mandag 29. juni 2015

Standalhytta - i hjartet av Sunnmørsalpane

26.-28 juni. 40-årslag på Standalhytta i juni verka som ein god ide. Familien kom frå heile Sør-Norge og det vart ei fantastisk helg på alle måtar. Rekordmykje snø sette ein effektiv stoppar for toppturplanane. Til gjengjeld fekk vi full sommar, shortsver og utsikt til snødekte taggetoppar heile helga.

This weekend I  was celebrating my birthday at Standalhytta in the middle of the alps of Sunnmøre. There is a great view to the mountains from the cabin. The summer finaly got here, it was sunny and warm and we were enjoying the bright summer nights. We had a lot of fun. The snow was still deep above 800-900 masl, so we went for hikes in the valleys. 

Standalhytta og Fingeren (1180 moh)

Standalhytta er basen til Aalesunds Skiklub og ligg flott til omkransa av ville Sunnmørsfjell. Her treng ein ikkje lenger enn på verandaen for å kjenne seg i alpeland. 

Utsikta frå verandaen. 
Veggen på Heimste Kopphornet (1159 moh). Bakerst: Grøtdalstindane (1331 moh) 

Laurdagen delte vi oss i mindre grupper, og la i veg i ulike retningar. Nokre for på blomejakt, andre råna i Ørsta og åt soft-is (do as the locals), ein gjeng la i veg innover dalen mot Appelsinhaugen og eg gjekk med Tornesgjengen i Fladalen. 

Ut på tur

Store-Standal og Hjørundfjorden

Blålyng

Ville fossar med iskaldt smeltevatn rann i alle sider. Det var overraskande tørt i marka og ein million floger. 

Snøfelt og bekkar måtte kryssast. Utsikt over mot Nøvedalen. Dalegubben (1344 moh) til høgre og Nonshornet (1305 moh) til venstre for dalen

Søre Snarhornet (1158 moh) med tilhøyrande herlegheiter

Vi gjekk nesten opp til Fladalsvatnet 754  moh. Skulle ein høgare var det i grunn skiføre.

Fladalen

Slogen kneisar baki der

Teambilde

Kolåstind (1432) som har gjeve namn til heile halvøya. 

På Standaleidet er det både gamle stølar og moderne alpelandsbyar

Vi må fleire turar hit! 

2 kommentarer:

  1. Happy Birthday! What a beautiful place to celebrate.

    SvarSlett
    Svar
    1. Thank you! We were lucky to get sunny and bright days here.

      Slett