søndag 17. august 2014

Glåpen fyr - ferieheim

26. juli - 2.august. Kystverket har ei ordning med at tilsette kan søkje om å leige eit fyr i ei ferieveke ved 6 ulike fyr i Norge. Eg "vann" loddtrekkinga og fekk ei veke ved Glåpen fyr, ved Sørvågen (Moskenes) heilt sør i Lofoten. Då jubelen hadde lagt seg, vart eg litt bekymra om eg vart sittande der ute aleine i ferien. Eit par meldingar seinare var fyret fullbooka, og vi vart ein finfin gjeng på fyrferie. Fleirtalet kom rett frå ASKR, og Karianne kom med fly til Bodø og ferga over.

Glåpen fyr

Karianne kjem med ferga akkurat tidsnok til Lofotakevitten!

Fyrbaren. 

Den operative fyrlykta er flytta til eit eige tårn, og det gamle fyrlyktrommet er kikkert- og opphaldsrom. Av oss døypt til fyrbaren. Her satt vi mesteparten av kveldane, med blåtimen i heile horisonten, og godt tilbehør. Første kvelden seig det ein diger kval forbi, rett innmed land (truleg vågekval). Vi høyrde prustinga og såg den forsvinne i det blå. 

Klumpar oss i hop i Fyrbaren. Foto: Karianne

På Glåpen var dealen at alle hadde ansvar for å aktivisere seg sjølv. Vi delte oss opp og for litt hit og dit, dei fleste kveldane hadde vi felles middag og nokre dagar for vi heile gjengen i lag.

Prosjekt fisking frå kajakk: 
Karianne var knalltøff og heiv seg ut i skegkajakk i frisk bris på Vestfjorden.
Sist gong ho padla var med rorkajakk i 2011 i Eikesdalen

Glåpen var flott frå sjøsida og. Vi låg og dreiv rett utanfor fyret. Vinden var frisk, og det var utfordrande å handtere fisk. Vi måtte ligge i flåte for å lande fangsten. 



Fisking frå kajakk var gøy!

Vi skulle hatt større slukar. På kroken vart det både lyr, sei, uer og makrell. 

Fisken skulle verte ein naturleg del av grillfesten dag 2. 

Alt vart filetert (av Karianne). Test av lime-marinert makrell. 
Heimegratinert loff med kvitlauk og greier. Potetsalat med avocado og greier. Namnamnam.

Kokken med grillspyd og fiskepakker

Sommarmat!

Grilling i fyrhagen

Fellesmiddagane var nydelege; Rekefest, kvalkjøt, scampigryte, pizzakveld. Ein kveld testa vi "Maren Anna" i Sørvågen. Slett ikkje dårleg restaurant der heller. Note to self: Sjakktrekk å invitere med folk som er flinkare å lage mat enn deg.  

Jamnleg var ein av oss oppe i fyret. Sjekka veret, tok bilde av utsikta og andre viktige gjeremål. Arinbjørn vart vår lokale Tobias. 



Utsikter frå Glåpen. Fergene, fiskebåtar, mot Mosken, Værøy og Røst og den ordentlege fyrlykta.

Det var eit saleg kaos med kansellerte avgangar på ferga Moskenes - Bodø. Eg er glad vi ikkje hadde noko ansvar der. Fyrlykta var ikkje på dei første dagane, men ca 1. august var det mørkt nok kring midtnatt til at lyset kom på. Vi såg ut på Moskenesstraumen og diskuterte padling. Ein dag med frisk vind såg vi korleis straumen bygde seg opp med kvite skavlar høgt til vers. Mykje krefter der ute. 

Det var rett og slett kos å vere fyrturistar ei veke. 



Bilda over: KOS, representert ved badekulpen i fjæra på yttersida, hagen, sommar og sol, perfekt kajakkutlegg på innsida. 


Ein snartur på Reinebringen rakk vi og. 

Vindfullt, og utfordranda med hundane i bratta. Opp kom vi, og lenger var det ikkje forsvarleg å gå i vindrossene. Utsikta var heilt rå, sjølv på ein grå dag. 

Reine frå Reinebringen

Reine og innover Kjerkfjorden

Hundane hadde ein klar favoritt i gjengen, og oppførte seg eksemplarisk.

Kongedreparane Kark og Hårek: - Vi likar Karianne best, for ho kosar med oss!

Vips var veka over. Fyrferie var heilt strålande. Takk for godt selskap og mykje moro til gjengen som vart med! Siste glimt av Glåpen.

Glåpen - panorama. Foto: Karianne

Glåpen og Jarle. Foto: Karianne

Link til: Tur til Hermannsdalstinden - kjem
Link til: Turistar i Lofoten - kjem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar