tirsdag 29. april 2014

Leikepadlesesongstart!

27.04. Søndag. Sol. Helga kjentes som ein heil sommarferie! Deileg å stå opp, tasse rundt berrføtt med verandadøra på vidt gap, med morgonkaffien i fleire omgangar og sakte men sikkert gjere seg klar for padling.

Blimsanden. Heimebane! Eg vert glad berre av å komme ut her. 

SiiiiiDEN-stemning. 

Rulla på begge sider. Satt som eit skot. Ikkje heilt sydentemperatur. Planen er vel RETT UT på skjæra då eller? Samrøystes.   

Er det noko som beveger seg her då? 

Det var lite vind og lite dønning. Litt rørsle var det men ikkje noko heftige greier. Meget bra sesongstart. Eg er alltid litt meir pinglete i starten, så greit å starte med kjekke overkommelege forhold. Litt surfing og snirkling ved Langholmen. Timesvis rettare sagt. Eit par kjempestore ørner og eit par havertar held auge med oss. 

Å finne ein ufreda holme for lunsj var ikkje så lett, men vi enda på eit skjer sørom Hildreøyane. Sjøfuglen skal få eggleggingsro. Lunsj og drøs. No har det blitt varmt nok til å sitte ei stund. Lovar godt for månadane som kjem!

Elegant avgang 1

Elegant avgang 2. Dagens dropp. Gjekk veldig bra faktisk.

Ønskeliste: plastkajakk?

Omlag som jegerar som passar mårfellene sine, drog vi frå skjer til skjer og sjekka forholda. Korleis står det til her mon tru? Kva gjorde vi her i fjor? Jaudå, det var slik det var ja. Vi endte opp ved Brimneset der Kenneth var sikker på at det låg nokre fine grunner. Det gjorde det, men dei var ikkje lette å sjå på avstand denne dagen. Det braut frå oss og med sola i auga.... 

Skjera ved Brimneset - ut mot Erkna.

Her var det gode forhold for rockhoppesurf - skikkeleg artig! Eg tør meir enn i fjor og har litt bedre kontroll. Ikkje noko ufrivillig bading heile dagen. Godt å kjenne at ferdigheitene berre rustar litt om vinteren, og at ein ikkje startar heilt på nytt år for år. 

Rockhopping med ein tøtsj av rock. 

Vi for langs land innatt. Flottaste taremarka du kan tenke deg. Eg kan berre ikkje hugse at det såg slik ut? Har eg berre vore der på flo før? Måtte smakast på. 

Trur det var desse to vi smakte på: Butare til venstre (Foto: Naturbasen) og Stortare til høgre (Foto: Øystein Paulsen ). Den siste var best og den første smakte mest. Begge likar seg på utsette plassar som Vestlandet og Nord-Norge. 

Eg er glad eg ikkje skal ete ein heil taretallerk. Vi lurte litt på kva næringsinnhald taren eigentleg har:
I tang og tare, med en fellesbetegnelse kalt alger, finnes alle grunnstoffene. De inneholder minst ti ganger så mye mineralstoffer som planter på land. Tørkede alger inneholder for eksempel rikelig med jod, og 14 ganger mer kalsium enn melk. Alger er rike på vitaminer: A, alle B-vitaminene inklusive B12, C, D, E, og K. Olje fra alger inneholder mye mer A og D-vitamin enn tran. Algene inneholder mellom 4 og 25% proteiner. De har også medisinske egenskaper som antibiotisk virkning, styrking av immunforsvaret, kolesterolsenkende effekt og kan fjerne eller detokse tungmetaller fra kroppen vår. (Nyttnorge.com)

Lærer mykje når ein lurer på ting. Visste du at tare kan vekse opp til 30-60 cm om dagen? Somme artar kan vekse til ei høgd på opptil 60 m! Fleire tareartar er fleirårige og kan verte over 20 år gamle. Sunt for hjernen, blodtrykket, depresjon og ei rekke lidingar (ref: http://www.tangogtare.com/ernaeligring.html)!

Sjekk http://www.tangogtare.com/ for bearbeiding og oppskrifter. MEN og eg berre seier det, det er ein del treff på "tare+lakserende" på google og altså.. 

10 kilometer, men aller mest leik og moro. 

Litt lang i armane på slutten av dagen men for ein fin dag på sjøen! Sesongstart med stil! Kjempeartig!

Når ein endeleg trur at ein har alt utstyr så begynner det sjølvsagt å halte litt. 
Note to self: 
- Kameraet fuskar - krise! 
- Nytt spruttrekk
-Hjelm/hette klemmer for mykje. Tynnare hette og/eller ny hjelm. Sjekk opp.
- Finn ut kvifor det kjem inn vatn både i snopeluka og skottet framme. Har vore knusktørt før. 

mandag 28. april 2014

Camping og vårskitur på fylkesgrensa

25.05-26.04 Sommarver og Therese freista med camping og vårskitur. Har eg tid? Eg har i alle fall lyst på tur! Nye snirklevegar og ukjente dalar. I Grøndalen, presist på fylkesgrensa og nær vegen fann vi ein flott teltplass!

Camp i lyngen, bål i snøen! Eidskyrkja (1482 moh) i bakgrunnen. 

Camping her var eigentleg posisjonering til å gå på Sunndalsnipa. Der såg det ut til å vere så lite snø, så skifokus vart flytta til Eidskyrkja. Først vårstemning og bålkos!

Skikkeleg bålmiddag

Blåtime vart det. Salige til sinns og ro i sjela. Fuglekvitter og elvabrus. Gjer godt med slike kveldar ute. 

Morgonstund med lite gull i munn

Therese vart dårleg i løpet av natta, og vi var igrunn i ferd med å avlyse skitur og pakke saman for dagen. Sporty jenter gjev ikkje opp så lett, så litt forsinka la vi i veg mot Austefjorden og Skinnviksætra. 

Beste fylkesgrensa! 
Trivselsfylket til venstre og eksportfylket til høgre. Med ein fot i begge er ein godt rusta! 

Skinnviksætra (parkering på 340 moh).

Mot Eidskyrkjemassivet frå sætra. Litle-Eidskyrkja (1243 moh) til høgre. Vi skulle opp skaret til venstre. 

Klassisk vårskiturstart. Ski på ryggen, randosko dinglande bak til stor irritasjon. - Neste gong skal eg jammen feste dei betre! Vi brukte ca 45 minutt opp til snøen.

Endeleg på med skia! 
Monika og Sigrid var nye turbekjente for meg - trivelege jenter og god stemning frå starten!

Her tek vi bakke for bakke. Kneik nr 1.

Kneik nr 2. Austefjorden forsvann under oss, og utsikta til Sunnmørsfjella vart betre og betre. Avstanden til det fordømte skaret var framleis stor. 

Vår og skavlane går. 
Greit i kikke opp av og til og posisjonere seg slik at ein ikkje får det i hovudet.

I skaret, som og faktisk er isbre, var det bratt, skugge og knallhardt. Skuggen laga eit eller anna optisk bedrag, så eg fekk ikkje med meg kor mykje oppoverbakke det eigentleg var. Eg vart difor psyka ut i trua på at all kondis brått hadde fordufta. Bratt og hardt er ikkje det artigaste eg veit, og det trur eg vi var fleire om. Sporty jenter gjev framleis ikkje opp så lett, så vi kom oss opp etterkvart.

Halo! Vi tok det som eit godt teikn, og velkommen opp!

Lunsj! (og dogg på kameraet...). Toppen av skaret, og berre sjarmøretappe vidare.

Her var det godt å sitte litt. Maten smakar ekstra godt med gransking av ny alpetopp til kvar bit. Det er dessutan heilt greit å sjå nye folk slite seg opp dei same bakkane som du sjølv nett er ferdig med. 

Vassdalstind (1277 moh) er kanskje den finaste i Ørsta!

Saudehornet er og ein klassikar.

Sjarmøretappe innover flate vidder. Her gler eg meg til å stå på ski ned!

Spenninga stig. Rett bak horisonten der bør det vere ein varde! Kva fjell dukkar opp på ANDRE sida no?

YEAH! Der er varden! Dryge 1100 høgdemeter er i boks!

Teambilde! Snopestopp og soling. Utsikt overalt. 

