søndag 23. november 2014

Vågsøya rundt - kvalpadling dag 4

23.11 Søndag. Kaldare, klårare. Kvalpadlefinale. Den finaste dagen så langt. Vi for til Skulsfjorden og la ut der.

Morgonstund og padling mot Vengsøya

Blest på Vengsøyfjorden

På tur utover padla vi mot ein flokk knølkval. Ein liten motorbåt kom stimande og ferga. Alle sette kursen mot kvalane. Vi vart usikre. Kva gjer ferga? Ser dei oss? Småbåten køyrde rett i mot kvalane og løyste opp flokken. ferga stime framleis rett i mor oss. To av kvalane hamna midt mellom motorbåten, ferga og oss. Dei var tydeleg stressa, sette kursen rett mot oss og dukka ned under kajakkane. Dei var nær nok til at eg fekk sett nasebora på innsida av den eine. Båtane forsvann, og vi vart liggande att. 


Nærare Vengsøya  var det og kvalbåtar som låg. Desse båtane oppførte seg eksemplarisk, og låg i ro. Kvalen der styrte med sitt. Det var mykje spekkhoggarar og nokre knølar. Vi hadde sett "Nattverden" her i området dagen før, og var litt på vakt. Vi la oss i flåte for å drive med vinden innover sundet. 

Knølkval i farta


Kva skjer der borte? 

Spekkhoggerar kom til frå alle kantar. 3 herifra og 4 derifrå. Det måtte no vere over 20 stk der borte?

Vi er i utkanten, men nær nok ein spekkhoggarbonanza! Dei hoppar og sprett, det er kvite teikningar på alle kantar. 3-4 stk i lufte samstundes. Virrvarr av finner i alle retningar. 



Spekkhoggerane kjem nærare. Rett framom kajakkane. Får du ikkje bilde no så får du det aldri, flirer Jarle. det skjer noko meir, og herifrå ser eg alt i sakte film og stillbilde. Ein diger spekkhoggar kjem inn frå sida. Den legg seg på skrå, så finna står 45 grader på sjøen og sklir opp langs kajakken til Jarle. Er det oss han er ute etter? Nei, det skjer noko meir her? Ein brun vegg av masse kjem frå djupet rett under oss. Det er knøl her og! To knølkvalar svømmer tett i tett, når overflata nokre meter bortanfor spekkhoggaren og kanskje 15 meter unna oss. Kven er det som øydelegg jakta for kven? Spekkhoggarene er framleis i matfatet og det er høg aktivitet. Eg pustar igjen og det heile kjem litt på avstand. Kva skjer? Aha - det er vi som driv avgarde. Kvalane er framleis midt i matfatet sitt. Vi driv vidare og ser det heile på tryggare avstand. Heilt rått. Magisk. Om vi såg kva som foregjekk i djupet kunne vi ikkje posisjonert oss betre. Vi var der, men likevel ikkje i vegen for jakta. Trur vi.

Det vert litt antiklimaks. Kvalane trekker midtfjords. Vil vi det? Denne opplevinga lever eg lenge på. Kvalshowet har toppa seg dag for dag. Det er heilt utruleg kva eg har fått sett desse dagane. Vi padlar vidare rundt Vågsøya.     

Første gong det har vore padlbart over her i følge Jarle. Når ein ikkje må ut av kajakken er det per def padlbart!

Nordover frå Vågsøysundet. Sandøya lengst til venstre bak. Rebbenesøya i midten.

Nydelege fargar, vidunderleg lys. Lys men ikkje lyst. Nordover er det skymt, og sørover ser vi dei siste strålane av sola. Her skjønnar ein i praksis at jorda er rund..  

Skim distance - Jarle testar

Det var kval i Vågsøysundet og. Og småbåtar. I fleng! Kvalpadling er altså best midt i veka. Her var det og på båtane sine premissar og eg skjønnar ikkje at kvalane vart verande der. Vi gadd ikkje blande oss med dei motoriserte. Kvalpadling får ein bismak når eg ser kor mange som oppfører seg hovudlaust i høve desse dyra. Vi var sultne og skulle berre padle rett over sundet. Det var så mkje kvalgreier at vi kom oss berre ikkje nokon stad. NO må vi prioritere lunsj altså. 4 dagar. Blasert. Så fort går det. 

