tirsdag 17. mai 2016

17. mai feiring - Pinsepadling dag 4

17.05.16 Grå morgon, men god stemning i leiren. 17. mai og her skal det feirast! Flagg dukka opp frå skott og gøymer. Pannekaker, bacondadlar og gravlaks på frukostmenyen. I Lille Skarsvåg er det 17.mai-morgon med klasse. 

Nasjonaldagen i emning



17. maifrukost i tarpen.

Bunaden bytt ut med tørrdrakt, men flagg har vi! 

Hipp hipp...

HURRA!!!

Padling i formasjon og med sang over til Skarsvåg. 

Det var veldig fint å synge seg over fjorden. Vi toppa det heile med fleirstemt "Ja, vi elskar dette landet" dei siste metrane inne i hamna. Heilhjarta sang og ein bodskap som ikke vert mindre mellom berg og fiskeheng i Finnmark. Vi har det godt og må ta vare på fridommen. 

Vaflar på julehuset i Skarsvåg.

Vi togar vidare. Motivasjonen for meir turisme og meir 17.mai var på topp, sjølv om vi hadde lange køyreturar framom oss. 

Skarsvåg.

Vi toga over fjellet

Mot Nordkapphornet

Kirkeporten

Litt sprett er det att etter langhelga. 

Flott plass. Verd å gå ut her. 

Det var god akustikk i porten, så vi let oss rive med. HIPP HIPP HURRA! 
Det er for lite samrøystes hurrarop i kvardagen. Det gjer godt å rope litt i lag. 


Furet, værbitt....

Endomondo fra Kristin. 
4 km padling (og tre kilometer gåing)

Ein innhaldsrik dag og fin avslutning på pinsepadlinga 2016! 
Takk til heile gjengen for ein fantastisk tur! 
God planlegging, god gjennomføring og god stemning. 
Håpar det kan verte fleire turar i lag, og vi har framleis noko ugjort på Magerøya!

1 kommentar:

  1. Så koselig og annerledes 17.mai feiring dere har hatt. Ser helt topp ut!!

    SvarSlett