Eidskyrkja er høgaste fjellet i Volda kommune. FOR ei utsikt. Jostedalsbreen i søraust, Sunnmørsalpar i fleng i nord så langt auga rekk. Det var berre å plukke ut den eine klassikaren etter den andre. Voldsfjorden ut i vest og flott utsikt til hyllefjella i Bremanger og Ålfotbreen i sørvest.

Sigrid køyrer stil på alle toppar over 1000 moh! Nordfjordingane kom med Norgesglas. Innhaldet såg litt grugge ut, men vi vart forsikra om at det var rein iste. 

Dei karane som hadde gått opp med minimalistisk sekk på rekordtid (i alle fall litt kjappare enn oss) vrei seg av misunning når Sigrid poppa toppøla. Det handlar om prioritering. Vi har tid, og køyrer turkvalitet!

Jakta spelar hovedrolla frå denne vinkelen, med Smørskredtindane til høgre og Slogen til venstre.

Den sintaste av alle, og vi såg mange lemen i løpet av dagen. Dead and alive, for å seie det slik.. 

Skarsteinfjellet ved Innvik i midten og Jostedalsbreen bak. Det var ikkje lett å ta ut landemerka på breen og brefalla på denne avstanden, men vi gjorde eit forsøk.

Storetinden til venstre og Skårasalen bakerst.

Monika i farta! Fin stil i bakkane! Sunndalsnipa stikk fram som svart vegg bak der.

Breen med den eine sprekka. Vel nede att. Sola hadde teke akkurat nok til at det var superbra føre ned att. 
Det var skikkeleg artig å køyre. Det vert betre og betre det her skilivet. Sigrid som og er fersk i faget køyrde som berre det i bratta. Imponerande! (På veg opp var vi begge skjønt einige om å vandre på skoa ned att...)

Siste bakken var tung slush, og eg var rimeleg sur i låra då eg kom ned til skoa. Sjarmøretappe med ski på ryggen og randosko dinglande bak ned til sætra. NESTE gong SKAL eg feste dei skikkeleg altså. 

NEDE!

Tvillingane!?

Alle var nøgd med ein fantastisk vårskitur. Dette er eit fjell eg skal tilbake til kjenner eg. Kan anbefale turen og utsikta! Hugs bompengar til vegen opp på sætra og ver nøye med sporvalg på breen! Faktor 50 var og greit denne dagen. 

Takk for turen! 

torsdag 24. april 2014

Festøykollen (911 moh) i dagslys

23.04 Skikkeleg sommardag i april! Kristin hadde invitert til fjelltur rett etter jobb. Festøykollen (911 moh) var målet, og denne gongen i dagslys. Sist vi var der var det rimeleg svart.

Varmt og stripping i første bakken!

Skogssti i starten. Flott i bjørkeskogen og litt tristare i granfeltet lenger oppe..

Våren er finaste tida!

Glade vandrarar. Lauvet spratt så vi såg det i lia. Fuglekvitter overalt.

Mot Barstadvika frå Gamlestølen

Ryggen mot toppen

Endeleg oppe!

Teambilde! 

Vi kunne sitte på toppen lenge i berre skjorta. Nesten 20 grader og vindstille. Herleg! Utsikta var fantastisk. Skikkeleg rundskue med hav, fjordar, ville Sunnmørsalpar og Ålebyen. -For eit land vi lever i! Sjølv blaserte vestlendingar måtte ty til halvstore vendingar slike kveldar. 

Toppskavl og nordvendt utsikt mot Spjelkavika, Ålesund, Haram og Giske.

Svinetind, Randers topp, Jønshornet og Rametind i sør

Sykkylvsfjell med Råna i bakgrunnen. Råna stikk fram overalt no. 

Slik utsikt må i grunn opplevast, men her er eit forsøk å å synleggjere rundskuet frå toppen.

Litt hoppings må til på slik ein dag - og på sætra var tempen heilt oppe i fjelgt. 

Jepps - hopp over Jønshornet i boks!

Rett og slett ein lekker fjelltur! Vi traff ein heil haug trivelege og snakksalige damer på vegen. Festøykollen kan anbefalast. Grei tur på god sti, overkommeleg lang og enormt bra utsikt. 

I Ålebyen rakk eg akkurat solnedgangen i Moljegapet før eg for heim. Ikkje dårleg det heller..

Molja i solnedgangen..