av arktisk vintersol. Kvar ein vassdrope blenker på muskelbuntane der dei jagar framover. Det er då Bjørn Tore veljer å ta eit lite bad. Og eg får hjarteinfarkt. Spekkhoggarar framom og ein plaskande mann ved akterenden. Hu hei! Mann og speilrefleks stadfesta over vasslinja nett i det to av dei durer rett under oss, og dei tre andre like på sida. Spennande! Dagens høgdepunkt nr 2. Av naturlege årsaker vart det dårleg med bilde frå seansen, men bilda på netthinna kan ingen ta frå meg. Aldri. 

Spekkhoggarane etter seansen (Foto: Kristin B Friis)


Engvik brygge. Store GLIIIS 
(Foto Kristin B Friis)


Rundar av med eit par av Bjørn Tore sine fantastiske bilde:

(Foto: Bjørn Tore Sørensen)

(Foto: Bjørn Tore Sørensen)

Takk for ein fantastisk dag på sjøen, Kristin, Bjørn Tore og Jarle! Stor oppleving, høg på livet og audmjuk for at eg er så heldig å ha helse, vennar og moglegheiter til slike turar. Takk for at eg får bruke bilda dykkar her! Tromstur november 2014 er så godt som booka..


Sjølve padleturen vart på omlag 20 km
Risøya har ei veldig spennande historie og var eit maktsentrum i tidlegare tider. Her budde folk til 2001. Eg har lyst ut hit att både sommar og vinter. 
Meir lokal info på Rebbenesøya.com.

søndag 10. november 2013

Gjøssøya rundt

08.11. Med seminar i Tromsø i veka, kunne eg ikkje la høvet gå frå meg til å vere att helga etterpå. Kristin hadde fri, og ordna opp for at det kunne verte padling på oss! Sesongens første kvalobservasjonar sirkulerte på nettet på torsdagen, så vi sov begge dårleg om natta. Spente, forventningsfulle og med 2 x dobbel latte til kvelds så var det kanskje ikkje så rart. Ny dag - nydeleg dag - vi sjaua utstyr og for utover. Sightseeing Kaldfjorden, Grøtfjord, Tromvik og Rekvik. 

Du veit du er i Nord-Norge når du må stogge for slike i vegen... (mobilfoto)

Nydeleg dag, nokre få minus, klårt og reint. 

Vi la ut frå Tromvika, rett bak roret.

Flott utsikt mot Kristin,  Håja (t.h) og Sessøya (midten). 
Fantastisk lys. Heilt vindstille, og eg måtte av med hua etterkvart.

I Sundet mellom Gjøssøya og Vengsøya fekk eg første glimt av Sørfugløya. Den er rå. Sandøya med snø på.

Gjøssøya sentrum. Det såg liksom litt for skikkleg ut til å vere heilt fråflytta?


Flott sandstrand i Trollvika, og vi plukka inn ein av "Ti på Skjæret" postane for sesongen. 

Novemberlunsj i Trollvika. Ståande buffet. (Foto: Kristin B Friis)

På tuppen; skal, skal ikkje? (Foto: Kristin B Friis)

Vi padla rundt på yttersida, og fekk med oss litt stor dønning, retursjø og brott. Det er mykje lyd i brotta, sjølv på ein roleg dag, så litt ekstra spennande vart det. 

Kursen rett til fjells på Kvaløya

Heimveg. Håja og Sessøya i solnedgang. 

Blåtimen. Vengsøya

Det vart fort skumt. Lyset var HEILT fantastisk. Fjella skifta karakter etter lyssettinga og sjøen spegla fargar i alle variantar. Ingen av bilda fangar opp kor flott det EIGENTLEG var denne dagen. Det vart fort mørkt, og vi fann fram lys på kajakkene og på oss sjølve. Vi rakk akkurat over fjorden før det var mørkt, men det var god trening i å plukke fram "juletrelysa" og få dei på. 

Novembertur i slikt fargespel gjev energi og krefter. Ingen kval, men rein, ørn og rype er brukbart på ein dag. Vi hadde fått stadfesta at det var berre å stille klokka på 05.00 neste morgon for å komme seg lenger nord for håp om kvalpadling. 

Spennande og variert landskap på Kvaløya. Det var kjekt å få sjå seg rundt i dagslys på landsida og. Padleturen vart ca 18 km.

Takk for turen Kristin!