mandag 10. november 2014

Bergehornet (1024 moh)

08.11 Fridag og brukbart ver. Det må nyttast! Bergehornet stod på ønskelista til begge to, så vi for til Vartdal. Etter litt om og men fann vi den rette grusvegen og starta ved Fosshola.

Kraftverk og vassforsyning. Nyttig infrastruktur og ofte gode startpunkt for tur.

Turen starta med røyrgata opp. Effektive høgdemeter, men veldig grei sti.

Røyrgate opp gjev puls og raske høgdemeter.

Ikkje inngrepsfritt, men likevel ein flott dal. 

Bergehornet i all si prakt. 

Her kunne vi ha gått ryggen til høgre rett opp. Plan A var likevel å gå inn dalen og komme heile ryggen ut frå venstre.  

Fin dal og eit spennande fjell der inne og. 
Eg vart litt desorientert, men det måtte vere Raudetindane, som vi hadde tenkt å få med oss på vegen.

Ut dalen: Store Risaskarvatnet og Breidfjellet.

OIOIOI, kva er det som dukkar opp her? 
Kongen av Sunnmørsalpane, Kolåstind, flott frå denne vinkelen og. 

Det var frisk vind, og vi fann oss ei grop for lunsjing før den siste ryggen. Der hadde vi fin utsikt til ein sprek kar som gjekk opp på ryggen på plass vi ikkje hadde tenkt på.

Vi gjekk ryggen til venstre opp mot Raudetindane

Det friskna til, og i nokre av kasta var det berre så vidt vi greide å halde oss på føtene. Vi hadde lyst opp å sjå, men var opne for å snu. Fleire gonger måtte vi berre sette oss ned og vente til vindrossene gav seg. Du veit at det bles når det blafrar i augelokka... 

Synnøve på toppen! 
(det var IKKJE aktuelt å stå her oppe, men vind viser så dårleg på bilde)
Ryggen på Grøthornet bak Synnøve. Vi hadde ein plan om å kanskje ta med oss den og, men det utgjekk i slik vind. Den ryggen såg kjempekul ut, så ein dag til sommaren skal vi tilbake hit. 

Vatn 761, Grøsfortinden og Flåskjerdalen. Vartdalsfjorden. 

Sjølvaste Raudetinden? Flott varde på ca 950 moh. Bergehornet bak.

Planen var å gå ryggen vidare til Bergehornet. Første del ned frå Raudetinden var bratt. Heilt overkommeleg på ein fin sommardag. MEN ingen av oss hadde lyst til å gå ned der med sterke vindkast. - Vi har no nådd ein topp i dag? - Ja, vi snur. Vi kan no evnt gå ryggen på nordsida opp på Bergehornet? - Ja, eller der han fyren gjekk opp. - Eller rett i bilen. Vi har no ein topp. Einige om at det allereie hadde vore ein bra dag snudde vi. 

Flott alpin utsikt innover Sunnmøre!

Nede i lia vart vi einige om å gjere eit forsøk på å gå rundt, og ta oss opp på ryggen etter dei kritiske punkta. Det var jo her han sprekingen jogga opp medan vi åt lunsj. Sjølv om det er mektig irriterande å gå "dei same" høgdemetrane to gonger. 

Stø kurs: opp graset på lågaste punktet til høgre for "miniknatten". Fin utsikt opp på toppen til venstre der vi nett hadde vore. 

Det gjekk brillefint, og snart var vi oppe på brei rygg og trygg grunn. Stien gjekk delevis i le-sida.

Tilbake mot Raudetinden, og ryggen vi ikkje ville gå i dag.

Flott tur frå Raudetinden over mot Bergehornet (Foto: Synnøve). 

Ryggen mot Bergehornet og Ålebyen i det fjerne

Liahornet og Eiksund

Stor glede og lette skritt mot målet. Det er ekstra kjekt å nå målet når ein har spekulert på å snu. 

Synnøve på Bergehornet (1025 moh) 

Rett ned til Vartdal. 

Det var ikkje dagen for den lange pausen på toppen. No bar det strake vegen ned ryggen (bilde nr 4), som var kjempebratt, men heilt grei å gå. Deretter rett ned røyrgata til bilen. Sure lår og blide fjes!

Runden var "berre" 8.5 km i luftlinje. det kjentes lenger ut. Vi brukte 4,5 time (inkl. eit kvarter matpause). Ca 1100 høgdemeter.

Turbeskrivelse i boka "Turbok for Ålesund og omegn"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar