fredag 31. juli 2015

Padleparadiset

30.07 Ei herleg padleøkt. I padleparadiset. Rett utanfor vår eiga stovedør

Kart over ei snasen kveldsøkt utanfor Vigra. 

10 km. Mange brott. Så kjekt at det ikkje vart teke eit einaste bilde. 

Valderøya spesial! Julitrebrenning og grottevandring

28.07 Eg har eigentleg hatt lyst på ein fjelltur lenge. Denne dagen var nok ein halvdårleg fjelldag. Fjella låg med skyar langt ned i sidene. Eg vil ha utsikt! Det er mogleg det vart mulla om både drittdag og drittsommar til frukost. Eg hadde lagt ut "åte" til Kristin og May-Elin om ein "Valderøy spesial" og heldigvis ville dei ta turen.

Vi starta med grottene. Skjonghellaren er flott og gutane var ivrige og lette på foten.

Fantastisk motiv - kvar gong!!

Inst i Skjonghellaren

Tagginga har eg kritisert før, og gjestane var einige med meg. Det kan då ikkje vere naudsynt å sette namnet sitt overalt? 

Gutane ville ha meir. - Er det ikkje fleire holer? Det er det sjølvsagt, så då sette vi kursen mot Trollkjelen. Eg har ikkje vore ned i den før. 

Gutane var først ned, med innstillinga: - Vi klarar alt, vi! Høglydt deklamert på klingande bergensk. Betryggande. 

Damene etter...(Foto: Kristin BB)

Det var godt å komme ut i varmen att. Ute hos oss var det sol og fint om skodda hang i fjella. No var vi holsvoltne, og eg hadde lova grilling. På veg ned måtte vi berre lengdehoppe litt på idrettsbana først, så var det stranda. 

Juletreet mitt har tørka på verandaen ei stund, og eg hadde surra det på kajakkstativet på bilen.  -Skal vi verkeleg grille det der??? Store guteauge. Eg forklarte overgangen frå juletre til julitre, og kor viktig det er at desse kjem til nytte og vert ofra på skikkeleg vis til for eksempel ein dose kokkaffi. 

Julitreet kjem til nytte!

Moreller, kaffi, pølse, bollar, sol, bading, meir bading, badepakt. Det vart ein herleg sommardag! Feriestemning så det held. 

Nikita fann seg ein plass i ro og fred.  (Foto: Kristin BB)

Takk for besøket! Kjekk dag for store og små. 
Giske har mykje å by på når det gjeld å finne på ting på tvers av aldersgrupper og interesser. 

mandag 27. juli 2015

Sommar på Sandsøya

25.07. Dette innlegget kunne og ha heitt "Drit i Dollsteinhola", som du snart skal få høyre meir om.
Vi landa på havet. Hårfint. Det var like før det vart fjellet. Det er herleg å bu på Sunnmøre og ha slike luksusval!

Therese på bølgjan blå

Vi la ut frå Hallebygda og hadde motvind utover. Nok til å jobbe litt. Då vi kom til Voksa fekk vi motstraum med. På Skare var vi holsvoltne av all jobbinga og måtte ta lunsjpause i lag med fisketuristane der. Flott hytte/båt/fiskeanlegg! Trivelege NORSKE fisketuristar var der og. 

Sande

Vi braut oss laus frå solveggen og starta på motvinden att. Vi trudde vi skulle heilt ut til Dollsteinen, men då vi runda neset såg vi ei stor grotte i fjellet. Det MÅ no vere den der? Vi var berre glade for å padle kortare enn vi hadde trudd  i motvinden og dura på. 

På stø kurs mot "Dollsteinhola"

Uklar skilting? 

Eg tykte det var merkeleg at dei hadde skilta med andre namn enn Dollsteinhola. Det er no det namnet folk kjenner. Vi hadde buksert kajakkane i land og kledd på oss fjellsko og regnklede (ironisk, på den finaste dagen som har vore i juli..). Dollsteinhola er kjent for å vere mørk og sleip og vi var budd på det. 

Purpurlyng (Erika Cinerea)

Storegjøtten var flott - litt katedralaktig og slett ikkje så våt. Det var berre det at det stemte ikkje med skildringa av Dollsteinhola i det heile..

Husverten i Storegjøtten (Buttsnutefrosk, Rana temporaria)


Lisjegjøtten hadde både fin utsikt og innsikt. 

Vi la hovuda i hop og googla litt. Dollsteinhola må vere ein anna plass. Det var merka sti vidare utover mot Dollsteinen, og vi såg på kvarandre. -Går vi? Jepp.  

Merka sti i ulendt terreng utover mot Dollsteinen (227 moh)

Vi passerte eit utal skilt med stadnamn. Fantasifulle og skildrane. Grytevika og Flatmagevika. Heitt i bakkane. Sveitten rann i regnbuksa. Langt om lenge kom vi til eit skilt med Dollsteinhola!

På rett veg! Utanfor hola kjendes det ut som Afrika. Det var minst 30 grader i solveggen, tørr sand, lukt av dyr og vi kasta skarpe skuggar. 

Velkomstkomiteen. Litt spooky å gå frå steikande sol og inn i eit svart hol. 

Det var bratt nedoverbakke. Sanda var tørr i starten, men etter nokre meter vart det meir fuktig. Nokon hadde lagt ut eit tau med knutar, som var skikkeleg gjørmete og ekkelt, men det var naudsynt å halde seg i for å ikkje rause ned bakken. Auga brukte ei stund på venne seg på mørkret, og vi vart litt blenda av kvarandre sine lykter.

Likfunn

Det første vi gjekk oss på var eit dyrelik. Vi kjenner både folk som har vore uheldige, falt og måtte reddast ut av hola og redningsmannskapet, og det var ikkje vanskeleg å førestille seg hendinga. 

Det vart meir og meir grisete nedover. Sleipare, gjørma vart djupare og det lukta surt og muggent. Det var vanskeleg å fote seg, alt var glatt og ekkelt å ta på. 

Delvis trangt innover

Fjellhall med skribleri på holeveggane

Vi kom til eit punkt der vi måtte klyve opp ein stor loddrett stein og henge i eit tau. Eg trur vi hadde komme oss opp, men eg hadde ikkje lyst ned der på returen. Glapp ein taket var det rett ned eit par meter i ura. Vi droppa difor dei siste metrane. Eventyrlysten? Ja. Heilt utan HMS? Nei. 
  
UTE! 

Fridom! Det var heilt fantastisk å komme ut i lyset att. Eg kan ikkje hugse sist eg kjende meg så ekkel.. Gjørme over alt! Vi måtte riste av oss "dritkjensla" og gjekk heilt ut på Steinstangen. 

Steinstangen - verbitte berg og flott utsikt nordover til Skorpa og Runde

Sørover - Kvamsøya og Stadlandet bak

I vest - Svinøy. Det ligg der som eit Soria Moria og lokkar og tergar. - Men ikkje i dag! Det var vi skjønt einige om med frisk bris og kulingkast. 

Badesesongen -15 offisielt opna!

Sjølv om det var kveld var det deileg å soltørke på berga. I livd for vinden var det framleis varme i sola. Kvifor har vi ikkje med grill? Telt? Neste år - då skal vi drive meir dank! Det siste valet for dagen var stilongs eller tørrbukse innatt. Det vart stilongs, og eg la inn aksjar om mogleg påkledningsstopp før siste kryssinga. Då kjem det tørt frå Therese: Om forholda er slik at at du vil ha på deg tørrdrakt så vil eg sannsynligvis ta ferga...

Fin padling i solnedgang og med vindrosser frå alle kantar heim att. Inga ferge og ikkje drakt. 

Sandsøya har mykje å by på, og her går det an å vere turist lenge! Neste gong skal vi på topptur, eller Sandsøya på langs og helst telte enten her eller i Hellandshamna. Eit godt råd om du vil ha det: Dra til Sandsøya - drit i Dollsteinhola. 

Takk for ein flott dag i havet Therese! Slike gjev overskot!

Kart over PADLEstrekket på turen.
 I tillegg 2 km gåing t/r Dollsteinhola

Padletid: 3 timar 30 minutt - snittfart 5,6 km/t. Totalt 19,6 km

søndag 26. juli 2015

Lekkert på Lesten

23. juli. Padling? Torsdag? Godøya? Det er vindretningane som avgjer kvar vi fer, og på vestaver er det sjeldan feil med Godøya. Det var ikkje særleg surf på stranda, så vi for utover mot Lestaskjeret. Regnbyger på indre, lysshow ute hos oss, snirkling og fine rørsler på sjøen. Leik og tur. God blanding. Det er så ubeskriveleg kjekt å vere på sjøen slike dagar. Då vi kom inn på stranda att var det fine surfebølgjer og solnedgang. Magisk!

På flo kjem vi gjennom her

Ved Lestaskjeret

Det skal vere gull i enden av regnbogen. Gullgutar då kanskje? 

!!!


Blåtimen

Siste surf... for dagen

Heimveg i solnedgangen

Sommaren vert klart betre med tørrdrakt!

(12 km padling + leik og moro )

fredag 24. juli 2015

Hjørundfjorden og Skåranakken (609 moh)

22.juli Testtur med Vestferd! Vi var på jakt etter ein eigna tur for grupper som inneheld padling, fottur, utsikt og som er fin på dagar då dei høgaste toppane ligg i skodda. Med start på Sæbø og kurs mot Skår og Skåranakken hadde vi trua. 

Hjørundfjorden. Brureferd?

Sol og regn på ein gong!

"Regnskogen" hang heilt i fjorden, og baud på "undergrunnspadling. 

Det hoppa fisk rundt oss og lyset skifta minutt for minutt. 

Mildrid

Skår og Skåranakken rett fram

Det er faktisk litt fint med fjordpadling og! 

Lunsj med kaffibål og SÅ vi er klar for fjellsko og tur

Fin sti oppover Skåradalen! God lukt av våt lyng. Flott utsikt med ein gong!

Fjordkrysset - Leknes rett fram

Små detaljar og store landskap

Sjarmerande på Skårasætra

Ut Hjørundfjorden

 
Inn i stort fjellandskap etter sætra. No skulle ikkje vi på desse alpine toppane i dag, men her er det potensiale både for lange, bratte og overgangsturar

Stålberghornet til venste, Blåhornet i midten og Jakta i skodda. 

Skåranakken 609 moh. Lekker 180 graders fjordutsikt! 

Teambilde! 

Dagens JUMP

Nedturen gjekk greit, sjølv om det var sleipt. Vi slo av ein hyggeleg prat med han som bur på Skår. Han sleit med å få gjort siloslåtten mellom bygene, og kunne fortelje oss litt av kvart om stier og bruer i området. 

Frå toppen såg vi fjorden gå kvit. Det hadde roa seg litt, men vi fekk krappe surfbare fjordbølgjer rett bakfrå. JIIIHAAA! Greit å ikkje tvinge ei nybegynnargruppe ut i dette, men det var skikkeleg artig padling på returen. Fine surfar ut fjorden. Det skiftar fort!

Mildrid klar for surf!

Oppsummert: Dette er ein variert og innhaldsrik tur som byr på mykje sjølv på ein grå dag! Ikkje tyngre enn at dei aller fleste kan vere med, men nok tur til at ein får brukt seg. Eg går han gjerne opp att. Vi måtte sjølvsagt evaluere kring kjøkenbordet til Therese med presskannekaffi og sjokolade. Finfin dag i ypparleg selskap! 

Kart over ruta

Padling: 5 km kvar veg.
Fottur: 7,3 km totalt, 600 høgdemeter

Vi brukte 50 minutt på å padle innover (medstraum, snittfart 5,7 km/t), 
Fotturen tok 3 timar og 42 minutt på fotturen, av det var 2 timar og 20 minutt i bevegelse. (3,02 km/t i snitt) 
GPS'en sa takk for i dag før surfeøkta, men det gjekk så det suste!