fredag 29. juli 2016

Ristinden (862 moh)

29.07.16 TILBAKEBLIKK
Per fann stadig turmål litt utanfor alfarveg. Det var ein flott dag - og vi sette kursen mot Ristind. Først over sugande myr, utan sti, deretter opp bratte bakkar dekt av gras og bregner før vi kom opp på ryggen mot toppen.

Ristinden - markert og fin topp som ein ser på veg sørover før Leknes. 

Seig start i svak oppoverbakke og myr. 

Effektive høgdemeter med bregner opp under armane

På ryggen! Mot Leknes og Skottinden

Liten travers i sida her som var ein smule utfordrande 
(Per har sidan den tid funne eit enklare vegval)

Sjarmøretappa til toppen

Det låg bok på toppen, men ikkje mange namn i ho per år. 

Flott utsikt, og verkeleg ein fin topp. 

Skolmen

Himmeltind

Vestvågøy! 

Haukland og mot Flakstadøy

Returen gjekk som ein leik!

Grønne sommarfjell har og ein sjarm. 

Takk for nok ein flott tur utan sti og merke!

Utakleiv og Veggen (489 moh)

29.07.16 Sommarferie! Ein god miks av folk frå sør og nord, fastbuande og turistar. Magisk plass. Midnattsol. Nokre dagar sett seg berre ekstra godt i minnet. 

Uttakleiv

Her har grunneigarane gjort gode tiltak for å tilrette for besøk og camping! Her er det godt å vere, sjølv om Lofoten flaumar over av turistar. Bompengar/campingavgift vert betalt med glede! 


Test av sommartelt/gapahuk. Veldig smart løysing for slike fine dagar! 

Strandliv under midnattsola. #kvalitetstid

Prima morgonutsikt

Lukkelege camperar

Nokre av oss tok turen til "Veggen" etter frukost. Ein av fleire fine fjellturar med utgangspunkt stranda.

Stranda på Uttakleiv mot Skolmen.

Sti, bratt opp i starten, og deretter fin rygg mot toppen. 

Oppe på ryggen

Over på andre sida mot Haukland og Holandsmelen

Flakstadøy og Nappstraumen


Takk for turen! 24 timars miniferie i nærområdet gjer godt! 



torsdag 28. juli 2016

Stamsundrekka

28.07 Therese og Anders er i nord, og skulle på kveldstur over Stamsundrekka. Her låg det an til ein vinn/vinn med hyggeleg selskap og tur i nytt område. Eg tok turen i lag med. Stamsundrekka omkransar bygda og ein går over Mannfallet (308 moh), Steinetind (509 moh), Ramntinden (498 moh), Skredkollen (485 moh) (eller Bollen lokalt). Nubban, Heia og Ørntuva låg visst og langs ruta.

Stamsundrekka sett frå Valberg

Heile Stamsundrekka bakerst

Stamsund sentrum - nordlandssommar på sitt beste!

Marsj på god sti opp lia. 

Mannfallet var første topp, med slåttemark frå gammalt av og flott utsikt. 

Hurtigruta til Stamsund

Ryggen vidare

Det var ein del opp og ned og bratte grasbakkar. Veldig bra utsikt heile vegen og til alle kantar!

To havørner leika seg og gav ekstranummer til ære for oss

Anders i barndomsriket. Mimring og historier om linjer og turar.

Solnedgang bak Himmeltinden

Stamsundbygda ved midnatt

Lekker vandring i seinsommarkvelden


Runden enda med synfaring ned alpinbakken. Eg kryssar fingrane for tidleg snøfall i år. Fine bakkar i Stamsund! Takk for turen! 

tirsdag 26. juli 2016

Svolværfjella; Fløya, Frosken, Djevelporten og Blåtinden

26.07 Ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Svolværfjella har mykje å by på, og kombinasjonen sol, sommar og vidaregåandegjengen ved Synne Lundes uteskule var fin. Gjestane ville på Djevelporten, sjå Svolværgeita og eg har lenge hatt ein draum om å gå heile ryggen.

Stille og varmt frå første skritt. Svolvær med Kongstindane og Småtindane bakerst

Sommarstemning i Svolvær

Det var fleire på tur oppover lia, og tendensar til kø. Den første kneika var bratt og støvete. 

Geita

Ser du Frosken?

Stien opp til Fløya går i ei li, og det er i grunn mykje same utsikta oppover. Det er difor ekstremt fint å komme opp på kanten å få fritt utsyn til Vestfjorden.

Litlmolla og Skrova. 

Ungdommane måtte bort på eggen for å sjå ned på geita, men der har eg vore høgderedd før. Eg vart derimot med på toppen av Fløya (590 moh), som krev to-tre klyvetak. 

Teambilde Fløya!

Frå toppen mot Svolvær, Kabelvåg og Vågakallen

Vi gjekk på god sti mot Djevelporten. Forrige gong var eg åleine og feiga ut. 

Runa durar på utan betenkningstid..

Marte tek Djevelporten på strak arm!

Eg let meg lure utpå eg og...

Vi gjekk vidare mot Frosken i første omgang, men med ei klar plan om å gå heile ryggen til Blåtinden

Panorama frå Frosken (Vi gjekk forbi like under toppen)
  
Tilbakeblikk Frosken og Fløya. Vi kom opp i høgre hjørnet, opp ura og langs ryggen mot venstre resten av turen

Det såg greit ut vidare, men stien forsvann. Litt ned og rundt vart det etterkvart.

Der det såg ut til å bli vanskeleg fann vi stien att. Det var lenger enn eg trudde bortover her, og småkronglete utan sti. 

Blåtinden (621 moh), teambilde!

Sommar i Lofoten!

Panorama frå rasten på Blåtinden. 

Herifrå gjekk det fin sti i bratt grassbakke ned mot Blåtindvatnet. 


Påfyll av vatn gjorde godt. Siste del var sjarmøretappe ned til Knutmarka på klopper og god sti. 

Idyll med bekk og vatn på rad og rekke nedover.

I Svolvær med utsikt til heile ryggen som vi gjekk denne dagen (frå høgre mot venstre, inkludert begge dei høgaste toppane).

Asfaltmarsj tilbake til bilen 

Grusomt å gå på asfalt gjennom Svolværgatene tilbake til bilen, og det var i alle fall lenger enn eg hadde trudd! 

Godt mot og god stemning! Kjekt med spreke sommargjestar som vart med på sightseeing i Svolværfjella.