Rasteplassen vart Kvalneset, der vi hadde fin utsikt til fjorden og ein etablert bålplass/leirplass som base. Det vart bål for andre dag på rad. Denne dagen var det så kaldt i lufta at det var veldig godt med bål. For ein herleg dag. 

Båling. Aldri feil. 

Eg hadde laga brødskiver med tanke på bål, og pakka i aluminiumsfolie. Varme ostesmørbrød var himmelsk!

Då vi skulle dra kom det jammen kjentfolk, som fikk overta bålet og leirplassen. No var det sjarmøretappa innover Skulsfjorden att. Nydeleg lys spelte seg i fjella. Solnedgang. Det kjennes som kveld, sjølv om klokka berre er halv tre på ettermiddagen. 

Innover Kaldfjorden og Store Blåmann. 
Har fått den frå alle vinklar i helga. 

Perfekt timing, og vi landa rett før mørkret seig på. Vi har jammen utnytta dagane godt! Sliten, mett av inntrykk og høg på opplevingar. For ei helg. Tusen takk til Jarle for ypperleg turselskap, og Kristin for lån av utstyr. Heldige meg som får oppleve dette. 

Kart - turen vart ca 18 km

Denne dagen padla eg Skim differ'en til Jarle. Litt tyngre enn Kristin sin, med andre pedalar. Kjempegod kajakk. Eg ser eg får mykje meir ut av mindre krefter i denne kajakken enn i distance. Skal eg ha ein Skim så vert det nok Differ. Det er og behageleg å padle med større fotstøtter. Lurer på om eg skal prøve å skifte på Nukaen og?

lørdag 22. november 2014

Vengsøya - Musvær. Kvalpadling dag 3

22.11 Grålysning og klart. Smal i augo. Skal ein på kvalpadling langt uti november må ein opp om morgonen. Vi var litt avslappa til heile kvalen etter to dagar med supre opplevingar. Det viktigaste denne dagen var turen! Det var såpeglatt i byggefeltet og vanskeleg å fote seg. Trøtte tryner lasta opp kajakkar, rakk ein (fantastisk) Statoilkaffi og ferga i Bellvika med god margin.

Det lysna på veg over og vi såg kval frå ferga. Fleire "einslege" knølkvalar i roleg driv på fjorden. Vi køyrde rett til skulen på Vengsøya, parkerte, gjekk ut av bilen og BANG!! 7-8 knølkvalar går rett i lufta med gapet fullt av sild! DÅ vart det liv i leiren! HOHOII!! Vi står på stranda i over ein time og berre ser. Sandnessundet (over til Vågsøya) er ca 700 meter breitt, og det var fleire grupper med 4-5 knølkval i aksjon. Det var blåsing, vandring, og romstering. Med ujamne mellomrom var det eting og hopping og herjing. I begge endar av sundet. Det som var kult med å stå på land var at eg fekk meir oversikt over korleis kvalane jobba saman, og posisjonerte seg. Verdas beste kvalshow.

Høgdepunktet var då alle kvalane samarbeidde sør i sundet. Alle for dit, og det vart stilt. Veldig stilt. Vi visste at det var 20-25 dyr der som hadde komme inn frå alle retningar. Vi held pusten... DER!! Først 3-4 i veret - deretter kjem det ei lang rekke - snorbeint - 10-12 kvalar som går loddrett opp i lufta. Tett i tett, heilt synkront. Det renn vatn, sild, havet kokar, det er ein supertonnasje som deljar mot overflata, og nokre sekund seinare er det ingen spor.. RÅTT!!! Det ligna på bildet "Den siste nattverden" - berre med knølkvalar i hovudrolla.

Her må eg nok ein gong låne bilde for å vise kva eg snakkar om:

Knølkval kjem opp og et. Dette er ein kval. Gang med 10... - Foto: Espen Bergersen. 
Vel verd å sjekke nettsida www.naturgalleriet.no

Knølkval som et på rekke. Foto: Bjørn Tore Sørensen. 
Tenk deg 10 av desse, og at alle hoppar så høgt at sveivene viser. 

