torsdag 19. november 2015

Gåsvær - forsøk på kvalpadling 2015

14.11 Det er alltid ei utfordring å finne ut KVAR ein skal dra for finne kval. Vi myldra litt. Lenger nord hadde vi trua på, og eg likar generelt å fare på nye plassar. Jarle kom med eit godt framlegg. Når plassen i tillegg har rykte på seg for å vere ein skikkeleg idyll, og verd eit besøk i seg sjølv, kval eller ikkje kval, var valet lett. Sygni var og nøgd då ho såg at vi skulle legge ut frå KVALøyvågen, ut i KVALsundet, forbi VALneset. Vi sette kursen mot Gåsvær.

Kvalsundet!

Vi hadde så trua. Det hadde halve Troms og. Fleire "kvalskuter" med turistar, tre rib-båtar og 6 stk stormgjengarar i kajakk for utover omlag samstundes med oss. 

HAVpadlarar mot Risøya

Det var ein nydeleg dag. Stor natur. Kvalen såg vi ikkje snurten av. Heilt ute ved Gåsvær såg vi ein flokk spekkhoggarar. Småbåtane omringa flokken, og dei var langt unna, så vi gav oss på det. I mangel på kval vart det turist-dag på Gåsvær. 

Første glimt av husa på Gåsvær, med Vengsøytraversen i blåkvitt bak der. 

Kajakk og kar med fartspotensial!

Nokon hadde henta litt meir utstyr heime, men i naturhavna på Gåsvær vart vi samla flokk att. Nett då vi hadde drege av oss alle tørrdraktene seig det to knølkvalar forbi rett på utsida av sandstranda. OÆÆÆÆ - skal - skal ikkje? Det vart landgang på oss. 

På veg over øya

Kyrkja på Gåsvær (kapell - bygd i 1941 på dugnad)

Frå haugen og innover Gåsvær - kyrkje, kyrkjegard og gard. 

Det har budd folk her frå midt på 1700-talet til no nyleg. Kval har det vore før og skal ein tru justisprotokollen frå 1760:  Efter at der inden Retten af Fogden blev efterspurt om her i Tinglavet er funden Vrag og driv hval blev svaret: at intet Vrag er funden, men i afvigte vinter er paa Havet af Thomes Lars Gaasvær og hans med skibbere er funden en liden Hvalunge paa Havet, som de roede til landet; samme blev siden bortsolt til den høyst bydende, som var Søren Hans Selnes, for 10 rd, og bekom finderne deraf først deres findings Spæk tvende Faune fire skaaren. flere Hvale er ikke funden.

Idyll
 
Dei to kvalane vi hadde sett forsvann mot vest i lag med ein konvoi av småbåtar. 12 båtar på 2 kval. 

Uforskamma blide til å sjå så lite kval. 


Vi trøysta oss med bål og sjokolade i strandkanten.
Livet er ikke det værste man har og om lidt er kaffen klar


På heimveg i blåtimen. Spekkhoggarar på vandring saman med oss. 

Vi møtte ein svart einsleg padlar på vegen heim. Det var kjentfolk og veldig artig! Verda er jammen ikkje stor. Vel inne ved bilane og i stummande mørke tok vi ein dukkert i 7 kalde grader. Dukkert og dukert. Tre lynkjappe symjetak vart det i alle fall. Novemberbadet gjennomført! Ein ny herleg dag i godt lag. Om det kan kallast kvalpadling er eg ikkje like sikker på. 

18 km padling,  3 timar og 50 minutt på sjøen. 
Kristin har kontroll på loggen! Takk skal du ha! :) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar