tirsdag 20. desember 2016

Distansemerke 2016

Norges Padleforbund har eit distansemerke: Bronse: 400 km , Sølv: 800 km, Gull: 1200 km
Dette er krava for dame og herre senior, når det gjeld kajakk og må padlast i løpet av eit kalenderår.

Eg fekk bronsemerket i 2011, og har ikkje klart dei andre merka enda.


Min padlehistorikk samla år for år (årstal klikkbar link):
2010 - 172 km fordelt på 12 turar + teknikkurs
2011 - 535 km fordelt på 25 turar inkl. ASKR
2012 - 470 km fordelt på 25 turar + aktivitetsleiarkurs
2013 - 567 km fordelt på 28 turar + hospitant på aktivitetsleiarkurs
2014 - 590 km fordelt på 42 turar inkl ASKR
2015 - 430 km fordelt på 24 turar
2016 -

I tillegg kjem nokre reine surfeturar på Alnes og reine rulleøkter, både utandørs og om vinteren i basseng.

Min status per 01.12.2016     216 km

Dato              Km            Stad                   Selskap


27.-28.02        22              Delp                   Kristin og Jarle m.fl
02.04                6             Svolvær              LKK, Skrei VM
13.-17. mai     50            Nordkapp            Tromsøgjengen
26.06                6             Henningsvær      Ingrid
01.07               19            Moholmen          Mildrid
02.07               12             Skrova                Kristin og Mildrid
04.07                -              Unstad, surf        Mildrid
06.07                6             Delp                    Kristin og Mildrid
16.08.               10            Ballstad               Merete
19.-21.08         40            Anda fyr             Marian, Stein-Evert
17.-18.09         12            Surfehelg             LKK
12.-13.11         19           Troms                  Kvalpadling
26.-27.11         14            Troms                 Kvalpadling II



Bilde frå padleturar 2016:
Kvalpadling 2016

Henningsvær - juni

Knivskjellodden - mai. Foto: Knut-Magne

VM i Skreifiske Svolvær - april


lørdag 10. desember 2016

Vatterfjordtinden (576 moh)

10.12.16 TILBAKEBLIKK

Desember, adventstid og korte blå dagar i Lofoten. Ikkje skiføre, men heller ikkje barmark. Vi trengte å lufte oss litt, og midtvinteren har og si sjarm. Vatterfjordtinden, eit stykke nord for Svolvær, var målet, og vi rusta oss med stegjarn/broddar og isøks.

Snø oppå - glatt under

Svakt skjær av sol i sør - ei sol som ikkje nådde opp til oss desse dagane

Det vart bratt etterkvart (Foto: Stine)

Litt klyvete eit parti (Foto Stine)

Sjarmøretappa til toppen, med 30 cm nysnø held vi varmen oppover.

Oppe! Foto: Stine

Trikset på vintertur er å vere kjapp i vendinga og få på seg tørt/varmt

Godt skodd!

Stine hadde med seg stjerneskot og laga god stemning! (GoPro)


  

ca 2,5 kilometer i luftlinje og 570 høgdemeter

søndag 27. november 2016

Bonuskvalpadling 2016

26.-27. november 2016 TILBAKEBLIKK
Ingrid og eg hadde oppdrag i Tromsø veka før, og klarte å smette inn bonuskvalpadling i helga. Kristin hadde bergensbesøk av Christin og Stian og saman utforska vi fjordane på Kvaløya. Noko vind og bygever la ein dempar på ambisjonsnivået. Friske dagar utandørs, sosiale kveldar og kval i fleng vart det i løpet av helga.

Spenna klar på vestsida av Grøtfjorden. 
Kvalane var allereie observert frå bilen. 

Vi delte fjorden med nokre fiskebåtar

Spekkis! 

Vi hadde ein gigaspekkhoggar som kom opp rett bak oss og klaska med halen - ellers var det lite action. Mykje finner i horisonten og blåst frå knøl på lang avstand.  

Innover Grøtfjorden

Mot Vengsøya - der såg vi blåst. 
Vi lurte på å padle over, men fleirtalet var ikkje gira på potensiell motvindpadling/sidebølgjer attende. 

Det største dramaet for dagen var tap av baklukelokk og nødteiping i rom sjø. 


Stranda var frosen med klinkis då vi kom tilbake. Det var berre med nød og neppe at vi kom oss opp til vegen att! 

Det hadde vore ein fin dag på sjøen, med ujamne verforhold og berre bittelitt kval. Vi hadde forventningar om meir, og såg fram til neste dag. Standup med Trine Lise og co om kvelden fekk opp humøret. 

Her omlag var vi - totalt 14-16 km?

Dag to starta grått, og vi la ut i Kaldfjorden. Sludd, skymt og surt. Kvalpadling er ikkje for kven som helst. 

Akkurat så grått og uskarpt var det frå morgonen. Vi skulle hatt ei TØNNE kaffi.

Ingrid - fersk kvalpadlar (t.v/øverst) - Bjørn Tore - ringrev og erfaren kvalkjennar (t.h/nederst)
Humøret var det ikkje noko å seie på. 

