31.08. Siste sommardagen på kalenderen, og det var jammen ein skikkeleg sommardag og! I ni-tida stod vi klar på parkeringa og såg oppover fjellsida. Norges lengste motbakke. Strategien var klar; her gjeld det å ikkje gå for hardt ut.
Morgonstund har gull i munn...oppover lia i Fosdalen på fin sti.
Sol, utsikt og godt tilrettelagt sti! Lobukta og Nordfjord langt der nede.
Stor skilnad på stien frå eg var her sist i 1995.
Skålevatnet (1150 moh) er siste "fyllestasjon" før toppen.
Landskapet vidare minner litt om Blegja. Stein og ur ventar oss, men også veldig god sti oppover.
Uren luren. Vesleskåla på 1238 moh bak vatnet.
Meir uren luren.
Iskald vind og eit parti av ura utan sti. Fokus på snackpause, og ikkje på fotografen ser eg..
Det er jo ikkje det at ein ikkje KLARAR å gå i timesvis oppover, men det vert litt kjedeleg. Ein går seg litt lei. Det er mykje stein oppover. Stemninga kom seg betrakteleg då vi såg taket på tårnet. Hurrarop og niks meir mjølkesyre.
Skålatårnet!!
Køyesenger lag på lag.
Kjøkken og langbord nede, og køyesenger i tre nivå i halvmånefasong oppe. Kult hus. Det hadde overnatta 50 stk her oppe natta som var. #Klaustrofobi! Eg tykte det var trongt å vere 10 stk inne samstundes.
Mot Sunnmøre!
Skarp luft, og klåre fjellprofilar. Fantastisk utsikt! Eg kjenner att stadig fleire Sunnmørsfjell, og det er kjekt.
Den eigentlege toppen er på Stryneskåla der borte (1848 moh).
Om eg skal på Skåla att må eg ta høgde for å gå ryggen ut på Stryneskåla.
Lodalskåpa held seg i skodda.
Teambilde!
Velaug sikrar hoppebilde!
Steinlagt sti ned att. Rein luksus.
Rikeleg med trappesti var det og. Fin rytme i trinna.
Det skal vere meir enn 1000 trappetrinn totalt sett.
Varde med hol i! Artig!
Det var akkurat som om hausten hadde komme i løpet av dagen. Strålande fargespel i bakkane. Nedanom toppen var det berre å kle av seg att, og etterkvart slo varmen mot oss frå dalen.
Haustfargar mot Storskredfjellet.
Loen
Det er langt oppover, men det er i grunn berre å gå roleg og jamnt. Nedover er hardare for kne og bremsemusklar! Flott dag og nydeleg tur! Stien er stort sett svært god, og tilrettelegginga gjer at det er lite slitasje på terrenget. Steinlegging og tilrettelegging er gjort fint, og ser naturleg ut.
Endomondorutespor på satelittkart
Høgdekurve Skåla ned. Jamn stigning kan ein seie, over knappe 8 km.
Vi starta klokka 9.05 og var nede 16.20. Vi brukte 3,5 time opp inkludert lunsjpause, snackpause og småstopp. Effektiv gangtid ned var 2 timar og 15 minutt i følgje Endomondo, men vi hadde mange (heilt naudsynte) pausar nedover og. Viktig å ha litt tid på toppen, det er nydeleg utsikt og verd å nyte!
Vi tok det som ein tur, og brukte dagen.
Eg gjekk med La Sportiva-skoa (turjoggesko) og det funka glimrande!
Siste sommardagen 2014 - på Skålatårnet! Godt utnytta.
Då var det berre å bunkre opp bilen på "Honesty shop"-en i bygda og sette kursen nordover.
Turist i Loen var bra. det kjentes ut som eg hadde vore vekk i ei veke. Eg vart bra segen utover ettermiddagen. To dagar med gangsperr og interessant ganglag vart og ein del av pakka.