tirsdag 22. mars 2016

Soria Moria - 794 moh

22.03 Tirsdagen vart det ettermiddagstur. Eg insisterte på bakkar under 30 grader, og etter litt elle melle vart vi med Bjørn Tore på namnlaus topp 794 moh. Ikkje noko skrytetopp i seg sjølv, men del av Soria Moria- traversen. Start frå Kattfjordeidet.


Skiing at Kvaløya- to a nameless peak 794 masl. Great company, great snow, great view and magical light!
Vi starta med å krysse Kattfjordvatnet og følgje løypa mot Storsteinestindan.

Ved ca 370 moh kryssa vi Sjurdalen og held oss på ryggen til høgre opp mot 794 moh. Herifra var det ingen spor, berre jomfrueleg snø og kvite urørde flankar. Heilt greit når karane trakkar spor i laussnøen.
  
Lunsj i sola. Fliring og gode historier på lur. (Foto: Bjørn Tore)

Her har ingen vore før...
Over kanten dukka Store Blåmann og Hollendaren opp 
Siste stykket mot toppen var brattare, så her gjekk vi på føtene opp. (Foto: Bjørn Tore)

Toppen! Og for ei utsikt det var her oppe!!

Leirholstinden til venstre, Ersfjorden og Ersfjordtraversen. 


Tromsø by med Tromsdalstind og Hamperokken

Månen steig i det sola gjekk ned. Magisk lys. Kaldt, minus 10.

Starten på nedturen, som vi var rimeleg sikre på kunne bli ein opptur

Jihaaaaa! Det susa rundt anklane - kvalitetspudder!

 Breie glis og lekre svingar nedover.
Sjølv om eg hadde lagt stort press for slake bakkar, såg det ut som karane "stod han av".

Innebygd "lys" i skia!!

Ingen sure lår, berre store glis. Eg har aldri opplevd så fint føre eller så bra bakkar på nokon tur før. Akkurat passe bratt, det vil seie ikkje bratt, og perfekt pudder frå topp til botnen.

Troms er fantastisk!
Eg hadde ikkje noko lyst sørover til Lofoten att... men siste kvelden i turfylket for denne gong var eit faktum.

Magisk kveld - og for ein tur!

Utsikta frå Buren mot Soria Moria-traversen på søndag. 

Her er ein link til korleis dette området ser ut om sommaren, og her ligg det litt meir kart og turskildring og: http://kugo.no/2014/09/soria-moria-traversen/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar