lørdag 15. februar 2014

På jakt etter fullmånen

Fredag 14.02. Med reising og styr i veka vart det først lyktetur på fredag. Dagen før fullmåne, og vi var overtydde om at det ville vere fint å gå utover Eltrane i bleikkvitt månelys. Vi var ikkje før komne ut av bilen før dei første dropane traff oss. Uvant og sjokkerande! Kvar kjem dette i frå? Vind og skyer gjorde at vi degraderte måneskinnsturen til trim, og tok det derifrå.

Fritt val frå Langevågen

Roar og Synnøve var vande med å ta beinvegen (det vil seie RETT OPP) til Vonhytta, så da var det berre å henge på. Eit lite strategimøte der, og ruta vidare vart lagt til Vardane på grunn av vinden.  

Iskald vind på toppen - men vi tok likevel 10 minutt med teambilde, drikke og KRANSEKAKE! Kjekt når folk har med overraskingar på tur. Trim oppgradert til fjelltur att!

Teambilde på Vardane (776 moh)

Ei rype eller to gav lyd frå seg i lia. Det var flott utsikt over Sunnmøre frå toppen. Månen og skyene leika seg i lag, så horisonten veksla i dramatisk lys og formasjonar. Tema i "Synnøve Lundes uteskole" denne kvelden vart test av broddar. Bybroddar versus "Snowline chainsen". Turdeltakarar som vel å lagre "chainsen" i Østerdalen må fint finne seg i å teste bybroddar. Samtlege kom seg ned i god stil, så det var ikkje kritisk.  

 
Bybroddane hjalp litt...

 "Snowline chainsen" var heilt geniale.

 Broddane var kjøpt i fjor, men eg har ikkje brukt dei før. Ikkje heilt det same som stegjarn, men dei sat som blegg oppover (og nedover) snøen. Eg testa dei på litt blank is på myra, og broddane sat som eit skot der og. Geniale. Dei tek liten plass i sekken og er enkle å få av og på. 

Den siste halvtimen fekk vi stadige glimt av ein flott og rund måne. Innimellom kunne vi skru av lyktene. Draumen om måneskinnstur vart delvis oppfylt, men jakta på den perfekte måneskinnskvelden held fram.  Super tur i godt lag på fredagskvelden! God start på helga. 

Typisk nok: Etter at eg kom heim, då vart det skikkeleg månelyst! Timing er vanskeleg.

Frå verandaen på Valderøya kring midtnatt....

Vi brukte akkurat tre timar totalt på turen. 

1 kommentar:

  1. synnøvelundes uteskole v direktøten15. februar 2014 kl. 23:03

    Vinden var tøff på toppen, månen kunne titta litt mer på oss, men turen var fin. Gleder meg til Eltane

    SvarSlett