Då vert det nesten slik: 

Trengte ikkje padle med kval - denne morgonene kunne vi ha vassa med dei...

Kvalfrukost der ute


Etterkvart måtte vi berre komme oss i kajakkane. Vi spøkte litt med at det var vanskeleg å legge ut fordi sundet var så proppfullt med kval. 

Fint å legge ut. I dag skulle eg padle Skim Distance - 5,85 m! (Den blå)
Synspunkt om akkurat det kjem nederst på innlegget. 

Vi hadde ikkje før lagt ut før vi var omringa av knølkval. Etter ein times show frå land var det kanskje ikkje så overraskande. Dei er fine på avstand, men desse kom meir enn nær nok. 

Ups. Rett mot oss. 

Knølkvalen er elegant og fin når den rullar med ryggen og svømmer forbi, bles litt og kjem med ein elegant halefinne innimellom. Lekker. På 5 meters hald, framaifrå, der knølane, ruren og gapet vert nærare enn eg strengt tatt likar... Då er dei skikkeleg fæle og skremmande. Når ein fer dei nær, med halen på veg ned, veit ein liksom at dei har kontroll. Når dei kjem så nær og er på veg opp så trur eg at eg får dei i fanget. Stiv av skrekk. 

Knøl - closeup. Foto: Miljøstatus.no

I alle fall. Vi la oss nærare land, for å halde oss ute av vegen. Flokken runda ute i sundet, og svømte under oss ein gong til. Ein stakk snuten opp rett framom kajakkane, seig nokre få meter tilsides for Linda og halefinna gjek ned mindre enn 5 meter frå akterenden til Jarle. Puls ja.  No låg det ein heil flokk mellom oss og land. Det var i grunn ikkje planen vår, men vi la oss i flåte og såg det an. Det vart stilt. Det bobla med sild, 50 meter unna  - BANG! 5-6 kvalar i lufta samstundes. WOW for ei oppleving! Det var skikkeleg kult å sjå silda koke i overflata i ca 2 sekund før angrepet kom. 


Arkivfoto frå Bjørn Tore Sørensen. Slik ser det ut når silda kokar og kvalen fråtsar. 

Linda, Jarle og meg. Nesten kvilepuls. 

Då måtte vi ta eit val. Ligge og herje med kval resten av dagen - eller padle tur. (Valgets kval, knis) Eg hadde lyst til begge delar. Verken Linda eller eg hadde vore på Musvær. Jarle skar gjennom. Tur då? Båling?

Etter meir enn to timar intens "kvaling"var det deileg å berre padle på tur. Flott landskap, ei lita kryssing og innover mot eit spennande landskap av skjer og holmar. Det er fastbuande her ute, som driv med fiske og geit (geitemjølk, trudde Jarle)

Mot Musvær

Ei fantastisk lagune (Mushola), med strender i alle endar. 

Skjell og korallar i flotte fargar og fasongar - og i store mengder!

Musvær var ein nydeleg plass. Moderne driftsbygning. Fleire hus. Moderne traktor. Store kontrastar! Hit har eg lyst på sommaren i midtnattsol!

Koseleg med lunsj, bål, og gode greier. Livskvalitet. betre vert det ikkje. Kvalhistorier og andre historier. 

Meir Musvær-lagune. Små svarte prikkar er sel. Det var minst 5 selar her og utruleg mykje fugl. Vi fekk høyre seinare at andre dyr trekk inn i slike område når fjordane er fulle av spekkhoggarar. 

I været var det ikkje kval - og etterkvart vart det retur. Nærare Vengsøya var det kval og blest i massevis. Fjorden var og full av spekkhoggarar. På veg tilbake hadde vi to unike opplevingar då det begynte å verte ganske skymt. 

Først kom ein einsleg knøl. Vi såg den langt ute i horisonten. Under - over. Under - over. Den kom roleg og hadde bein kurs. Vi hadde kryssande kurs med den. Tempoet til alle partar var slik at vi kom til å kollidere i kryssinga. - Vi padlar på og ser kva som skjer. Kvalen veik ikkje. Vi veik ikkje. Det begynte å verte spennande. Kvalen dukka rett framom og litt til høgre for oss. Vi padla på og trudde vi fekk han i rompa på veg opp for å puste. Då vi var 10 meter forbi dukka kvalen opp, rett bak oss til venstre, akkurat på linja si og held fram med stø kurs. Han hadde berre lagt inn eit ekstra minutt under så vi fekk padle over. Dei må ha stålkontroll. 

Vi var heilt i rute og nær Vengsøya. -Vi rekk akkurat lande før det vert mørkt! God stemning. Då kjem det eit vræl frå Linda rett bak meg. Eg snur meg og ser ei gedigen halefinne rett bak hovudet hennar... Ho hadde fått selskap av ein einsleg diger spekkhoggar som omtrent la seg på bakdekk. Puh. 

For ein dag. FOR EIN DAG! Tusen takk for turen! 

Vi rakk ferga utan stress og utan særleg venting. Perfekt. Vi rakk kaffi i Stormgamma med fleire andre frå Stormgjengen. Dei hadde hatt like bra kvalopplevingar som oss, så det var ein høg gjeng med friske kjakar som flira og tømte termosane for dagen. Vi fekk drøfta viktige spørsmål som kva som flyt best av bamsemums og banansjokolade og andre padlerelaterte spørsmål. Veldig koseleg. Det er så mykje trivelege padlefolk her oppe at eg vurderer å finne meg eit vikariat i Tromsø.   

Eg var fullstendig utslitt då eg kom tilbake til Kristin. Snop - sofa - TV! Ahhhhhh. 

Kart over ruta. Ca 13 km totalt


Skim distance ja. Det var ein utruleg interessant kajakk. Den kjendes ikkje lang ut. Den kjendes heller ikkje spesielt tungpadla ut. Men eg hadde ikkje nok power til å nytte potensialet i kajakken. Så eg fekk på ein måte ikkje meir fart ut av "vanleg padling" enn det eg fekk ut av Skim differ. 
Litt skuffande; kjøp av 6 meter kajakk kan truleg ikkje kompensere for trening, musklar og kondis. 

Eg hadde rikeleg plass, men framleis god kontakt med kajakken. Med ein gong kajakken hadde fart framover kjendes den stødig som eit fjell. Med ein gong eg låg heilt i ro var den nervøs og urolig i rørslene. Uvant. Med last vert nok dette eit stødig slagskip uansett. Eg vart hengane bak dei andre eit par gonger, og det var utruleg artig å kjenne på responsen til kajakken. Jo meir eg gav på, dess meir gav den. Med Nukaen kjem eg til eit punkt der det ikkje er vits å spa på meir krefter. Det gjorde eg ikkje her... Og eg seig fort innpå dei andre att. 

Kajakken låg snorbeint i både medsjø, motsjø og straum, med litt skegbruk. Litt kanting og den var utruleg manøvrerbar (også med skegen ute). Det var det som overraska meg mest. Kor utruleg lett den var å få på sving - om ein ville det. 

Dette var MKII utgåva (større volum), og eg burde nok hatt standard. Om eg skal på verkeleg langlanglangtur nokon gong så må Distance testas nærare. Til trimkajakk/turkajakk for meg no er den nok hakket for stor. Eg var uvanleg lang i armane og sleten då vi kom på land. Det er truleg litt for høg og litt breiare kajakk enn vanleg som gjer at nye musklar vert sett i sving og vant teknikk vert sett på prøve.  Utruleg artig å prøvepadle, og om ein er på jakt etter langturkajakk bør også mindre personar vurdere denne kajakken. Flott kajakk som osar av kvalitet. Det einaste eg fann å utsette var at plassen til lukene, altså ikkje sjølve åpninga, men plassen som var nedsenka på dekk, var for liten. Det var noko skikkelg herk å få på plass lukene (ikkje dagsluka). Dette har visst Skim justert på nyarare kajakkar.

Skim kajakkane vekst på meg dess meir eg prøvar dei.  

Tusen takk til Alf på Alfa Fritid for lånet, og til Jarle for transport og tilbakelevering. 

Etter heimkomsten har eg diskutert erfaringane med Mildrid. Ho er hakket sterkare (og betre padlemessig) enn meg og litt lenger i armane. Kanskje standard distance er den perfekte lange kajakken for ho? Men kva skal eg då matche det med??

fredag 21. november 2014

Kaldfjorden i kuling - Kvalpadling dag 2

21.11 Dårlegare ver denne dagen, men eg hadde rotta med saman med Jarle, og vi såg i grunn ikkje så svart på det. Kaldfjorden igjen, og no la vi ut lenger ute i fjorden. 

Dagen starta med at det kom to knølkvalar rett i mot oss, før vi hadde padla 100 meter. Dei dukka under oss, og la seg til mellom oss og land. Sjølvsagt lurte dei oss på veg ut, men etter 10 minutt på sjøen hadde vi allereie fullklaff med nærkontakt med knøl. 

Knølkval i fjæra

Fjorden gjekk delvis kvit, og vi padla over mot Fiskøya. Ragni og ein gjeng var potensielt i same område, og vi var litt spent på om vi traff dei. Det var tyngre å padle i dag, men vi såg kval. Mykje kval. Knøl, og spekkhoggar, Etter ei stund såg vi noko rart. Ein veldig lang kval. Den tok aldri slutt. Bak den dukka det opp.....padlerar ja! Det var kjentfolk og vi samla oss i fjorden. Ragni (som faktisk er marinbiolog) kunne stadfeste at det var ein finnkval vi hadde sett. Verdas nest største faktisk. (KOR kult er det???? verdas nest største...)

Vind, skvalpefjordbølger og dårleg lys gjev endå dårlegare bilde. Har difor tjuvlånt litt for å vise herlegheita:

Finnkval (lenger ut i fjorden eit par dagar seinare) Foto: Bjørn Tore Sørensen


Frå toppen: Blåkval, Finnkval, Seikval, Knølkval, Spermkval og Vågekval
(Ill; Jón Baldur Hlíðberg. http://www.kyst-norge.no/)

Lunsj med kvalutsikt på Fiskøya

Fiskøya og Store Blåmann (jepp, lagt inn på ønskelista)

Ingen sure miner i sur blest, og det vart lunsj på Fiskeøya. Kvalopplevingar på returen og, og det vert ikkje mindre spektakulært i drittvær. Det er vanskelegare å sjå kvalen på lang avstand, og det kjem litt meir brått på når dei dukkar opp. 

Kart - knappe 10 km padling

Vi rakk i land i i skyminga og hadde debreifing på "Bryggejentene" i Ersfjorden. Kjempetriveleg plass - verd å stikke innom. Raude kjakar og blide fjes. God kaffi.

Takk for turen til Jarle, Ragni, Monika, Jannie og Mia!

Jarle og eg var godt nøgd med dagen, men hadde forventningar om bedre ver og meir kval - allereie neste dag!

Eg fekk på ein måte med meg vågekval og denne dagen. Kristin hadde laga kvalgryte til meg som var superenkel å varme opp til middag og veldig god! Er det kvalhelg, så vert det full pakke!!

Denne dagen padla eg Skim differ'en til Kristin. Den er karbonutgåva, så det er ein lett kajakk. Eg likar denne kajakken godt, har god kontakt og god plass. Den er lettpadla. I vind og sjø bak frå sida var den litt uvant i rørslene når vi låg i ro. Eg måtte konsentrere meg litt der. I fart kjennes den veldig stødig og fin. Denne dagen fekk eg i grunn ikkje testa fart, men det er ein kajakk som eg handterar greit og som kjennes komfortabel ut. Den er litt lenger enn Nukaen og ikkje så manøvrerbar, men noko meir retningsstabil. Eg må framleis bruke skeg på denne for å halde retninga over tid, og kajakken reagerer fint på kanting. Finfin turkajakk, kanskje ikkje heilt optimal leikekajakk, men eg tippar at allroundegenskapane er rimeleg bra. Lavt bakdekk og truleg lettrulla. Polarrulle freista ikkje, så eg trur, inntil vidare. Takk for lånet, Kristin! 

torsdag 20. november 2014

Kaldfjorden med Kristin - Kvalpadling dag 1

20.11 Endeleg! Kvalpadling 2014! Ein nydeleg dag  og Kristin og eg sette kursen mot Kaldfjorden.
Obligatorisk stopp på Eide handel (den beste butikken i Nord-Norge?). Kven rullar opp på sida av meg.. Espen jo! Kjentfolk, og velrenomerte "kvalfolk". Espen tek bilde i verdsklasse, og kompisen har etablert database med individidentifisering og halefinnebilde (Om du har halefinnebilde av knølkval liggande og slengje så send dei heller til: hvalobservasjoner@akvaplan.niva).

Spenninga var stor i bilen. Ingenting å sjå frå Henrikvika.... Vidare utover. DER!!!! EG SER DEI!!! Ein hale, sprut og nokre duvande ryggar i fjorden. Her var det kval ja!! Adrenalinkick, entusiasmen i taket - høglydt vill glede i bilen. Jadda, det skal ikkje så mykje til.

Kristin har utstyr til to - og det må (ut)nyttast. 

Det var fleire padlarar på veg ut. Plussgrader og ein liten bris. Vi starta med å få knølkval tett på, rett ved mærdene der vi la ut (på sjøen ca klokka ti). Derifrå vart det berre betre...

Bilde med kompaktkamera i dårleg lys vert no berre så som så - og eg har skjønt at eg må nyte opplevinga og gje blengen i å fotografere. Kvalpadling er best live. Vi fekk mange møte med knølkval, og nokre nærsituasjonar der kvalane kom rett forbi oss. Vi låg stort sett og dreiv midtfjords, og fekk opplevingane servert på løpande band. Utruleg flott! Vi padla oss borti "sovande" knølkval, som låg og slappa av i overflata. Dei var ikkje lette å sjå før vi var tett på. Vi let dei sove i fred. Etterkvart kom det grupper med spekkhoggerar. Mykje spekkhoggarar. Smågrupper på 3-5 dyr susa forbi oss, rett under oss og innimellom oss (oÆÆÆÆ). I starten var vi rimeleg skeptiske, men dei er fine dyr og verka ikkje så agressive, så vi slappa meir av etterkvart. 

Ein babyspekkhoggar for forbi fleire gonger. Det same gjorde eit par digre slubbertar. Vi nærma oss Fiskøya og brått vart det SPEKKHOGGARBONANZA!!! Alle smågruppene samla seg, og vi var omringa av ca 30 dyr som susa rundt oss. Kult og bittelitt heftig. Vi var i superposisjon og fekk meir inntrykk enn eg kunne handtere. Etter dette skulle vi i grunn gje oss, og padla mot bilen, Då kom heile flokken ein gong til, og svømte forbi/parallelt og delvis saman med oss over heile fjorden. Ein av spekkhoggerane gjorde fleire byks rett framom oss, og var heilt ute av vatnet. Utruleg generøst å gjere det ca 50 meter framom padleretninga vår. Eg vart litt meir usikker av å ha den same spekkhoggaren i sidesynet, ca 10 meter unna kajakken i ca 500 meter...

Kunne det verte betre? Det låg nokre båtar her og, det var folk som hoia på oss. Vi er no ikkje vrange, og la oss inntil sida på båten. Berre blide karar ombord og dei spanderte kaffi midtfjords. Beste kaffikoppen på lenge sjølv om det er ein smule utfordrande med kaffidrikking og støttetak. 

No kom det masse knølkval, og vi måtte berre sige etter - fekk med oss diverse halefinnemanøver og padla ut fjorden ein gong til. Dei er så utruleg elegante når dei rullar avgarde og sler halen i veret. 
det vart dørgande stilt kring klokka eit og då gav vi oss. 

Spekkhoggar på veg mot oss

Så spruten står, fjorden er full av kval (Foto: Kristin)

Meir spekkhoggar (Foto: Kristin)

Kristin i Skim differ og bak der er det eg trur er fjellet "Store blåmann". 

Kaldfjorden - ca 10 km padling og kongedag med kval!

Kajakktesting: Denne dagen hadde eg P&H Scorpio LV. Grei og stødig lavvolumkajakk. Ikkje spesielt rask eller lettpadla, men det går fint i roleg turtempo. Stødig som eit fjell, noko som er meir enn heilt greit på kvalpadling. 

I bilen tilbake var det sukking og ai-ing. Det hadde vore ein bra dag! Treng ikkje djupara samtalar då. AAAhhhh. Aiaiaiaia. Det held lenge. 

Etter mykje om og men fekk eg skyssa Kristin til flyplassen. På andre forsøk fekk ho med seg bagasjen og. Då var eg klar for besøk hos Alfa fritid. Butikken var open, og det er første gong eg har vore i Tromsø at det klaffa. Alle padleinteresserte bør ta ein tur innom - flott butikk og godt utval i padleutstyr og kajakkar. Folk med peiling på alle sider av disken, i alle fall denne kvelden. Meir kjentfolk, kaffimaskin. Det vart ein heilaften, med gode kajakkdiskusjonar, prøvesitting av kajakk og eg enda med å få meg med ein Skim Distance til testing i helga.  

tirsdag 18. november 2014

Runde på Runde

16.11 Søndag og søndagstur. Sygni hadde gjeve klar beskjed: Sulesund 08.00. I ein fantastisk soloppgang køyrde vi utover mot Runde. Må liksom ha oss ein tur hit ut kvart år.

Morgonstund har gull i munn.. (etterkvart)

Sunnmørsalpane i skarp kontrast til rosa himmel der inne. Vi skulle nytte dagen her ute. Ytst ute. 

Utanom oss var våre nye landsmenn på plass for å sikre seg søndagsmiddagen.

Stake. Morosamt? Ikkje mykje futt i sjøen i dag - perfekt for Runde. 

Mildrid fortalte om Artisanforliset (rett vest for staken ovanfor) og korleis dei under dykking kunne høyre dønningen filleriste stålplatene på botnen i årevis etter. 

Litt hav og litt elv

Rå klipper og steinformasjonar, og på stille dagar kan ein padle innimellom

Stort landskap. Rått landskap. 

Runde sitt svar på "Mannen"?



Dønning i grottene - dumpe drønn og mykje lyd då bølgene slo innover grotta.

Det er så utruleg kult å berre vere her ute.

Dei store grottene låg meir skjerma i dag.

Jammen vart det grottepadling på oss! Tendensar til surf både på bølgene inn og ut att av grotta. 

Katedralen. Kva passar betre på ein søndags føremiddag? 
(Sjekk padlaren for dimensjonar..)

Runde er fuglefjell, og freda om sommaren. Det var minst like kjekt å padle utan fugl i fjellet. Meir fredeleg. Oter, ørn og nise var observert. Då vi ønska oss kval var det i grunn ikkje ei einsleg nise vi såg føre oss, men kval er kval. 

Snirkling og sightseeing tek på. Eg var skrubbsvolten og rimeleg glad då vi såg fyret. Det er nesten obligatorisk med lunsj der. Runde fyr er DNT hytte og vi såg det var folk der. Då vi kom opp i tunet var det noko merkeleg kjent... og jammen var det "Mor og Lillemann" (og mormor)! Eg har ikkje møtt dei før, men har lest bloggen hennar ei stund. Artig at folk ikkje berre finst på internettet, men også dukkar opp til dømes på Runde. Veldig artig.

Dagens teambilde! 
Så blide er vi når det både er bra padling og mat i magen!

Runde fyr sett frå aust

Eg har tidlegare stempla nordsida av Runde som keisam. Unnskyld. Med passeleg stor dønning og leikne karar på laget var vi innom det meste på veg rundt. Her er det store jettegryter og mykje snacks, sjølv om det kanskje er litt mindre spektakulært enn sørsida.

Vi runda siste neset med perfekt timing for å få med oss solnedgangen på siste kilometeren. Ingen hadde det travelt, så vi sosa avgarde og let lyset og magien synke inn. Ein ung jypling av ein havert heldt på å døy av nyfikenheit, og var oppunder alle kajakkene våre, Framom, bakom, to meter unna, prusta og bles, sniffa og dykka. Om att og om att. Det er spesielt å få dei så nær og at dei er så uredde. 

Perfekt avrunding av padlesøndagen

Padlar i solnedgang

Jepp. Bra dag. Høg på Runde. Gliset let seg ikkje styre og går nesten heilt rundt.

Siste krampe: Novemberrulla. Ei. Det held det.

Før og etter lunsj.
 Til saman 18 km med omlag så mykje snirkling som det er råd å få til. 

Takk for turen! Kjempesøndag!!