lørdag 25. juni 2016

Raftsundet over Fallvatnet til Myrland

25.06 Spennande overgangstur med Vesterålen Turlag. Over Raftsundet med båt, frå Fallet over fjellet og til Myrland. Fantastisk landskap, sti-laust store delar av vegen og utruleg variert. Skodda snaut oss for mykje utsikt, men det går ikkje an å vere sur av den grunn. Fleire på turen hadde røter i området, og hadde både sanne historier og skrøner på lur.

Det ser utilgjengeleg ut - på andre sida - og høyre på namnet: FALLET

Første etappe - båtskyss over Raftsundet

Raftvågen frå lia opp mot Fallvatnet

Bregneskogen var bratt og tett, men vi gav oss ikkje så lett!

Sørover Raftsundet

Små vatn og store vatn. Oppe på fjellet og snart i skodda

Trolsk landskap
 
Fallvatnet

Vidare herifrå såg det umogleg ut, med bratte flog rett ned i vatnet på alle kantar. Turleiaren hadde full kontroll og snirkla oss gjennom landskapet på trygg og brei sti heile vegen. Sleipt og glatt i skodda, og det var litt surt å vite at vi var omkransa av taggefjell uten å sjå eit einaste eit av dei. 




Over skaret på vel 500 høgdemeter var det kvitt i kvitt. Vi gjekk forbi tredjevatnet, og måtte heilt ned mot førstevatnet før verda fekk fargar att. 

Førstevatnet. 

Stordalen var heilt fantastisk! Den er verdt ein tur i seg sjølv, grøn og frodig, med elva som kastar seg vilt i høgda og etterkvart slynger seg rolegare og rolegare ut gjennom dalen. Vatna ligg som perler på rad og rekke med fine fossefall i mellom.   

7 kilometer i spennande landskap. 

Denne turen brukte vistnok karane frå Raftsundet å gå over til Myrland på fest. Vi brukte ein heil dag og var ikkje akkurat presentable til å gå på fest då vi kom fram til vegen...  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar