fredag 30. oktober 2015

Kongstindan - Svolvær

27.10 Det har vore mykje jobbaktivitetar i nord om dagane, og denne gongen hadde vi drege med turkleda i tillegg. Vi var spente på kor mykje snø og kor lenge det var lyst. Turtips i fleng og fleire moglege ruter. Vi valde stien mot Kongstindan denne gongen.

A short trip to Svolvær, but we still managed a hike towards the mountain Kongstindan. Magical light and sunset behind Vågakallen mountain. I'm really looking forward to stay in this area next year!

Utsikt bort på Fløya og Svolværgeita

"Dramalandskap" mot Kabelvåg

Litt snø, litt glatt og magisk lys. Det var greit å finne stien oppover og kjekt å gå på nye trakk. 

"Mirror lake"

Sommerfuggel i vinterland?

Mot Store Kongstinden (552 moh)

Solnedgang bak Vågakallen
 
Solnedgang og "rosatime" då vi labba gjennom Svolværbyen tilbake til hotellet

Erobringa - Lille Kongstinden ca 400 moh

Her er det berre å ta for seg av turstiar - eg gler meg til å utforske fleire! Takk for turen! #verdasbestekollegaer

mandag 19. oktober 2015

Forsøk nr 2 på Åvasstinden...


18.10 Skodda hang i fjella frå morgonen, men det var lova sol og ein kunne skimte blå glimt innimellom. Kjentfolk på ferga og god stemning. Fine oktobersøndagar er bonus.

My second attempt to reach Åvasstinden. The sun was not strong enough to melt the fog away, so we ended at the northern part of Romedalstraversen. It turned out to be a warm and colourful october Sunday. There were still sweet blueberries to find in the hills. Great views in between the fog. We'll come back for hiking at the traverse and Åvasstinden later.  

 
Start. Ruta går mellom Kuvane, over store Kuven og vidare bort til ryggen på Åvasstinden. 
Toppen låg i skodda, men eg var optimistisk på at sola ville ta tak utover dagen.

Stien opp til Ørstaskaret går på venstre side av "juvet". Om ein skal til Åvasstinden skal ein krysse over oppi bakkane. Det er greit å krysse fleire stader og lettare å gå oppover enn det ser ut på bildet. 

Haustfargar - og framleis mengder av gode blåbær!

Vi gjekk i trøyeermane oppover bakkane. Det var heilt vindstille og varmt og godt, Oppe på ryggen på omlag 900 moh tok vi lunsj. Skodda letta IKKJE og vi måtte bestemme oss for vidare ferd. 

Toppen heldt seg godt innpakka

Lunsjutsikta til nordre del av Romedalstraversen. Det freista meir å vandre langs ryggen der enn å gå vidare opp i skodda. 

Første "topp" på ryggen (markert formasjon i terrenget, men ikkje på kartet).  

Egga var akkurat brei nok til at det var kjekt å gå der. Det var stupbratte sva på austsida ned mot Romedalen

Målet for dagen - Plan B

Vi trudde dette var topp to på ryggen og "Høgehornet" (men det er høgde 968 altså..) 

Oppe på toppen såg vi over til Romedalstinden! For eit skue! Den hang i lause lufta i skodda, og det var heilt magisk

Romedalstinden

Traversen vidare sørover. 
Skodda kom og gjekk, og vi gjekk ikkje viare. Dei neste 500 emtrane og eit par tre knattar vidare var heilt innafor. På eit eller anna punkt vert traversen klyvete, men det går an å gå lenger enn vi gjekk i dag. 

Romedalen og Romedalstinden. lekkert. Vi måtte sitte her oppe og nyte oktobersol, haustfargar og alpine toppar i skodda,

Spennande geologi i Langedalen. Er dei runde knattane i dalbotnen rasvollar eller "pingoar"?

Sjå! - vi ropar i kor. 
Det einaste glimtet av Åvasstinden som vi får denne dagen. - Den ser no heilt uangripeleg ut, seier Synnøve. Eg rekk ikkje svare før ho held fram med at ...vi må no gjere eit nytt forsøk på den der ja. 

På heimveg. 
Vi ser stølen i dalen, ryggen på Klovetinden og Ålebyen bakerst 

I Ørstaskaret låg det snø.
Dette er ein gammal ferdselsveg mellom Vartdal og Ørsta, og ein artig overgang mellom dalane. 

"Bomullsdammen" i Ørstaskaret

Toppen for dagen. Ser bra ut nedenfrå og. 

Oppsummert: Super søndagstur. Vi kom oss på ein topp, fekk løyst svetten i motbakkane og hadde eit WOW-moment då Romedalstinden steig ut av skodda. Litt nedtur at det var ein namnlaus sak vi "erobra", men både Åvasstind og Romedalstraversen ligg der til seinare og. 


Ruta

mandag 5. oktober 2015

Middagshornet (1091 moh)

20.09 Besøk og ny topp! Det er mange Middagshorn på Sunnmøre, men dette har eg "rett i fleisen" frå Ålebyen, og ein gå frå Barstadvika eller Nordre- Vartdal. Vi starta på Vartdalssætra (Høgebakken) og det såg ut til å verte ein strålande haustdag.

Å, for ein strålande morgon!

Middagshornet kneisar bak der.

I siget!

Romedalstinden

Stien forsvann for oss etterkvart, men vi såg kvar vi skulle. Haustfargane var i emning og sola varma. Skodda leika med toppane

Finaste fargane!

Eg hadde gledd meg vilt til utsikta frå ryggen, men skodda innhenta oss. Det var heilt vindstille og trykkande. 

Ryggen mot toppen

Eg prøvde meg på at: -Det er no ikkje så nøye med toppen, vi kan berre snu når vi ikkje ser ein dritt. Gamle toppturtakter var vekt til live og jentene hadde fått los. Så det var ikkje mykje interesse for å snu, nei!

Hege mot toppen

Vått og vakkert i skodda

Glimt av alpint landskap

Ny tusenmeterstopp! JUHUU!!

Eit glimt av ryggen vi hadde gått opp - og i dag vart det same vegen ned. 

Det vart heilt grått før vi kom oss ned til bilen.  Eg var overraska over god god stien var heile vegen på ryggen, det var lett å gå. Sjølv utan panoramautsikt til Molladalen så var det ein skikkeleg fin tur! - Manglande utsikt betyr faktisk berre at gjestane må komme att på besøk! Nytt forsøk og betre utsikt neste gong. 

Takk for turen og ei kjempekjekk helg! 
#turistieigefylke

fredag 2. oktober 2015

Seinsommarkveld i Svolvær

26.08 To dagar med møte i Kabelvåg og ein HEIL KVELD i Svolvær har stort potensial. Sommaren tok sine siste krampetrekningar i nord desse dagane, og det var berre å nyte! Eg har ikkje gått på tur i området før, så det var ikkje noko tvil om planen for kvelden. Stien forbi Geita og Frosken opp til Fløya (590 moh) skulle testast.

Ved foten av Svolværgeita startar stien rett bak ein barnehage. Stien er godt merka oppover. Det startar bratt over storstein og sva gjennom bjørkeskogen.

Geita (325 moh) ruvar over startpunktet 

Det var alt for varmt å gå i bukse og tynn genser oppover, men det var det eg hadde. Kofferten let nemleg vente på seg. Det var over 20 grader og vindstille. Eg gjekk forbi Geita og vidare innover. Det var mykje folk ute, og praten gjekk på mange språk i bakkane. 
  
Frosken

Neste landemerke var Frosken. Lett å sjå kvar det namnet kjem i frå. Stien gjekk rett oppover mot Fløya, så eg bestemte meg for å fare innom Frosken på heimveg.   

Seinsommarkveld i Lofoten

Oppe på bandet bikka eg kanten og fekk luft, høgdekjensle og utsikt rett i fleisen. Øyene Stormolla, Litlmolla og Skrova, hav og fastlandskysten i disen bakerst. 

Litlmolla midt i mot

Korleis angripe dette? Eg bestemte meg for å gå bandet sørover og sjå ned på Geita først. Ryggen var grei, men heilt ute på kanten fekk eg litt skjelven, så akkurat DEN utsikta får vere til seinare. 

Ryggen sørover. Ganske luftig ytst ute der. 

Bokstaveleg talt downtown Svolvær

Tilbake mot Fløya (til høgre). Etterpå tok eg ryggen ned mot Frosken (til venstre).

Eg var rimeleg spent på om eg kom meg opp på Fløya. Litt klyving var det, men ikkje så luftig som frykta. Eg hadde fokus på HMS framom stil, og var rimeleg glad for at det ikkje var mykje folk som såg meg krabbe opp etter svaa mot toppen. 

Fløya!!! YEAH!! Eg kom meg opp!!!

Panorama frå toppen

 
Mot Raftsundet og Øksfjorden 

Fjellheimen nordover på Austvågøya 

Solnedgang-ish vestover. Magisk lys. 

Stien var ei rundløype og eg gjekk ned ein ny rygg. Lag på lag - Frosken lag to og midt på bildet

Eg runda ein knaus og såg rett ut i ingenting. Det vil seie, det var eit par karar som dreiv å oppdaterte profilbilda sine med vågestykke på "Djevelporten". Eg let meg imponere, og fekk tilbod om ei stødig hand om eg ville utpå. Det var eit godt tilbod, men eg let meg ikkje lokke. Eg hadde allereie kjent på høgdekjensla denne kvelden. 

Djevelporten

Det ser ut til å verte ein vane å slå følge med kjekke karar på heimveg. Praten gjekk om laust og fast, det var minst like bratt ned som opp og svetten rann. Vi spekulerte i tropenatt, noko drosjesjåføren stadfesta dagen etter.   

Seinsommarkveld i Svolvær 
- rett "heim" til Scandic Svolvær etter ein fantastisk runde på fjellet. 

Gjekk frå hotellet ca 17.30 - kom tilbake 21.45. Då med gode pausar til å ta bilde og oie meg over den fine utsikta.