Etterkvart vart det lysare, vinden stilna og fjorden kokte av kval. Det prusta og blåste på alle kantar med eit svakt ekko frå fjella. Magisk og fantastisk! Kvar enn vi snudde oss var det spekkhoggarar. Det var så mykje liv at det var artig berre å sitte å lytte. Uansett kva retning eg såg så var det blåst rett bak meg samstundes.  

Spekkisar under Blåmann

"Våre" bergensfolk med nærkontakt

Det var både rib-båtar og ein drøss med andre padlarar på fjorden, mellom anna ei stor gruppe frå Bergen (m/ Laila) 

Familieutflukt med store og små

Nokre kom nærare enn andre - flotte dyr! 
  

"Spekkis i solnedgang", 
alternativt "På stø kurs med stigande puls"

Vi låg no der midt i fjorden, og var godt nøgd med dagen. Då såg vi knølblåst langt inne i fjorden. Dei hadde god fart til knøl å vere, og held stø kurs. Beint på oss faktisk. Vi låg i ro, og det var etterkvart inga tvil. Ingrid ville gjerne ligge i flåte, og det rakk vi såvidt før "toget" fossa forbi. Store knølar på kvar side av oss, 10-12 stk! Den siste kom rett mot oss. Nokre meter framom oss såg vi han rett i augo. HERREGUD!!!! DETTE GÅR IKKJE!!!! Heldigvis hadde knølen full kontroll og dukka bratt og kontrollert rett ned før han traff oss. Då halen kom opp kunne vi ha tatt borti han. Sidan hendene var opptekne med å tvihalde seg fast i kajakkane og kvarandre vart det ikkje kvalklapping, men AVSTANDEN var innafor. Det fekk halde med eit lite kvinnehyl denne gongen. Kristin fekk heile seansen på film (sjå link under "filmsnuttar" i høgre kolonne på bloggen).  

Knølane kjem i horisonten

Foto: Bjørn Tore Sørensen

Meir kval, skumring og ei skikkeleg byge med vind og sludd. Vi hadde ikkje lyst, men skjønte at det var lurt å gje seg medan leiken var god. Breie glis og høge på livet alle saman. Rett heim for å kikke på bilde, film, og drodle vidare om opplevingane frå kvar våre vinklar. 

Kjempehelg og ekstra takk til Kristin som held ut med oss kvalturistar! 

lørdag 19. november 2016

Premiere-tur med fjellsportgruppa til Heimredalsblåtinden (622 moh)

19.11 PREMIERE! NY FJELLSPORTGRUPPE!
Eg har dingla mykje med folk frå Lofoten Turlag i år. Denne helga fekk eg være med på turleiarsamling og årsplanlegging. Flett nytt initiativ er opprettinga av fjellsportgruppe, og gjengen tok like godt den første turen med ein gong! Eg var ikkje heilt førebudd, men etter mottet "ein angrar aldri på ein tur" vart eg no med. Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag.

Med start på Eggum sette vi kursen mot Blåtinden (622 moh).

Målet i kvitt bakerst. Det såg heilt uoverkommeleg ut. Mjuk start på dagen innover anleggsvegen

Rett opp røyrgata betyr faktisk: Rett opp røyrgata

Nedre Heimredalsvatnet og morena på Eggum

Det som såg ut som ein vegg då vi starta viste seg å være ein dal og variert terreng. 


Øvre Heimredalsvatnet og nærare målet no. Fjellet såg framleis heilt uoverkommeleg ut. 

Siste demninga på øvste vatnet

Det vart bratt og det var kjekt med broddar. Eg var inne på tanken på å snu midt oppi her. Foto: Ylva Asker

Vi kom oss opp innanfor akseptable rammer. Vi såg på kvarandre og gliste; Brukbart. For meg var det ein personleg siger. 

Gjengen på toppen

Lekker utsikt, og mystiske spor.

Ylva har det meste i sekken - og kva passar vel betre enn flagg og feiring på toppen? Det var trass alt premiereturen!

Stine i flett nytt DNT-antrekk

AHA. Det er ei naturleg forklaring på det meste

Flott utsikt til alle kantar. Nemnde eg det? 

Teambilde for dagen. God stemning! Foto: Stine Sørvang

Flott utsikt, og nesten meir spektakulært då skyene seig innover. Foto: Stine Sørvang

Vi fekk fart på oss, og kom oss nedover. Eg grua meg litt, men det gjekk veldig greit å komme seg ned. Over all forventning faktisk. Bra team på tur! 

Tilbakeblikk på toppen. 
I bratta gjekk vi opp og ned ei linje rett under pila. Det ser heilt uframkommeleg ut, men var faktisk innafor. 

Dersom du er interessert i litt spenstige turar er det altså berre å følgje med på turprogrammet og fjellsportgruppa til Lofoten Turlag!

Eg har dessutan plukka opp eit par veldig gode triks til korleis ein kan drive effektiv og sosial turplanlegging som eg skal "selje dyrt" til ÅST neste år.